Bilde fra lokalene til Norsk kartmuseum.
TILBAKE I TID: Hos Norsk kartmuseum i Kartverkets lokale på Ringerike finn du ei unik samling instrument og utstyr brukt til oppmåling og kartlegging gjennom fleire hundre år. Foto: Hanna Hauan
Siste oppdatering

Norsk kartmuseum

Norsk kartmuseum i Kartverkets lokale på Ringerike har ei unik samling instrument og utstyr brukt til oppmåling og kartlegging gjennom fleire hundre år. Museet vart opna av kong Harald i januar 1998 og kan i år feire 25-årsjubileum.

Forløparen til dagens Kartverket starta ei enkel kartlegging av landet i 1773. Men allereie etter eit par år fann dei ut at det var nødvendig med eit landsomfattende koordinatsystem som kunne ligge til grunn for kartlegginga. Frå 1779 fekk norske landmålarar instrument som gjorde dette mogleg. Det første instrumentet av dette slaget, kalla geografisk sirkel, finn du på museet. Gjennom meir enn 200 år nytta landmålarane triangulering som oppmålingsmetode, fram til satellitt-teknologien overtok på 1990-talet. For kartteiknarane var enkle målebord i bruk til tidleg på 1950-talet.

I heile sin eksistens har institusjonen, som i dag heiter Kartverket, vore flink til å ta vare på instrument og utstyr brukt under oppmåling og kartlegging. Difor kan Norsk kartmuseum i dag vise ei heilt eineståande samling av gjenstandar. Bortsett frå Tyskland kjenner vi ikkje til noko tilsvarande museum i heile Europa.

Norsk kartmuseum dekkjer 174 kvadratmeter og inneheld bortimot 300 historiske gjenstandar og 230 fotografi/ bilete/ figurar i tillegg til døme på gamle kart.

" width=
OPPDAGELSESREISE: Norsk kartmuseum dekkjer 174 kvadratmeter og inneheld bortimot 300 historiske gjenstandar og 230 fotografi/ bilete/ figurar i tillegg til døme på gamle kart. Foto: Hanna Hauan

Opningstider og omvising

Kartmuseet er ope med omvising for publikum etter avtale. Omvising kan bestillast både på norsk og engelsk og er gratis innafor vanleg arbeidstid. Om ønskeleg kan ein også få omvising utanom vanleg arbeidstid, men då mot ein avtalt sum.

For å bestille omvising, ring Kartverket på telefon 32 11 80 00 eller send e-post til post@kartverket.no.

Besøksadresse

Norsk kartmuseum held til i Kartverket sitt hovudkontor på Ringerike med besøksadresse Kartverksveien 21, Hønefoss.

Norsk kartmuseums venneforening

Norsk kartmuseum har si eiga venneforening, og medlemskap er ope for alle med interesse for faga innan kart og oppmåling. Norsk kartmuseums venneforening har som formålsparagraf å ta vare på dokument og gjenstandar som representerer historia og utviklinga til Kartverket, kartfaga og geodesien. Foreininga skal også bidra til informasjon om Kartverket og utviklinga innan kartrelaterte fagområde.

" width=
TILBAKE I TID: Sjå og lêr korleis karta vart laga før i tida. Foto: Hanna Hauan

Digitalt museum

Bilete av gjenstandane i kartmuseet og store delar av Kartverkets historiske fotosamling er også tilgjengeleg digitalt i den nasjonale nettportalen for museum, Digitalt museum.

Historia om Kartverket

Kartverket si historie og historia om oppmålinga og kartlegginga av Norge, er samla mellom to permar i historieverket «Med kart skal landet bygges». Boka er eit "must" for alle som er interesserte i kart og den tekniske utviklinga frå kartfagets spede start. Norsk Kartmuseums Venneforening står for salget av boka, og ho kan bestillast hjå foreininga. Opplaget av boka er snart seld ut.

Del
XPPT