Siste oppdatering

Kartlegging i Vestland 2026

Det er starta opp fire Geovekst-prosjekt i 2026, med flyfotografering, laserskanning og produksjon av nye kartdata som inngår i det offentlege kartgrunnlaget.

Oversikt

Det er òg starta opp eit samarbeidsprosjekt med Bergen kommune, to ortofotoprosjekt frå 2025 har utsett fotografering til 2026, og det er planlagt å starte opp eit FKB-C kartleggingsprosjekt.

Sunnhordland Austevoll 2026

Flyfotografering i Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Tysnes og Austevoll kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.

Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

Sunnhordland Austevoll 2026 16-9.png
KARTLEGGING 2026: Prosjektområdet for «Sunnhordland Austevoll 2026». Ill: Kartverket Vestland.

Sunnhordland Austevoll laser 2026

Laserskanning i Sveio, Stord, Fitjar, Tysnes og Austevoll kommune. Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag i Geovekst-prosjekta i desse kommunane, til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.

Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

Sunnhordland Austevoll laser 2026 16-9.png
LASERSKANNING 2026: Prosjektområdet for «Sunnhordland Austevoll laser 2026». Ill: Kartverket Vestland.

Stryn 2026

Flyfotografering i Stryn kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.

Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

Stryn 2026 16-9.png
KARTLEGGING 2026: Prosjektområdet for «Stryn 2026». Kartleggingsområdet er vist med blå farge, og blå + gul farge viser dekningsområdet for ortofoto. Ill: Kartverket Vestland.

Luster Førde 2026

Flyfotografering i Luster og Førde kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto. Laserskanning i Luster kommune vert brukt som høgdegrunnlag i Geovekst-prosjektet, til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.

Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

Luster Førde 2026 16-9.png
Luster Førde 2026_nedste kart.png
KARTLEGGING OG LASERSKANNING 2026: Prosjektområdet for «Luster Førde 2026». Det øvste kartet viser kartleggingsområdet i Luster i blått og området for laserskanning i raudt. Det nedste kartet viser kartleggingsområdet i Førde. Ill: Kartverket Vestland.

Bergen vest 2026

Samarbeidsprosjekt med Grunnkart Bergen. Flyfotografering og laserskanning i Bergen kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto. Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag i prosjektet, til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.

Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

Bergen Vest 2026 16-9.png
KARTLEGGING OG LASERSKANNING 2026: Prosjektområdet for «Bergen vest 2026». Blå farge viser kartleggingsområde og raudt omriss viser område for laserskanning. Ill: Kartverket Vestland.

Øygarden Askøy ortofoto 2026 (utsett frå 2025)

Flyfotografering i Øygarden og Askøy kommune. Flybileta vert brukt til etablering av ortofoto. Datafangst vart ikkje gjennomført innan frist for datafangst i 2025. Datafangst utsett til 2026.

Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

Øygarden Askøy ortofoto 2026 16-9.png
ORTOFOTO 2026: Prosjektområdet for «Øygarden Askøy ortofoto 2026». Ill: Kartverket Vestland.

Bergen ortofoto 2026 (utsett frå 2025)

Flyfotografering i Bergen kommune. Samarbeidsprosjekt med Grunnkart Bergen. Flybileta vert brukt til etablering av ortofoto. Datafangst vart ikkje gjennomført innan frist for datafangst i 2025. Datafangst utsett til 2026.

Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

Bergen ortofoto 2026 16-9.png
ORTOFOTO 2026: Prosjektområdet for «Bergen ortofoto 2026». Ill: Kartverket Vestland.

AR5, FKB-C og omløp Vestland 2026

«Samleprosjekt» for AR5, FKB-C og omløpsfoto. Planlagt oppstart av nykonstruksjon FKB-C frå omløpsfoto i Bremanger, Gloppen, Høyanger, Kinn, Lærdal, Modalen, Sogndal, Stad, Stryn, Sunnfjord og Vik. Prosjektet tek også hand om dei lokale Geovekst- partane sin kostnad for omløpsfoto, samt AR5 kostnad som ikkje ligg inne i dei vanlege Geosvekst- prosjekta.

Klikk for å sjå heile kartutsnittet.

AR5 FKB-C og omløp Vestland 2026 16-9.png
KARTLEGGING 2026: Prosjektområdet for nykonstruksjon FKB-C. Ill: Kartverket Vestland.

Om Geovekst-samarbeidet

Det er dei lokale partane i Geovekst-samarbeidet som står bak prosjekta. Nyproduserte data inngår i det offentlege kartgrunnlaget og vert tilgjengeleg mellom anna via:

I tillegg til lokale Geovekst-prosjekt vert det også gjennomført datafangst i Vestland fylke i regi av Kartverket ved:

  • Sjødivisjonen til Kartverket: Dei måler behovsbasert langs kysten med multistråle ekkolodd. Sjå oversikt over djupnedata på hoydedata.no
  • Nasjonalt program for omløpsfotografering har dei siste åra fotografert områda «Sogn 2023», «Sogn 2024», «Hardangervidda 2025», og planlegg å fotografere «Vestlandet 2026» i år. Omløpsfoto vert tilgjengeleg på norgeibilder.no
Del
XPPT