Kartverket Om Kartverket Historie Historie Allereie i 1773 starta den første offisielle kartlegginga av Noreg. Mykje av denne historia er dokumentert i Kartverkets samlingar. Slik kartla vi landet Kartverkets historie er historia om fagfelt i rivande utvikling, frå møysommeleg feltarbeid med teodolitt og notisbok, til moderne kartlegging med flyfoto, laserskanning og satellitteknologi. Ta ein titt på teodolitten Vi har ei unik samling av instrument og utstyr brukt til oppmåling og kartlegging gjennom fleire hundre år. Bli med på ein digital titt inn i norsk oppmålingshistorie (lenke til digitaltmuseum.no). Serie på serie med kart Kartserien kvadratmilkart består av 210 handteikna kartblad og blei produsert frå 1774 til 1808. Les om denne og alle dei andre kartseriane i Kartverkets arkiv. Last ned historiske kart Vil du ha eit gammalt kart på hytteveggen? Last ned kart-skattar frå Kartverkets historiske arkiv heilt gratis. Du kan velje blant over 17.000 gamle kart. Sjå korleis Noreg såg ut frå lufta før i tida På nettsida "Norge i bilder" finn du flyfoto attende til 1930-talet. Sjå korleis landet såg ut frå lufta før i tida. Søk på stad, klikk på biletet og vel årstal! Vil du kjøpe historiske flyfoto? Kartverkets sentralarkiv for flyfoto og satellittbilder inneheld originalar av samtlege flybilete tatt i Noreg frå 1935 og fram til i dag. Opplev historia i Norsk kartmuseum på Hønefoss Kartmuseet på Hønefoss er ope med omvising for publikum etter avtale. Omvising kan bestillast både på norsk og engelsk og er gratis innafor vanleg arbeidstid. Del Tips en venn om denne siden Til Fra Send e-post Lukk E-posten er sendt Historie
E-posten er sendt