Opne vasstandsdata
Vasstandsdata som du finn på Se havnivå, er tilgjengeleg i eit API. Ein widget for Se havnivå gjer det mogleg å vise tidvassdata for ein valt stad på di nettside.
Finn data Data for vasstand og tidvatn
Her får du meir informasjon om bruk av API for vasstandsdata:
Data for vasstand er gjort tilgjengeleg gjennom eit API som gjer det mogleg å hente ut og integrere data med eigne system.
Du kan få data i xml-format, som pdf-fil eller som tekst-fil.
API-et er opent for alle. Det er ikkje nødvendig å registrere seg, men Kartverket krev å bli namngitt som kjelde.
Kartverket sett pris på ei tilbakemelding på e-post til kundesenter@kartverket.no, spesielt viss du brukar datasetta til å lage nye tenester eller app-ar.
Data i API-et
I API-et kan du, for dei fleste målestasjonane, finne vasstandsdata tilbake til slutten av 1980-talet.
For ein del av stasjonane finnast det eldre data. Desse dataa kan du laste ned frå Copernicus Marine Service sin portal, til dømes gjennom deira kartløysing.
I artikkel om permanente vasstandsmålarar får du oversikt over data tilgjengeleg i API-et, og kor langt tilbake i tid du kan finne vasstandsdata hos Copernicus.
Sjølv om du kan laste ned vasstandsdata i nær sanntid frå Copernicus, anbefalar vi at du brukar API-et frå Kartverket for dei nyaste dataa. Dette for å sikre at alle oppdateringar blir tatt omsyn til.
Widget for tidvatn
Widgeten gjer at du enkelt kan vise data for tidvatn direkte på nettstaden din og gi besøkande oppdatert informasjon om flod og fjære direkte frå Kartverkets database. Widgeten kan til dømes vere verdifull for kystkommunar, båthamner, lokale media, badestrender og campingplassar.
Slik sett du opp widgeten på din nettstad:
- Søk på stad/posisjon du ønskjer å hente varsel for tidvatn frå, inne på Se havnivå.
- Heilt til høgre, under varsel om neste forventa låg- og høgvatn (flod og fjære), finn du menypunktet </>.
- Klikk på menypunktet </> og kopier koden.
- Bygg koden inn i di eiga publiseringsløysing.
- Widget på engelsk: Legg til language=en i URL (lenkeadresse).
No kan du gje brukarane av nettstaden din oppdatert, lokal informasjon om tidvatn. Viss brukaren klikkar på lenka «Gå til Se havnivå» i botn av widgeten, vil ho kome til søkeresultat for staden i Se havnivå-tenesta.
Tidvasstabellar og vasstandsvarsel på Se havnivå
Observert og varsla vasstand, flod og fjære og tabellar for tidvatn finn du i nettenesta Se havnivå. Bruk vasstandsvarsel for de næraste dagane og tidvasstabell for å planlegge lengre fram i tid.
E-posten er sendt