Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Fylkesgeodataplan for Rogaland

Koordinering mellom Kartverket, kommunar, fylke og andre store offentlege og private brukarar av geodata sikrar at Noreg digitalt-samarbeidet fungerer. Her er fylkesgeodataplanen sentral. Den gir føringar for arbeid og utvikling innan fagområdet i fylket for dei neste 4 åra.

Verdien av samarbeid

Flommen Hans på Ringerike, med vanndekte åkrer og flomutsatte hus
Ekstremvêret Hans viste verdien av oppdaterte kartdata. Foto: Snorre Selmer/ Kartverket

Noreg digitalt er eit unikt, norsk samarbeid om felles innsamling, forvaltning og bruk av geodata. Når alle bidreg, er me betre rusta med gode kartdata. Det er nyttig i alt frå beredskap og evakuering via vegbygging og eigedomsutvikling til at søppelbilar og bodbilar finn fram.

Men Kartverkets statusrapport for kartdata viser at alt ikkje er roseraudt: Mange av Kartverkets system blir ramma av innsparingar, noko som gjer våre felles kartdata mindre oppdatert og anvendelege for brukarane. Viss matrikkelen ikkje er oppdatert, kan lokale styresmakter vedta planar som er ulovlege. Viss Nasjonalt register over luftfartshinder (NRL) ikkje har oppdatert informasjon, kan utfallet bli tragisk for redningshelikopter og beredskap.

Særleg viktig er dette i Søraust-Noreg, der kvikkleire, ekstremvêr og flaum vil setja våre kartdata på prøve i framtida. Her har Fylkesgeodataplanen ein viktig plass i det nasjonale biletet. Alt startar med små data som skaper store resultat.

Noreg digitalt og Kartverkets innsats gir store innsparingar for det offentlege og private næringslivet. Me vil ha orden i sakene – og me har ein plan. Me må berre ha hjelp med rammene og innsatsen lokalt.

Gjeldande plan vart vedteken av fylkesgeodatautvalet for Rogaland 1. desember og regulerer Noreg digitalt-samarbeidet i fylket.

Planen består av to delar, og eventuelle vedlegg:

Fylkesgeodataplanen er eit strategisk dokument som beskriv aktivitetane det skal samarbeidast om i regionen dei neste fire åra.

I tillegg utarbeider fylkesgeodatautvalet ein handlingsplan. Dei viser alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt (Excel-format).

Handlingsplanen kan du få ved å venda deg til Kartverket Rogaland (sjå kontaktinformasjon nedst).

Planar som skal gjennomførast

Geodata skal bidra til godt kunnskapsgrunnlag for effektive avgjerdsprosessar. Geodataa skal vera lett tilgjengelege og brukarvennlege, i tillegg til godt dokumenterte, oppdaterte og med kjend nøyaktigheit og detaljeringsnivå.

En ung person med måleutstyr på stativ. Foto: Kartverket

Staten har ansvar for å samordna og koordinera arbeidet på nasjonalt nivå. Regionale og lokale aktørar må på si side ha arbeidsprosessar, rette verktøy, nok ressursar og kunnskap for å forvalta og bruka geografiske data i planlegging, tenester og beredskap.

Fire mål

Dette blir samanfatta i fire mål:

  • Geodata skal vera lett tilgjengelege og brukarvennlege
  • Geodata skal vera oppdaterte med dokumentert nøyaktigheit og detaljeringsnivå
  • Avklarte roller for samhandling og datadeling mellom forvaltningsnivåa
  • Berekraftig geodataforvaltning gjennom nasjonale fellesløysingar

Eit viktig arbeid i planperioden er å beskriva korleis partane skal nå måla.

Organisering av arbeidet

Noreg digitalt-samarbeidet i regionen er organisert med eit fylkesgeodatautval (FGU), basisgeodatautvalg (BU) og eit plan- og temadatautval (PTU). Underutvala kan oppretta arbeidsgrupper og forum etter behov.

Informasjon om utvala finn du under i faktaboksen om Noreg digitalt i Rogaland.

Share
XPPT