Kartlegging i Vestland 2026
Det er starta opp fire Geovekst-prosjekt i 2026, med flyfotografering, laserskanning og produksjon av nye kartdata som inngår i det offentlege kartgrunnlaget.
Oversikt
Her finn du ein tabell med status for alle pågåande kartleggingsprosjekt i Vestland.
Det er òg starta opp eit samarbeidsprosjekt med Bergen kommune, to ortofotoprosjekt frå 2025 har utsett fotografering til 2026, og det er planlagt å starte opp eit FKB-C kartleggingsprosjekt.
Sunnhordland Austevoll 2026
Flyfotografering i Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Tysnes og Austevoll kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.
Sunnhordland Austevoll laser 2026
Laserskanning i Sveio, Stord, Fitjar, Tysnes og Austevoll kommune. Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag i Geovekst-prosjekta i desse kommunane, til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.
Stryn 2026
Flyfotografering i Stryn kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.
Luster Førde 2026
Flyfotografering i Luster og Førde kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto. Laserskanning i Luster kommune vert brukt som høgdegrunnlag i Geovekst-prosjektet, til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.
Bergen vest 2026
Samarbeidsprosjekt med Grunnkart Bergen. Flyfotografering og laserskanning i Bergen kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto. Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag i prosjektet, til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.
Øygarden Askøy ortofoto 2026 (utsett frå 2025)
Flyfotografering i Øygarden og Askøy kommune. Flybileta vert brukt til etablering av ortofoto. Datafangst vart ikkje gjennomført innan frist for datafangst i 2025. Datafangst utsett til 2026.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.
Bergen ortofoto 2026 (utsett frå 2025)
Flyfotografering i Bergen kommune. Samarbeidsprosjekt med Grunnkart Bergen. Flybileta vert brukt til etablering av ortofoto. Datafangst vart ikkje gjennomført innan frist for datafangst i 2025. Datafangst utsett til 2026.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.
AR5, FKB-C og omløp Vestland 2026
«Samleprosjekt» for AR5, FKB-C og omløpsfoto. Planlagt oppstart av nykonstruksjon FKB-C frå omløpsfoto i Bremanger, Gloppen, Høyanger, Kinn, Lærdal, Modalen, Sogndal, Stad, Stryn, Sunnfjord og Vik. Prosjektet tek også hand om dei lokale Geovekst- partane sin kostnad for omløpsfoto, samt AR5 kostnad som ikkje ligg inne i dei vanlege Geosvekst- prosjekta.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.
Om Geovekst-samarbeidet
Det er dei lokale partane i Geovekst-samarbeidet som står bak prosjekta. Nyproduserte data inngår i det offentlege kartgrunnlaget og vert tilgjengeleg mellom anna via:
- norgeibilder.no (ortofoto, georefererte flyfoto)
- hoydedata.no (laserdata og matcha overflatemodellar)
- norgeskart.no (oppdaterte kart)
I tillegg til lokale Geovekst-prosjekt vert det også gjennomført datafangst i Vestland fylke i regi av Kartverket ved:
- Sjødivisjonen til Kartverket: Dei måler behovsbasert langs kysten med multistråle ekkolodd. Sjå oversikt over djupnedata på hoydedata.no
- Nasjonalt program for omløpsfotografering har dei siste åra fotografert områda «Sogn 2023», «Sogn 2024», «Hardangervidda 2025», og planlegg å fotografere «Vestlandet 2026» i år. Omløpsfoto vert tilgjengeleg på norgeibilder.no
The mail has been sent!