357 kommunar har fått sin eigen klimaprofil
Norsk klimaservicesenter (KSS) har utvikla klimaprofilar som skildrar klima i dag og i framtida for kvar enkelt kommune i heile Noreg.
– Eg er stolt over at vi no endeleg kan invitere kommunale planleggarar, konsulentar, regionale og statlege aktørar og andre interessentar til å teste verktøyet vi har utvikla, seier Kristine Garvin, klimaforskar på Meteorologisk institutt.
Garvin har leia arbeidet med utvikling av profilane i tett samarbeid med andre kollegaer på Meteorologisk institutt i eit tverrfagleg team, og med god støtte frå partnarane i Norsk klimaservicesenter (KSS).
– Særleg NVE har vore sterkt involvert med bidrag både frå enkeltpersonar og gjennom NVE sine ekspertgrupper.
Kartverket har også vore ein viktig bidragsytar, samt Miljødirektoratet og DSB.
– Profilane skal først og fremst gi kommunane kunnskap om kva som ventar dei. Det er godt å sjå at vårt arbeid med havnivåforsking bidreg til dette, og at det er med på å bygge eit meir klimarobust land, seier Matthew Simpson. Han er havnivåforskar i Kartverket og er med i leiargruppa til KSS.
KSS håpar verktøyet vil fungere som eit solid og praktisk kunnskapsgrunnlag for lokal klimatilpassing. Det har vore etterspurd i lang tid.
Klimaprofilane beskriv klima i dag og i framtida, basert på det oppdaterte kunnskapsgrunnlaget frå KSS og rapporten «Klima i Norge (2025)».
Søk opp klimaprofilen til din kommune
På nettsida til Norsk klimaservicesenter (KSS) kan du søke opp profilen til din kommune.
Talmaterialet i denne testversjonen ikkje er ferdig kvalitetssikra, og må derfor ikkje verte brukt til formell saksbehandling foreløpig. Den offisielle lanseringa av dei kommunevise klimaprofilane er 2. desember. Bruk dei fylkesvise klimaprofilane som avgjerdsgrunnlag fram til da.
Håpar mange vil teste og gi innspel
Før lanseringa i desember håpar KSS at flest mogleg vil bidra til å teste og komme med innspel på kva som ikkje fungerer i løysinga. Heile september køyrer KSS ei spørjeundersøking om klimaprofilane. Basert på tilbakemeldingane skal dei finpusse formidlinga slik at klimaprofilane vert lett å lese og ei brukarvennleg teneste.
Webinar: Klimaprofilar for kommunane
Sjå opptak av webinar frå 1. september kor KSS demonstrerte kva du kan finne i dei nye klimaprofilane. Innleiarar er Kristine Garvin og Jan Even Øie Nilsen (Meteorologisk institutt) og Irene Brox Nilsen (NVE).
Fakta
Klimaprofilane gir ei oversikt over klima i dag og i framtida i kvar kommune, og er meint som eit kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing lokalt.
Norsk klimaservicesenter (KSS) har laga profilane i samarbeid med pilotkommunane Rakkestad, Skjåk og Vestvågøy, og er utvikla med eit sterkt brukarfokus.
Målet er å gjere kunnskap om klimaendringar lettare å forstå og lettare å ta i bruk.
I testfasen ønsker Norsk klimaservicesenter å samle tilbakemeldingar frå fleire brukarar, for å gjere kunnskapsgrunnlaget enda lettare å ta i bruk.
Den offisielle lanseringa av dei kommunevise klimaprofilane er 2. desember.
E-posten er sendt