Siste oppdatering

Vilkår for bruk av Kartverkets opne data

Alle som bruker Kartverkets opne datasett, digitale kart, API, tenester og historiske kart, pliktar å setje seg inn i vilkår for bruk.

Denne artikkelen omhandlar Kartverkets gratisprodukt. Det vil seie data, tenester og kart som er frigitt for gratis bruk til både kommersielle og ikkje-kommersielle føremål.

Lisens

Kartverkets gratisprodukt er lisensierte etter Creative Commons Navngivelse 4.0 international (CC BY 4.0).

Dette inneber at Kartverkets namn skal visast i alle samanhengar der produkta eller uttrekk av produkta blir brukt, det vere seg applikasjonar, webløysingar, trykte produkt, illustrasjonar eller anna, på følgjande måte: © Kartverket. Det skal også linkast til nettsidene våre der det er mogleg.

Nokre av produkta har opphavsrettsleg vern, nokre har databasevern, og nokre har gått ut på dato. Som det står i CC BY, omfattar denne berre det som er verna, og kravet til å oppgi kjelde gjeld difor så langt produktet er verna eller skal namngis av andre grunnar (god forretningsskikk).

For eit produkt som har databasevern, som til dømes Sentralt stedsnavnregister (SSR), må uttrekk av heile eller vesentlege delar merkast, men ikkje enkeltinformasjon. Der ein tar systematisk uttrekk av enkeltinformasjon, må ein oppgi kjelda til dømes med at ”alle stadnamn er henta frå SSR ©Kartverket”, med lenke til kartverket.no.

Ansvar

Kartverkets gratisprodukt blir distribuert slik dei er. Kartverket tar ikkje noko ansvar for bruk og vidarebruk.

Brukarane må vere merksame på at kart ikkje alltid stemmer med terrenget, og bruken må skje på aktsamt vis i høve til utstyr og bruksområde.

For øvrig dersom ikkje anna er sagt, gjeld dei reglane som følgjer av geodatalova med forskrifter og tilhøyrande retningsliner.

Skjermbilete av kart og flyfoto

Alle flybilete på norgeskart.no og norgeibilder.no er lisensierte produkt. Det er også dei mest detaljerte karta på norgeskart.no. Det er likevel fritt å bruke skjermbilete, eller skjermdump, av både flybilete og kart frå dei to nettsidene mot å kreditere kjelda: ©norgeskart.no eller ©norgeibilder.no.

API og tenester

Enkelte av Kartverkets API/tenester har tekniske avgrensingar. Desse er oppgitt for den enkelte tenesta.

WMS- og cache-tenestene viser på eit visst zoom-nivå (nivå 12-20) data henta frå Geovekst-samarbeidet som Kartverket ikkje har rettane til eller alle rettar til åleine. Dette er data som kan brukast som dei er i ulike tenester på same premiss som for øvrige data. Det må imidlertid innhentast særskild løyve frå rettshavarane dersom dataa skal kopierast eller brukast på annan måte. Send ein e-post til Kartverket (post@kartverket.no), så hjelper vi deg.

Lisensar ved bruk av API/tenester med eksterne kjelder

Nokre av Kartverkets API/tenester inneheld data frå eksterne kjelder og har difor ytterlegare lisensar. Kartverket tar ikkje ansvar for kor nøyaktige eksterne datakjelder er, eller for kvaliteten deira. Brukaren har sjølv ansvar for å følgje lisensane knytta til eksterne data.

Dette gjeld følgjande API/tenester (lenke til eksterne vilkår i parentes):

Historiske kart

Kart eldre enn 100 år går Kartverket ut frå er falle i det fri i samsvar med lov om opphavsrett og åndsverk, og kan difor brukast fritt. Kart yngre enn 100 år er lisensiert etter Creative Commons Navngivelse 4.0 international (CC BY 4.0).

I begge tilfella ber vi om at ein oppgir kjelde på korrekt måte når kartet, eller utsnitt av kartet, blir nytta ved mangfaldiggjering eller til ulike typar publikumsløysingar (plakatar, brosjyrar, aviser, nettsider etc). Følgjande skal då med:

Kjelde: Kartverket (i parentes namn på utgjevar/produsent der dette er oppgitt, til dømes Norges Geografiske Oppmåling).

I vitskaplege eller andre litterære publikasjonar ber vi om ei utvida kjeldetilvising med følgjande informasjon:

• Kor originalen ligg (Kartverket)
• Utgjevar/produsent (i parentes som oppgitt ovanfor)
• Kartnamn/nummer
• Kartteiknar/grafikar, der dette er oppgitt
• Årstal, der dette er oppgitt

Døme på kreditering: Kartverket (Norges Geografiske Oppmåling): Rektangelmåling 1:50 000, 19A-1, Ltn. C. Lund, 1847.

Del

Finn meir data frå Kartverket

Kartverket lagar og forvaltar ei lang rekkje datasett som er sentrale i den geografiske infrastrukturen i Noreg. Finn fleire datasett på temasida vår for data og API.