Siste oppdatering

Fylkesgeodataplan for Rogaland

Fylkesgeodataplanen 2025-2028 med tilhørande handlingsplan vart vedteken av fylkesgeodatautvalet i Rogaland 1. november 2024. Planen gjeld for fire år og vert revidert årleg.

Kartverket Rogaland er sekretariat for fylkesgeodatautvalet i Rogaland, og utarbeider utkast til nye geodataplanar. Utkastet er basert på mottekne innspel om kartleggingsbehov, ønska prioriteringar frå partane i fylket og føringar gitt frå myndigheitene.

Det er fylkesgeodatautvalet for Rogaland som vedtek geodataplanen og hovudsatsingsområda i planperioden.

Hovudsatsingsområda i planperioden

Fylkesgeodatautvalet i Rogaland vil ha følgande fokusområde og satsingar i planperioden:

  • Få alle relevante detalj- og reguleringsplanar og kommunedelplanar over på digitalt vektorformat
  • Gjennomføre regionsvise møte med dei samarbeidande kommunane, og få tettare samarbeid på tvers innafor fagmiljø i fylket
  • Auke kompetansen og få inn rutine for å årleg velje DOK-datasett
  • Styrke og vidareutvikle Temakart Rogaland
  • Sikre at aktørar har tilgang og kjennskap til egnande kartdata og fagmiljø ved beredskap og kriser
  • Auke kunnskap om Marine grunnkart, detaljerte dybdedata og nytta av desse
  • Kommunar med sentrale havner bør registrere sine havner inn i Havnedata
  • Følge opp arbeidet i faggrupper og brukarfora
  • Auke kjennskap og bruk av feillister og rapporter i forbindelse med vedlikehold
  • Sikre samordning mot aktiviteter i nasjonal geodatastrategi
    • Halde fagmiljøa i fylket orientert om aktivitetar i geodatastrategien
    • Være ein aktiv bidragsytar til og kome med innspel til nasjonale satsingar
  • Sørgja for oppdaterte geodata gjennom gode rutinar for periodisk og kontinuerleg ajourhold
  • Forbetre kvaliteten på vassvegar og tur- og friluftsruter basert på aktuelle tilgjengelege kjelder
  • Forbetre kvaliteten i matrikkelen i samsvar med strategi for auka datakvalitet

Korleis fylkesgeodataplanen er bygd opp

Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Den gjeld ikkje for arbeid dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje er omfatta av samarbeidet.

Planen har av to delar:

  • Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Det gir ei kort innføring i korleis Noreg digitalt-samarbeidet er organisert lokalt, og dei viktigaste rammevilkåra. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
  • Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.

I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt.

Del
XPPT