Fylkesgeodataplan for Vestland fylke
Fylkesgeodataplanen med tilhørande handlingsplan vart vedteken av fylkesgeodatautvalet i Vestland fylke 26. oktober 2020. Planen gjeld for fire år og vert revidert årleg.
Noreg digitalt i Vestland fylke
Vestland fylke har krevjande terreng og røft klima. Ekstremvér kjem stadig oftare, og halvparten av alle skred i Noreg går i fylket vårt. Saman med utfordrande infrastruktur med store avstandar, lang kystlinje og mange bruer og tunnelar, set dette store krav til gode geodata. Noreg digitalt-samarbeidet i Vestland fylke jobbar for å bygge ein geografisk infrastruktur som kan støtte arealforvaltning og beredskap i regionen.
Satsingsområde
Fylkesgeodatautvalet i Vestland fylke vil ha følgjande satsingsområde i planperioden:
- Vidareføre arbeidet med Nasjonal Detaljert Høgdemodell (NDH), til prosjektet er ferdig i 2022. Målet med prosjektet er å lage ein ny, svært detaljert høgdemodell av Noreg. Oppdaterte høgdedata er særs viktige i arbeidet med klimatilpassing, beredskap og planarbeid. NDH-data kan mellom anna brukast til å berekne flaumsoner og skredfare samt andre temadata, og til å forbetre FKB-data. Etter kvart som dei er klare blir dataa lagt ut på www.hoydedata.no
- Auka fokus på vatn i planperioden, som temadatasett avrenningslinjer og kvalitetsbetring av FKB-vann
- Syte for oppdaterte kart- og registerdata, som kan gje betre grunnlag for vurdering og planlegging av tiltak i ein naudsituasjon
- Fortsetje etablering og forbetring av basisdata ut frå partane sine behov ved samfinansiering av felles datagrunnlag
- Avtalefesta, forpliktande vedlikehald og periodisk ajourføring av datagrunnlaget skal gjennomførast
Geodataplanens oppbygging
Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Arbeid som dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje er omfatta av samarbeidet, er ikkje ein del av denne geodataplanen.
Planen har av to delar:
- Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dette dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Her er det ei kort innføring i korleis Noreg digitalt-samarbeidet er organisert og kva som er dei viktigaste rammevilkåra for samarbeidet lokalt. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
- Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.
I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan (xlsx) som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt.
- Fellesdokument til geodataplan 2021-2024.pdf
- Fylkesgeodataplan for Vestland fylke 2021-2024.pdf
- Handlingsplan til fylkesgeodataplanen for Vestland 2021-2024.xlsx
Relaterte dokument
Kartleggingsplan for Geovekst i Vestland fylke per 2.11.20.pdf
E-posten er sendt