Kystlandskap generert fra høydedata og djupnedata
TERRENGDATA. Høgdedata og djupnedata kan brukast til å lage terrengmodellar. Illustrasjon: Kartverket
Siste oppdatering

Høgdedata og djupnedata

Kartverkets høgde- og djupnedata, eller terrengdata, er gratis og tilgjengeleg både for nedlasting og gjennom API. Dei kan mellom anna nyttast til flaum- og rasanalyser, berekning av vegtrasear, masseberekning og arealplanlegging i 3D.

Finn data Her får du tak i terrengdata

Høydedata.no

Merk at det på høydedata.no også ligg nokre datasett og kartlag/WMS-tenester som berre er tilgjengelege for Noreg digitalt-partar (krev innlogging). Desse kan du bestille gjennom ein av forhandlarane til Kartverket.

Meir detaljerte djupnedata enn det som er tilgjengeleg på geonorge.no, må bestillast direkte via Kartverket. Kartverket søker Forsvaret om å få frigitt data på vegner av bestillar. Dataa i seg sjølv er gratis, men bestillar må betale timepris for arbeidet med å tilrettelegge data og søknad til Forsvaret om å få avgradert datasettet.

Bestill djupnedata

Alle høgdedataa er tilgjengelege på høydedata.no. Dei er samla inn gjennom prosjektet nasjonal detaljert høgdemodell. Høgdemodellen for heile landet har éin meters oppløysing. I tillegg til laserdata som er samla inn gjennom prosjektet, ligg det på høydedata.no data frå andre Noreg digitalt-partar. Vi har også lagt ut både djupnedata frå ferskvatn og elver og skanning frå bilar.

Djupnedata elles finn du på geonorge.no. På høydedata.no finn du oversiktskart som viser djupnedata som er samla inn med multistråle-ekkolodd frå Kartverkets djupnekartlegging frå rundt år 2000 og fram til i dag, samt data frå mellom anna Mareano-programmet.

Meir detaljerte djupnedata enn dei som er tilgjengeleg på geonorge.no, må søkast særskilt om å få tilgang til.

Informasjon om botnforhold grunnare enn 30 meter er ugradert – med nokre unntak. Djupnedata mellom territorialgrensa og strandlinja frå 30 meters djup, er gradert etter sikkerheitslova.

Bruksområde

Høgde- og djupnedata er eigna som grunnlag for detaljerte terrengmodellar og ulike former for terrengvisualisering.

Dei kan mellom anna nyttast til å berekne flaumsoner og skredfare, plassere vindmøller og havbruk, detaljplanlegge infrastruktur som veg, jarnbane, kaianlegg og sjømerke. Dei eignar seg også – blant mykje anna – til å kartlegge gjengroing av kulturlandskapet og avdekke skjulte kulturminne, som skipsvrak og gravhaugar.

Produkteigenskapar

Høgde- og djupnedata syner terreng og overflate svært detaljert. Datasetta er etablert som punktskyer basert på laserskanning frå fly, flyfoto (bildematching) eller sjømåling med multistråle-ekkolodd. Punktskyene har varierande tettleik (punkt/m2) tilpassa ulike føremål. Frå punktskyene er det generert terrengmodellar av terreng, med ei oppløysing på 1, 10 og 50 meter for land og 5, 25 og 50 meter for sjø.

Format

Terrengdata kan du laste ned på følgjande format:

  • Originale punktskyer: LAZ-format eller ZLAS.format
  • Terrengmodellar (DTM): Grid-format (Geotiff)
  • Overflatemodellar (DOM): Grid-format (Geotiff)
  • Djupnedata kan lastast ned i formata ENH (East North Height),  NED (North East Depth) og XYZ

Kartlaga er også tilgjengelege som API: WCS, WFS og WMS. Vi har også rest-tenester for maskinelt å laste ned data og gjere metadatasøk frå høydedata.no. Oversikt over alle API-a finn du på Geonorge (ekstern lenke).

Tips

Når du på høydedata.no har valt område / prosjekt, vil standard visning vere eit delvis gjennomsiktig skuggerelieff av terrenget, med topografisk gråtonekart i bakgrunnen. Du kan skru av og på ulike kartlag og kombinere desse. Det er i tillegg mogleg å endre bakgrunnskart og legge til vegar, stadnamn, høgdekurver og administrative grenser.

I høydedata.no er det verktøy for å teikne høgdeprofilar over terreng eller overflate. Det er også eit eige 3D-vindauge som du aktiverer ved å klikke på lenka «punktsky» bak kvart prosjektnamn.

Her er høydedata.no

(Dersom innhald ikkje blir vist, gjenoppfrisk side eller opne høydedata i nytt vindauge.)

Del
XPPT