Siste oppdatering

Historiske ortofoto i Tysvær

Det er laga historiske ortofoto av 23 eldre flybilete i Tysvær kommune. Bileta er tatt i perioden 1967 – 1998, og dekker heile kommunen.

Nyttig verktøy i planlegging

Eldre historiske ortofoto gir ofte godt innsyn til bakken på grunn av beitedrift i utmark og lite vegetasjon. Bileta viser ofte mange opphavelege landsapselement før moderne naturinngrep.

Bileta er nyttige for samfunnsplanlegging i høve skred, flaum og havnivåendring, planarbeid og sakshandsaming, forsking og jordskifte, og dei vil også være interessante for historieinteresserte privatpersonar.

Historiske ortofoto i Tysvær

Flyoppgåvene er lagt ut på norgeibilder.no

Her har dei fått kvart sitt prosjektnamn:

Kvalitet på bileta

Det er ikkje same krav til stadfestingsnøyaktigheit og biletkvalitet for historiske ortofoto som for ortofoto produsert frå flybilder etter dagens standard. Det er derfor noko større avvik mellom FKB-data og dei historiske ortofotoa enn vi er vane med. Dette er særleg tydeleg i ytterkant av flyoppgåvene, og i område der det har vore store endringar i terrenget.

Ortofoto er produsert av Hexagon (tidlegare Cowi).

Del
XPPT