Siste oppdatering

Status for kartleggingsprosjekta i Rogaland

For 2022 har vi samla kartlegginga i eit prosjekt: Jæren og Dalane.

Kartleggingsprosjekt i 2022

Jæren og Dalane

Geovekstprosjektet omfattar område i kommunane Sola, Sandnes, Bjerkreim, Eigersund og Sokndal. Mindre deler av Gjesdal og Lund kommuner er òg med. Flyfotografering, produksjon av ortofoto og ajourføring av FKB-data inngår i prosjektet.

Oppdaterte kartdata vil bli tilgjengelege på vårparten i 2023.

Klikk på kartutsnittet under for å få opp hele bildet.

Kartutsnitt med prosjektområder for 2022
KARTLEGGING I 2022: Fargen på skravuren syner kva for FKB-standard det blir kartlagd etter. Rød skravur = FKB-A, grønn = FKB-B, og lilla = FKB-C. Ill: Kartverket.

Kartleggingsprosjekt i 2021

Haugalandet

Geovekstprosjektet omfatta område i kommunane Bokn, Karmøy, Haugesund, Utsira, Tysvær og Vindafjord. Flyfotografering, produksjon av ortofoto og ajourføring av FKB-data inngjekk i prosjektet.

Du kan sjå ortofoto over Haugalandet i kartløysinga norgeibilder.no. Oppdaterte kartdata er lagra i SFKB.

Klikk på kartutsnittet under for å få opp heile bildet.

Kartutsnitt over Haugalandet
HAUGALANDET: Områda som vart fotografert i 2021 er i rosa skravur. Ill: Kartverket.

Nord-Jæren

Geovekstprosjektet omfatta område i kommunane Sandnes, Kvitsøy og Randaberg. Flyfotografering, produksjon av ortofoto og ajourføring av FKB-data inngjekk i prosjektet.

Du kan sjå ortofoto i kartløysinga norgeibilder.no:

Oppdaterte kartdata er lagra i SFKB.

Klikk på kartutsnittet under for å få opp heile bildet.

Kartutsnitt over Nord-Jæren
NORD-JÆREN: Områda som vart fotografert i 2021 er i rosa skravur. Ill: Kartverket.
Del