Siste oppdatering

Slik kartla vi landet

Dei eldste karta der Noreg er med, blei teikna av utlendingar og viser gjerne fleire land. Først på byrjinga av 1600-talet blei det, særleg i Nederland, trykt kart som berre synte Noreg.
 

På slutten av 1600-talet og utover på 1700-talet tok enkelte privatpersonar initiativ til ei systematisk kartlegging av Noreg. Først med etableringa av Norges Grændsers Opmaaling i 1773 kom dette arbeidet inn i faste former.

Dei eldste landsdekkjande kartprosjekta

I eit brev til kongen i 1662 skreiv direktøren for navigasjonsskulen i København, Bagge Wandell, at han planla å lage sjøkart over Norskekysten. Desse planane blei det aldri noko av.

I 1688 tok Melchior Ramus (1646–1693), viselektor ved latinskulen i Trondheim, eit initiativ til å kartleggje heile landet. Etter fire års arbeid var han ferdig, men han døydde før han fekk trykt karta.

Frå Norges Grændsers Opmaaling til Kartverket

Teikning av kart starta ein med på 1600–1700-talet. Dei tidlegaste detaljkarta og teikningane i Noreg blei laga der det var størst behov for kart, i bergverka og militærvesenet.

Bergverka trong kart over områda der det var gruvedrift. I 1757 blei Bergseminaret oppretta på Kongsberg, der sølvverket hadde vore i drift sidan 1624. På Bergseminaret blei det undervist i bergvitskap, og der var kartteikning eitt av faga.

Militærvesenet trong kart og teikningar over festningsanlegg og strategisk viktige område. For militæretaten blei det alt i 1750 oppretta eit militærakademi i Christiania, kalla «Den frie mathematiske skole». Det var forløparen til dagens krigsskule. Her blei elevene mellom anna undervist i landmåling og teikning.

Det var dei urolege tidene og den militære interessa av å kjenne forholda langs svenskegrensa, som var bakgrunnen for at den tyske offiseren i det dansk-norske forsvaret, Wilhelm von Huth, fekk i oppdrag å stå for kartlegginga i Noreg. Han blir difor rekna som den første leiaren av Norges Grændsers Opmaaling, då denne blei danna i Christiania i 1773.

Seinare endra organisasjonen namn til Norges geografiske oppmåling. I 1986 blei etaten omorganisert og fekk namnet Statens kartverk, og frå 2012 har ein nytta kortforma Kartverket.

Wangensteens kart over Noreg frå 1761

I 1761 fekk Ove Andreas Wangensteen gitt ut eit kart over Noreg. Dette var det første kartet som viste heile landet og som var teikna av ein norsk kartograf. Mangelen på norske trykkeri med nødvendig kompetanse og utstyr var eit problem for å få trykt kart. Først i 1854 blei det installert ei kopartrykkpresse i Noreg.

Den danske kartografen Pontoppidans kart over Noreg.
NOREG: Den danske kartografen Pontoppidans kart over Noreg.​

Pontoppidans kart over Noreg

Christian Jochum Pontoppidan (1739–1807) var ein dansk kartograf som i Noreg er mest kjend for dei tidlegaste detaljerte og nøyaktige karta over Sør-Noreg i 1785 og Nord-Noreg i 1795. Pontoppidan var teiknelærar ved landkadettkompaniet i København og vann stor respekt som kartteiknar.

Karta hans blei i lang tid rekna som dei viktigaste og mest korrekte karta over Noreg. Dei blei brukte under Napoleonskrigane, av «fedrane på Eidsvold» i 1814, og av norske kunstnarar, frå Johannes Flintoe til I.C. Dahl og Thomas Fearnley, når dei skulle planleggje studieturane sine.

Verdensarven Struves meridianboge

Korleis kunne vi eigentleg slå fast den presise storleiken og forma på jordkloden?

Den første kjente målinga av ein meridianboge vart gjort i det gamle Egypt 240 år før tidsregninga vår. Det vart målt fleire meridianboger i Europa frå 1500-talet og utover.

Gjennom 39 år leia Friedrich Georg Wilhelm Struve målinga av den lengste meridianbogen i verda, i dag kjent som «Struves meridianboge». Arbeidet starta i det små i 1816 og utvikla seg undervegs til å bli eit stort vitskapleg prosjekt ved avsluttinga i 1855.

Resultatet vart den første nøyaktige målinga av ein stor del av ein meridian. Dermed fekk forskarane eit godt grunnlag for å rekne ut jordas form og storleik, samstundes som det var eit viktig steg i forskinga for å konstruere kart. I 2005 vart Struves meridianboge skreve inn på UNESCOs verdsarvliste som det første teknisk-vitskaplege kulturobjekt.

Trigonometriske punkt - trekantnett

Dei første topografiske karta i Noreg hadde flaggstonga på Kongsvinger festning som utgangspunkt, for festninga var den gongen eit svært viktig militært anlegg. Frå 1840-åra blei utgangspunktet flytt frå Kongsvinger til Christiania (Oslo) Observatorium. I dei siste 50 åra har observatoriet i Greenwich, London, vore utgangspunkt også for norske kart.

Før dei kunne gå i gang med sjølve kartarbeidet, måtte dei måle opp såkalla trigonometriske punkt i eit koordinatsystem ute i naturen. Punkta låg gjerne på høgder, åsar og fjell med god utsikt. Føremålet var å kunne måle vinklane frå eitt trigonometrisk punkt til alle dei andre trigonometriske punkta som var synlege derfrå. Slik bygde dei opp eit nett av trekantar, derav namnet trigonometrisk punkt. Punktet var vanlegvis markert med ein bolt i fjellet og kalla fastmerke. På eit stativ rett over fastmerket plasserte geodeten ein kikkert for vinkelavlesing.

Teodolitt

Denne kikkerten blei kalla teodolitt og var så var for varme at dersom sola skein, måtte han vernast mot solstråling med ein parasoll, elles ville resultatet bli dårlegare. Ved hjelp av vinkelmålingane kunne ein rekne ut posisjonen til dei målte trigonometriske punkta. Heile landet blei målt opp i trekantar med sider frå 2 km til 40 km.

Teodolitten på målebordet beskyttes av parasoll.
KIKKERT: Teodolitten på målebordet beskyttes av parasoll. Foto: Kartverket

Målebord

Når posisjonen for dei trigonometriske punkta var ferdig utrekna, kunne topografen ta med utstyret sitt og stille det opp på eit trigonometrisk punkt. Fram til rundt 1940 bestod dette utstyret hovudsakleg av eit målebord. Ved hjelp av kikkert og linjal teikna han det som skulle inn på  kartet. Så drog han til neste målepunkt og teikna inn alt han kunne sjå derfrå. Slik heldt han fram til heile kartet var ferdig teikna. Det kunne ta fem år frå oppmålinga starta, til kartet var klart.

Topografene tar en hvil i arbeidet under kartlegging av Folgefonna.
ISBRE: Topografene tar ein kvil i arbeidet under kartlegging av Folgefonna.
Topografer på vei til toppen av Dyrhaugstinden i 1923.
TOPPTUR: Topografer på vei til toppen av Dyrhaugstinden i 1923.

Fotografi og flybilete

Utover på 1900-talet blei målebordet erstatta av fotoapparat, slik at bilete blei tatt om sommaren og kartteiknaren kunne sitje inne og teikne kartet om vinteren. Etter 1945 blei karta konstruerte ut frå flyfotografi. Då blei det heilt slutt med målebord.

Kartreproduksjon

Fram til tidleg på 1800-talet blei kart mangfaldiggjort ved at ein teikna av nye kart for hand frå gamle originalkart. Kartreproduksjon blei utført i Oppmålinga sidan 1830-åra, rett nok i dei første åra som private entreprisar, men med eiga trykkpresse, og i lokala til etaten.

Omkring 1860 er eigen fullverdig reproduksjonsanstalt ein realitet med både koparstikkeri, litografi, fotoreproduksjon og galvanoplastikk på plass. Og heilt fram til 1950-åra er kopar og litografi grunnlaget for all kartreproduksjon, i det hovudkartseriane både for land og sjø blir reprodusert på kopar, men då ved å ta i bruk reproteikning med tilhøyrande heliogravyre frå ca. 1880. Det meste av opplagstrykkinga skjer derimot som litografi - med overgang frå litografisk stein til aluminium - såkalla algrafi - ved hundreårsskiftet.

Utslitne trykkpresser og anna utstyr etter siste krig set fart i ei fullstendig omlegging til nye reproduksjonsmetodar. Sett bort frå sjøkarta som heilt fram til Sjøkartverket flytte, blir trykte i flattrykk på den gamle hurtigpressa frå 1903, blir det full overgang frå litografi til offset i 1949.

Året etter er sjiktgravyre i bruk, først på glas, men etter 1956 då plastfolien synest tilstrekkeleg herda for føremålet, er denne einerådande. Same materiale erstattar etter kvart også glasnegativet ved reprofotografering. Omkring 1950 tar ein også i bruk eit improvisert og sjølvprodusert system for fotosats, tolv år før ein kommersiell fotosetjar kjem i hus.

Dei første nølande stega mot automasjon i kartreproduksjonen tar ein i 1978, og fire år seinare er ein på full fart inn i datareproduksjonen. I 1988 er reproduksjonssystemet Scitex i funksjon, året etter er det også på plass ei firefarge presisjonsoffsetpresse, og dermed ligg vegen open for at firefargesystemet også kan brukast i kartreproduksjonen.

Del
XPPT