Fylkesgeodataplan for Møre og Romsdal
Fylkesgeodataplan for Møre og Romsdal for perioden 2025-2028 vart vedteken i geodatautvalet 31. oktober 2024.
Kartverket Møre og Romsdal er sekretariat for fylkesgeodatautvalet i fylket. Det utarbeider utkast til nye geodataplanar. Utkastet er basert på mottekne innspel om kartleggingsbehov, ønska prioriteringar frå partane i fylket og føringar gitt frå myndigheitene.
Det er fylkesgeodatautvalet for Møre og Romsdal som vedtar geodataplanen og hovudsatsingsområda i planperioden.
Fokusområde og satsingar i planperioden
Fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal vil ha følgjande fokusområde og satsingar lokalt i planperioden:
- Ajourføre FKB-data i område med FKB C/D-standard i heile fylket gjennom Geovekst-prosjekt som nyttar bilete frå omløpsfotograferinga
- Gjere fleire historiske ortofoto tilgjengelege
- Auke samarbeid mellom partane innan samferdselsdata.
- Tilrettelegging for flaumanalysar: Vidareføre arbeidet med kvalitetsheving av FKB-Vann mha. dreneringslinjer. Arbeide for kartlegging av stikkrenner og kritiske punkt i bekk og vassdrag.
Geodataplanens oppbygging
Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Arbeid som dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje er omfatta av samarbeidet, er ikkje ein del av denne geodataplanen.
Planen består av to delar:
- Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dette dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Her er det ei kort innføring i korleis Noreg digitalt-samarbeidet er organisert og kva som er dei viktigaste rammevilkåra for samarbeidet lokalt. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
- Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.
I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt.
- Fellesdokument til geodataplan 2025-2028.pdf
- Fylkesgeodataplan for Møre og Romsdal 2025-2028.pdf
- Handlingsplan for Møre og Romsdal 2025-2028.xlsx
E-posten er sendt