Kartet før og no
Bli med på ei reise i kartografiens historie og sjå korleis kartet såg ut før – og no.
Kartografi er kunsten og vitskapen å lage kart som kommuniserer ein bodskap på ein godt leseleg måte. Dette er løyst på ulikt vis opp gjennom åra. Her er eit utval kartutsnitt frå jotunheimområdet som viser korleis kartografien har utvikla seg frå 1840-åra og fram til 2000-talet.
Rektangelmåling 1841-1842
Utsnitt frå rektangelmåling frå den første kartlegginga av Jotunheimen. Kartmålaren, løytnant general Harald Nicolai Storm Wergeland, var fetter og fosterbror til Henrik Wergeland. Han tenestegjorde ved Norges geografiske oppmåling (NGO) i perioden 1840–1845.
Jotunheimen 1849
Det trykte amtskartet over Kristians amt (Oppland) i målestokk 1 : 200 000 var laga i koparstikk. Amtskartet var eit resultat av mellom anna målingane til Harald N. Wergeland.
Jotunfjeldene med Omgivelser, 1879
I 1879 fekk Den Norske Turistforening gitt ut dette kartet basert på dei nyaste målingane frå NGO. Teikninga blei utført av rittmeister Hans Knagenhjelm Gill, som var fast krokør og designatør (kartteiknar) i NGO.
I diktet «Fjellstaven min» utgitt i 1862 bruker Aasmund Olavsson Vinje første gong namnet Jotunheimen, men først utover i 1880-åra blei dette namnet vanleg.
Målestokk 1 : 150 000. Utgitt i Kristiania 1879
Rektangelkart Bygdin 1880
Store delar av sentrale Jotunheimen blei kartlagd for andre gong i 1870-åra og i 1887. Kartet blei utgitt av Norges geografiske oppmåling i 1891.
Heliogravyre etter teikning av kaptein Solem. Fjelltonen er litografert av Johan Nordhagen, som arbeidde i Oppmålinga i 1878–98.
Siste opplag av kartet blei trykt i 1937. Målestokk 1 : 100 000
Jotunheimen 1910 (1917)
Med bidrag frå Den Norske Turistforening utarbeidde Finn Kross, som var kaptein og topograf i Oppmålinga, eit relieff i målestokk 1 : 250 000, litografert og trykt av Kümmerly & Frey i Bern, Sveits. Ved hjelp av skyggelegging fekk kartet ein tredimensjonal verknad. Det var godt leseleg og blei svært populært. Første utgåve kom i 1910, den siste i 1942. Forlagt av H. Aschehoug & Co. i Kristiania.
Aust-Jotunheimen 1933
Aust-Jotunheimen i målestokk 1 : 50 000, ekvidistanse 30 meter. Kartet er ein direkte reproduksjon av originalkartet som blei oppmålt i 1931–1932 og utgitt av Norges geografiske oppmåling i 1933. Ekvidistansen er 30 meter.
Gjende 1938
Gradteigskart Gjende i målestokk 1 : 100 000. Oppmålt 1871–1934. Utgitt av Norges geografiske oppmåling i 1938. Ekvidistansen er 30 meter.
Gjende 1981
Gjende, 1617-IV, frå hovudkartserien Norge 1 : 50 000, utgitt av Norges geografiske oppmåling i 1981. Ekvidistansen er 20 meter.
Gjende 2007
Ny utgåve av Gjende, 1617-4, frå hovudkartserien Norge 1 : 50 000, utgitt av Statens kartverk i 2007. Ekvidistansen er 20 meter.
E-posten er sendt