Siste oppdatering

Fylkesgeodataplan for Rogaland fylke

Fylkesgeodataplanen 2021 - 24 med tilhørande handlingsplan vart vedteken av fylkesgeodatautvalet i Rogaland fylke 13. oktober 2020. Planen gjeld for fire år og vert revidert årleg.

Kontaktperson

Kartverket Rogaland

steinar.wergeland@kartverket.no

Kartverket Rogaland er sekretariat for fylkesgeodatautvalet i Rogaland, og utarbeider utkast til nye geodataplanar. Utkastet er basert på mottekne innspel om kartleggingsbehov, ønska prioriteringar frå partane i fylket og føringar gitt frå myndigheitene.

Det er fylkesgeodatautvalet for Rogaland som vedtek geodataplanen og hovudsatsingsområda i planperioden.

Hovudsatsingsområda i planperioden 2021 - 2024

Fylkesgeodatautvalet i Rogaland vil ha følgande fokusområde og satsingar i planperioden:

  • Sluttføre vegadresser i Rogaland
  • Få alle relevante detalj- og reguleringsplanar over på digitalt vektorformat
  • Auke tilgjenget til oppdaterte plandata gjennom sentral forvaltning (geosynkronisering)
  • Gjennomføre regionvise møte med dei samarbeidande kommunane
  • Få fleire datasett inn i Det offentlege kartgrunnlaget (DOK)
  • Gi grunnlag for å førebygge og handsame kriser på ein betre måte
  • Vidare utvikling av prosjektet Temadata Rogaland
  • Hamnedata i sentral felles kartdatabase (SFKB)
  • Djupnedata, inkludert oppfølging av Marine grunnkart i kystsona, djupnedata
  • Sluttføre resterande mellombels forretningar (MF) og attståande forretningar utan fullført oppmåling (MUF)
  • Opprette eit forum for brukarar av Norsk vegdatabank (NVDB) med fokus på bruk av vegdata i kommunane

Fylkesgeodataplanens oppbygging

Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Arbeid som dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje er omfatta av samarbeidet, er ikkje ein del av denne fylkesgeodataplanen.

Planen har av to delar:

  • Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dette dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Her er det ei kort innføring i korleis Noreg digitalt-samarbeidet er organisert og kva som er dei viktigaste rammevilkåra for samarbeidet lokalt. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
  • Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.

I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan (xlsx) som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt.

Del