Kvalitetskrav til arealplanar i Møre og Romsdal
Eit planforslag må tilfredsstille dei nasjonale kvalitetskrava til ein digital reguleringsplan. Statsforvaltaren, fylkeskommunen og Kartverket Møre og Romsdal kan hjelpe kommunane i dette arbeidet.
Sjekkliste for framstilling av digital reguleringsplan
Kartverket Møre og Romsdal har satt saman ei sjekkliste med krav som vert stilt til framstilling av digitale reguleringsplanar. Ønsket er at lista kan nyttast i det daglige planarbeidet i kommunane. Bruk den og tilpass den til eigne rutinar.
Sjekklista er ajourført per august 2022.
Kontroll og høyringsbase
Kartverket Møre og Romsdal tilbyr kvalitetssikring av arealplanar som etter plan- og bygningslova skal leggast ut til offentleg ettersyn. Dette er ei vidareføring av tilbodet som Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sendte brev til kommunane om i 2017.
Kartverket er ikkje høyringspart i planprosessen, men sørger for teknisk kontroll og tilrettelegging i samråd med Statsforvaltar og fylkeskommune.
Vi minner om desse punkta:
- Før kommunen sender over plankart og SOSI-fil må dei gjere ein visuell kontroll. Filane som blir sendt over for kontroll må være identiske med det plankartet som leggast ut til offentleg ettersyn.
- Kartverket gjer ein teknisk kontroll av planen. Kartverket vil melde eventuelle behov for retting til kommunen. Kopi av rapporten vil bli sendt til Statsforvaltaren og fylkeskommunen.
- Kommunen retter opp i eventuelle feil, og sender over retta versjon av plankart og SOSI-fil til Kartverket.
- Feilfritt digitalt plankart blir tilgjengeleg for høyringspartanes sakshandsamarar. Høyringsbasen vil liggje tilgjengeleg på den regionale kartportalen gislink.no. Når høyringsfristen går ut vil planen bli fjerna frå høyringsbasen.
Høyringsbasen finn du på www.gislink.no.
Planar for kontroll sendast til plan.mrfylke@kartverket.no.
Kartverket Møre og Romsdal tilbyr teknisk kontroll av arealplankart i alle fasar av planprosessen. Dette vil kunne førebygge feil og bidra til raskare sakshandsaming. Sjølv om kommunen har nytta tilbodet om kontroll på eit tidlegare stadium i planprosessen, ber vi kommunane om å alltid sende inn plankart og SOSI-fil når planen skal leggast ut for offentleg ettersyn. Kartverket Møre og Romsdal vil da stå for lagring av det digitale plankartet i høyringsbasen.
E-posten er sendt