Vårens PTU-møte vart halde på Skype grunna Koronasituasjonen. Saklista var likevel den same og «Runden rundt bordet» vart erstatta av «Skyperunde frå heimekontora».

I bolken om Temadata var vi innom både DOK, Nasjonal geodatastrategi og friluftsliv.

Hovudpunkt under Plandata var presentasjon av Piloteringsavtale med kommunane i samband med utvikling av løysing for e-byggesøknad og status geosynkronisering av plankart i Vestland.

Diskusjonstema i siste del av møtet var «Korleis arbeide med lokale temadata i fylket?» og «Regionsamarbeid/ Nettverksamarbeid».

Vi prøver å få til regionvise arbeidsmøte for kommunane og har starta planlegging for ein felles fagdag med fokus på lokale temadata våren 2021. Dette blir også eit godt høve til å sette fokus på tverrfagleg samarbeid i kommunane.

Du finn referatet nedert på utvalgssiden: