Dokumentavgift ved oppløysing av sameige
Det er heilt eller delvis fritak frå å betale dokumentavgift ved oppløysing av eit sameige i ein fast eigedom. Tinglysing av skøyte må skje kort tid etter oppløysinga.
Fullstendig og delvis oppløysing av sameige
Fritaket gjeld både ved fullstendig og fleire former for delvis oppløysing av sameige.
Heimelen for fritak ved oppløysing av sameige står i stortingsvedtak for dokumentavgift § 2 d
Ei fullstendig oppløysing vil falle inn under fritaksregelen. Dette gjeld eksempelvis dersom fire personer eig ein eigedom i sameige, og dei ønsker å dele eigedomen i fire nye eigedomar.
Tilsvarande vil fritaket gjelde dersom sameigarane i eksempelet ovanfor deler sameigeeigedomen i fire nye eigedomar, men samtidig ønsker å behalde ein bit av eigedomen i sameige. For eksempel eit fellesareal til parkering og veg. Dette er slått fast i Borgarting lagmannsretts dom av 29.04.2015 (LB-2014-204702).
Fritaket vil også gjelde dersom ein eller fleire av sameigarane får utskilt si eiga tomt, mens dei resterande sameigarane framleis skal vere sameigarar i det som er igjen av det opphavlege sameiget.
Kvar sameigeeigedom blir behandla for seg
Fritaket kan berre gjerast gjeldande når eit enkelt sameige blir løyst opp. Dersom dei same personane eig fleire eigedomar i fellesskap, representerer kvar eigedom eit frittståande sameige som blir behandla separat.
Dersom nokon eig fleire gards- og bruksnummer saman, med like sameigepartar i alle eigedomane, vil desse gards- og bruksnumra kunne bli sett på som ein eigedom og eit sameige. Dette er slått fast i Høyesterett si avgjerd av 17.03.2016 (HR-2016-606-A). Om fleire gards- og bruksnummer kan vere ein eigedom, og dermed falle inn under fritaksregelen, vil likevel være ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.
Det som ikkje vil falle inn under fritaksregelen er om person A og B eig ein sjøeigedom og ein fjelleigedom saman. Dei blir einige om å overføre ein ideell halvpart av kvar av eigedomane til kvarandre, slik at dei blir eineeigarar av kvar sin eigedom. I eit slikt tilfelle vil dei enkelte eigedomane bli behandla som to frittståande sameige. Overføringane mellom dei blir ikkje rekna som oppløysing av sameige.
Eigar av fysisk bestemte delar av eigedom
For å falle inn under fritaket for dokumentavgift ved oppløysing av sameige, må oppløysinga medføre at den eller dei som går ut av sameiget blir eigar av bestemte fysiske delar av eigedomen. Dei må altså bli eineeigar av ein fysisk eigedom. I dei fleste tilfelle vil det vere krav om at eigedomen i sameige blir fysisk delt.
Dersom det er nødvendig å dele nye eigedomar frå sameigeeigedomen, blir delinga gjennomført av kommunen. Dei nye tomtene får eigne bruksnummer. Kommunen sender melding til tinglysing, før Kartverket opprettar eigne grunnboksblad for dei nye eigedomane.
Om fleire gards- og bruksnummer er å rekne som ein eigedom, er det ikkje nødvendigvis behov for å dele eigedomen opp i nye gards- og bruksnummer.
Les meir om frådeling av nye eigedomar.
Overskøyting av eigarpartar
Etter frådelinga er alle eigarane sameigarar i den eller dei fråskilte tomtene etter opphavleg sameigebrøk. For å gjennomføre oppløysinga av sameiget i grunnboka, må dei som skal ut av sameiget bli eineeigar av kvar sin eigedom. Dette gjer dei ved å fylle ut eit skøyte for kvar av dei fråskilte eigedomane. I skøyta overfører sameigarane sine eigarpartar til dei som skal ut av sameiget.
Om fleire gards- og bruksnummer er å rekne som ein eigedom, kan det vere at det ikkje er nødvendig å opprette nye eigedomar. Det kan vere at det er tilstrekkeleg å tinglyse skøyter.
Dersom heile sameiget skal løysast opp, må alle sameigarane overføre eigepartane til kvarandre i skøyte, slik at kvar sameigar blir eineeigar av kvar sin eigedom.
Dersom ein av sameigarane sitt igjen med ein større del av eigedomen enn han hadde før, må han betale dokumentavgift for den delen som han ikkje hadde før oppløysinga.
Seksjonering og sletting av seksjonering
Fordeling av seksjonar mellom sameigarar i samband med seksjonering skal gjerast ved bruk av eit eige skjema: Fordeling av sameigeandelar ved seksjonering.
Les meir om seksjonering i Rundskriv for Tinglysingen kapittel 12.1.
E-posten er sendt