Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Fylkesgeodataplan for Møre og Romsdal

Fylkesgeodataplan for Møre og Romsdal for perioden 2025-2028 vart vedteken i geodatautvalet 31. oktober 2024.

Kartverket Møre og Romsdal er sekretariat for fylkesgeodatautvalet i fylket. Det utarbeider utkast til nye geodataplanar. Utkastet er basert på mottekne innspel om kartleggingsbehov, ønska prioriteringar frå partane i fylket og føringar gitt frå myndigheitene.

Det er fylkesgeodatautvalet for Møre og Romsdal som vedtar geodataplanen og hovudsatsingsområda i planperioden.

Fokusområde og satsingar i planperioden

Fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal vil ha følgjande fokusområde og satsingar lokalt i planperioden:

  • Ajourføre FKB-data i område med FKB C/D-standard i heile fylket gjennom Geovekst-prosjekt som nyttar bilete frå omløpsfotograferinga
  • Gjere fleire historiske ortofoto tilgjengelege
  • Auke samarbeid mellom partane innan samferdselsdata.
  • Tilrettelegging for flaumanalysar: Vidareføre arbeidet med kvalitetsheving av FKB-Vann mha. dreneringslinjer. Arbeide for kartlegging av stikkrenner og kritiske punkt i bekk og vassdrag.

Geodataplanens oppbygging

Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Arbeid som dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje er omfatta av samarbeidet, er ikkje ein del av denne geodataplanen.

Planen består av to delar:

  1. Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dette dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Her er det ei kort innføring i korleis Noreg digitalt-samarbeidet er organisert og kva som er dei viktigaste rammevilkåra for samarbeidet lokalt. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
  2. Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.

I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt.

Kontakt

Share
XPPT