– På tide å lage marine grunnkart for heile kysten
SV-politikarar fremmar forslag om å setje fart på arbeidet med å lage marine grunnkart for alle norske fjordar og kystområde innafor grunnlinja. Høyringsfrist for skriftlege innspel i saka er 26. april.
Representantforslaget om marine grunnkart i kystsona kjem frå Brigit Oline Kjerstad, Grete Wold og Ingrid Fiskaa i Sosialistisk venstreparti (SV).
«Å få laga marine grunnkart for heile kysten vil vere ei samfunnsøkonomisk lønsam investering som vil gi eit betre kunnskapsgrunnlag for berekraftig bruk av sjøområda, betre og forenkla planlegging av prosjekt og eit nyttig verktøy for målretta forsking og raskare og betre forvaltning», skriv Kjerstad, Wold og Fiskaa.
Derfor ønsker dei at Stortinget ber regjeringa om å setje fart på arbeidet med å lage marine grunnkart for alle norske fjordar og kystområde innafor grunnlinja.
Gir kunnskapsgrunnlag
SV-politikarane Kjerstad, Wold og Fiskaa, er opptekne av at marine grunnkart i kystsona kan brukast til svært mange praktiske føremål:
«Marine grunnkart gir kunnskapsgrunnlag for fiskeri, fiskeoppdrett og forvalting og dannar basisen for kartlegging av biologisk mangfald, naturtypar og miljøtilstand i botnsediment.
Karta gir ei god oversikt over ressursar, naturtypar og sårbare artar i sjøområda på ein måte som gjer det enklare å vurdere kva tiltak som kan tillatast kvar, og gjer det lettare for ulike aktørar å ta omsyn når prosjekt i sjøen skal planleggast og gjennomførast.
Karta vil også kunne fylle behovet kommunane vil få for å rapportere på status for naturtypar i eit framtidig naturbudsjett og i ein naturrekneskap.» står det i forslaget.
Forslag på høyring
Representantforslaget blir no behandla i kommunal- og forvaltingskomitéen og er lagt ut på høyring. Fristen for skriftlege innspel er 26. april kl. 23.59.
Høyring: Representantforslag om marine grunnkart i kystsona, stortinget.no.
E-posten er sendt