Siste oppdatering

GIS-dag 2024 markert i Molde og Kristiansund

Markering av GIS-dagen på videregående skuler er ein god tradisjon i Møre og Romsdal. I år vart dagen markert på to vidaregåande skuler i fylket. Der fekk 40 elevar pluss lærarar innblikk i kva GIS (geografisk informasjonssystem) er.

Fakta GIS (geografisk informasjonssystem)

Geografisk informasjonssystem (GIS) er programvare for innsamling, organisering, lagring, analyse og visualisering av geografisk informasjon. GIS ble etablert i 1966 og har blitt ein hverdagsteknologi og eit svært viktig verktøy for moderne samfunn.

Les meir om GIS på Store noekse leksikon

Fagdagen vart halden 25. og 26. november på hhv. Molde og Atlanten vidaregåande skular i Kristiansund - i samarbeid med Kartverket i Møre og Romsdal. Om lag 20 elever frå Geofag på kvar skule deltok.

GIS-dag-Møre-og Romsdal-deltakere-Atlandten-VGS-SM-16-9.png
ENGASJERTE ELEVAR: Elevane på Atlanten vgs. følgde godt med på presentasjonane. Alle foto: Sven Mochaelis Kartverket Møre og Romsdal

Valde tema sjølv

Etter ønske frå Molde og Atlanten skular vart tema for årets GIS-dag «Klima og naturfare». Begge er veldig aktuelle, også for område i Møre og Romsdal.

Teoretisk del - innføring i GIS

Første del av dagen starta med at Kartverket v/ Sven Michaelis ga elevane ein innføring i kva GIS er.

Etterfølgt av v/ Even Tranmæl, frå Møre og Romsdal fylkeskommune, som informerte om kva for nokre utdannings- og yrkesmoglegheiter som finnst innan GIS-faget.

GIS-dag-2024-Møre-og Romsdal-Even Tranmæl-fylkeskomm-SM-16-9.png
MOGLEGHEITER: Even Tranmæl fortalde om moglege yrkes- og utdanningsvegar innan GIS.

Dei to neste presentørene, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) og Meteorologisk institutt, strøymte sine foredrag via Teams.

Først ute var Meteorologisk institutt v/ Anita Verpe Dyrrdal. Ho gjorde greie for dei utfordringane Møre og Romsdal står overfor på grunn av klimaendringar.

Deretter presenterte Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) v/ Oddbjørn Bruland ei gamification av naturfarehendingar ved hjelp av World of Wild Water (WoWW)

Les meir om emnet på ntnu.no: World of Wild Waters – Gamification of Natural Hazards (WoWW) - NTNU

Hilde Sandra Borck, oseanograf frå Sjødivisjonen i Kartverket, fortalde korleis stormflod og havnivå påverkar oss ved hjelp av våre datasett.

Les meir om datasettet «stormflo og havnivå» på kartverket.no

Ole Heggset som er rådgivar for naturfare i Molde kommune fortalde om forskjellige skredtypar og korleis desse oppstår.

Sandra Skiaker frå Geodata AS avslutta den teoretiske delen med eit innlegg om kor tett alt i vårt daglegliv er knytt til geografisk informasjon og GIS.

Geodata AS er ein engasjert samarbeidspartner under GIS-dagane, og støtter skolane med gratis lisensar for ArcGIS programvarepakke.

Les meir om ArcGIS programvarepakke på geodata.no: ArcGIS fra Esri - Geodata

GIS-dag-Møre-og Romsdal-Sandra Skiaker-Geodata-AS-SM-16-9.png
«GIS ER OVER ALT»: Sandra Skiaker fortalde kor mykje GIS betyr for oss i kvardagen.

Praktisk del - kartlegging

Etter lunsj vart elevane sendt ut i fleire puljar for å kartlegge.

I Molde skulle elevane samle inn data for en mogleg evakuering av sentrumsområdet, mellom anna:

  • tal på kor mange som oppheld seg i dei ulike type bygga, og
  • avstand til samlingsplass

I Kristiansund skulle elevane finne ut:

  • kva for ein reiseveg forskjellige typar matvarer hadde bak seg til butikkane, og
  • om det fantes lokale alternativ til desse

Kartlegginga skjedde ved hjelp av en Geodata applikasjonar (Quick-Capture, Survey123) på elevanes mobiltelefonar.

Elevane gjennomførde oppgåvene med stort engasjement.

Gjennomgang og analyser

Dagen slutta med ein gjennomgang av kartlegginga og ein del enkle analysar for å demonstrere ein mogleg seinare bruk av dataa.

Tilbakemeldingane frå skolane er positive, og dei ser gjerne at arrangement av denne typen held fram som ein årviss tradisjon.

Takk til alle som bidrog til eit vellykka arrangement.

Del
XPPT