Kartlegging i Vestland 2024
Det er starta opp fire Geovekst-prosjekt i 2024, med flyfotografering, laserskanning og produksjon av nye kartdata som inngår i det offentlege kartgrunnlaget.
Oversikt
Her finn du ein tabell med status for alle pågåande kartleggingsprosjekt i Vestland.
Det er også starta opp to kartleggingsprosjekt i samarbeid med Grunnkart Bergen. Eit prosjekt med FKB-C kartlegging og eit historisk ortofoto-prosjekt er nyleg fullført.
Samnanger Bjørnafjorden 2024
Flyfotografering i Samnanger og Bjørnafjorden kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.
Etne Kvinnherad 2024
Flyfotografering i Etne og Kvinnherad kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.
Hordaland sør laser 2024
Laserskanning i Etne, Kvinnherad, Samnanger og Bjørnafjorden kommune. Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag i Geovekst-prosjekta i desse kommunane, til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.
Voss 2024
Flyfotografering og laserskanning i Voss herad. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto. Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag i Geovekst-prosjektet, til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.
Bergen sør 2024
Flyfotografering i Bergen kommune. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.
Bergen sør laser 2024
Laserskanning i Bergen kommune. Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag i Geovekst-prosjektet i kommunen, til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.
Historiske ortofoto Vestland fylke
Prosjektet er fullført. Dette er andre runde med historiske ortofoto i fylket, og følgjande flyoppgåver er gjort tilgjengelege på norgeibilder.no.
- 57 flyoppgåver, cirka 12 300 flybilete frå 1980-talet.
- 20 flyoppgåver, cirka 2 300 flybilete med eldre «nitratfoto» frå 1935-1952.
FKB C fjell og kystområder
Prosjektet er fullført, og nye FKB-C kartdata er gjort tilgjengeleg i fjell- og kystområder i kommunane Etne, Kvinnherad, Ullensvang, Kvam, Vaksdal, Modalen, Alver, Masfjorden, Solund, Gulen, Askvoll, Hyllestad, Fjaler, Høyanger, Vik, Lærdal, og Sunnfjord. Det er omløpsfoto som er brukt som grunnlag for etablering av betre kartdata i desse fjell og kystområda som til saman dekker 5878 km2.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet.
Om Geovekst-samarbeidet
Det er dei lokale partane i Geovekst-samarbeidet som står bak prosjekta. Nyproduserte data inngår i det offentlege kartgrunnlaget og vert tilgjengeleg mellom anna via:
- norgeibilder.no (ortofoto, georefererte flyfoto)
- hoydedata.no (laserdata og matcha overflatemodellar)
- norgeskart.no (oppdaterte kart)
I tillegg til lokale Geovekst-prosjekt vert det også gjennomført datafangst i Vestland fylke i regi av Kartverket ved:
- Kartverkets sjødivisjon måler behovsbasert langs kysten med multistråle ekkolodd. Sjå tilgjengelege djupnedata i portalen hoydedata.no
- Nasjonalt program for omløpsfotografering har fotografert eit område i Sogn i 2023 som er tilgjengeleg i norgeibilder.no, og planlegg ei større fotografering i Nordfjord, Sunnfjord - Sogn i 2024.
E-posten er sendt