Region- og årsmøte Nordfjord

Kartverket Vestland inviterer til Noreg digitalt årsmøte (FDV-møte) for kommunane i Nordfjord. Påmeldingsfrist 6. mai.

10:00 - 14:00

Har du spørsmål?

Ta kontakt med
anne.lien@kartverket.no 

Arrangør

Kartverket Vestland

Som før planlegg vi for seks årsmøte. Det er nok mest praktisk at kvar kommune melder seg på til møtet i sin region. Dette då presentasjonane først og fremst vil ta føre seg den aktuelle regionen vi har møtet i. Men det er også høve til å melde seg til eit anna møte dersom det passar best. Skriv gjerne i påmeldinga om de har allergiar, eller anna viktig informasjon.

Vi får ein sjeldan gong spørsmål om det er mogeleg å delta på årsmøta på Teams. Røynsla vår med kombinerte møte er ikkje udelt god. Vi vil difor i utgangspunktet berre arrangere fysiske møte. Vi håpar at dei mange møta på ulike plassar gjer at dei fleste kan finne ein dag som passar.

Tidspunkt og stad for alle møta

  • Møte 1, hovudsakleg for kommunane i Midthordland: Måndag 11. mars 2024, kl. 10-14, på Statens hus i Bergen, Kaigaten 9. Møterom i 11. etasje (mellom busstasjonen og jernbanestasjonen). Påmeldingsfristen er gått ut.

Så er det ei tidleg påske, før vi fortsett med møta etterpå

  • Møte 2, hovudsakleg for kommunane i Nordhordland:

Onsdag 3. april 2024, kl. 10-14, på Alver Hotel. Påmeldingsfristen er gått ut.

  • Møte 3, hovudsakleg for kommunane i Hardanger/ Voss:

Tysdag 9. april 2024, kl. kl. 10-14 på Hardangerfjord hotell i Øystese. Påmeldingsfristen er gått ut.

  • Møte 4, hovudsakleg for kommunane i Sunnhordland:

Onsdag 10. april 2024, kl. 10-14, på Stord Hotell, Kjøtteinsvegen på Leirvik. Påmeldingsfristen er gått ut.

  • Møte 5, hovudsakleg for kommunane i Nordfjord:

Tysdag 14. mai 2024, kl. 10-14, på Gloppen Hotell i Sandane. Påmeldingsfrist 6. mai.

  • Møte 6, hovudsakleg for kommunane i Sunnfjord og Sogn:

Onsdag 15. mai 2024, kl. 11-15, på Thon Hotel Jølster, Skei (merk tidspunkt). Påmeldingsfrist 7. mai.

Programmet vil som vanleg bli litt generell info, geovekst og FDV frå meg, matrikkel frå Beate, plan/tema frå Aase, og FKB frå Kristian. Det vert óg tid til dialog og spørsmål.

Vi gler oss til å sjå dykk, og ønsker velkomen med di påmelding.

Del
XPPT