Siste oppdatering

Her er minnemynten til Kartverket

​I samband med at Kartverket feirar 250 år i 2023, skal Norges Bank gi ut ein 20-kroning med spesialpreg. No er kunstnar på mynten avgjort, og valet vart Torgeir Husevaags motiv «Triangeltekst».

Pregekomiteen i Norges Bank skriv i avgjerda si om korfor at dei valde Kartverket som jubileumsmynt:

«Etableringa av Kartverket var ei betydeleg nasjonal hending i ei tid da Noreg enno ikkje var ein sjølvstendig stat. Karta bidrog til å definere nasjonen, dei understøtta forsvaret av territoriet og etableringa av samfunnskritisk infrastruktur, og dei bidrog til at landet, kysten og havet vart tatt i bruk på nye og sikrare måtar.»

Kunstner Torgeir Husevaag med skisse av «Triangeltekst» som blir Kartverkets minnemynt i 250-årsbubileet. Foto Nils Stian Aasheim/ Norges Bank
MANNEN BAK MINNEMYNTEN: Kunstnar Torgeir Husevaag med motivet «Triangeltekst» som blir Kartverkets minnemynt i 250-årsbubileet. Foto: Nils Stian Aasheim/ Norges Bank

Norges Bank bad fem kunstnarar sende inn forslag til jubileumsmotivet på baksida av mynten. Vinnar av konkurransen vart Torgeir Husevaag med motivet «Triangeltekst».

Viser til fortida og notida

Vinnarutkastet er ei kartografisk tolking av Norge og Svalbard med 72 + 11 rektangel. Noregsfiguren deler myntflata i to. Halvparten til venstre viser lengde- og breddegradar samt Svalbard i eit bogefelt. Juryen skriv i vurderinga si:

«Den stiliserte framstillinga av Noreg ledar tanken mot kartblad, som Kartverket har laga heilt sidan det vart oppretta. Motivet kan også tolkast som eit bilde danna av pikslar, eit uttrykk for dei digitale arbeidsformene som dominerer verksemda til Kartverket i dag.»

- Gler oss over anerkjenninga

Markeds- og kommunikasjonsdirektør Mona Strøm Arnøy seier Kartverket er veldig stolte av at Norges Bank har landa på å gi ut ein minnemynt til 250-årsjubileet for Kartverket.

- Ein minnemynt er ei sjeldenhet som ikkje blir gitt ut kvart år. Det er ei anerkjenning av den lange historia vår og betydninga som arbeidet vårt har hatt og vil ha framover. Eg tykkjer utforminga vart veldig fin, seier Strøm Arnøy.

Tidspunkt for når mynten blir gitt ut, skal fastsettast seinere. Truleg blir det ein gong etter sommaren 2023.

Del
XPPT