Siste oppdatering

Region- og årsmøte Vestland 2026

Tradisjonen tro planlegg vi òg i år for seks årsmøte. Møta vert haldne i perioden 11. mars - 6. mai. Sjå når din region har møte, og meld deg på.

Det er nok mest praktisk at kvar kommune melder seg på til møtet i sin region. Dette då presentasjonane først og fremst vil ta føre seg den aktuelle regionen vi har møtet i. Men det er også høve til å melde seg til eit anna møte dersom det passar best. Skriv gjerne i påmeldinga om de har allergiar, eller anna viktig informasjon.

Vi vil i utgangspunktet berre arrangere fysiske møte. Vi håpar at dei mange møta på ulike plassar gjer at dei fleste kan finne ein dag som passar.

Tidspunkt og stad for møta vert som følgjer:

  • Møte 1, hovudsakleg for kommunane i Midthordland: Onsdag 11. mars 2026, kl. 10-14, på Scandic Hotel Ørnen i Bergen. Påmeldingsfrist 5. mars. Meld deg på her.
  • Møte 2, hovudsakleg for kommunane i Nordhordland: Onsdag 25. mars 2026, kl. 10-14, på Alver Hotel. Påmeldingsfrist 19. mars. Meld deg på her.
  • Møte 3, hovudsakleg for kommunane i Hardanger / Voss: Torsdag 26. mars 2026, kl. 10-14, på Hardangerfjord hotell i Øystese. Påmeldingsfrist 20. mars. Meld deg på her.
  • Møte 4, hovudsakleg for kommunane i Sunnhordland: Onsdag 8. april 2026, kl. kl. 10-14 på Stord hotell på Leirvik. Påmeldingsfrist 27. mars. Meld deg på her.
  • Møte 5, hovudsakleg for kommunane i Nordfjord: Tysdag 5. mai 2026, kl. 10-14, på Gloppen Hotell i Sandane. Påmeldingsfrist 28. april. Meld deg på her.
  • Møte 6, hovudsakleg for kommunane i Sunnfjord og Sogn: Onsdag 6. mai 2026, kl. 11-15, på Grand Hotel Jølster (tidlegare Thon Hotel Jølster), Skei (merk tidspunkt). Påmeldingsfrist 29. april. Meld deg på her.

Programmet vil som vanleg bli litt generell info, geovekst og FDV frå fylkeskartsjef Anne Lien, matrikkel frå Beate Gunn Hernar, plan/ tema frå Aase Midtgaard Skrede, og FKB frå Kristian Aune. Det vert óg tid til dialog og spørsmål.

Vi gler oss til å sjå dykk, og ønsker velkomen med di påmelding.

Del
XPPT