Oppdaterte vasstandsdata
For å kunne presentere best mogeleg vasstandsinformasjon, forbetrar og oppdaterer Kartverket datagrunnlaget regelmessig. Og ved høve gjer Kartverket større kontrollar på målesystema.
Kartverket har eit målenett med permanente vasstandsmålarar. Frå desse går data gjennom kontrollar før dei når ut på m.a. nettenesta «Se havnivå».
Endringar i tal
Kartverket oppdaterer talgrunnlaget knytt til vasstand og tidvatn regelmessig.
Frå og med 2026 er det i hovudsak to tidspunkt for endringar:
- 1. oktober
- 1. mars
Dette kan påverke tal du finn i tenestar som «Se havnivå», «Se havnivå i kart», API og andre produkt/tenester som brukar desse tala.
Særs viktige endringar, endringar som følge av oppdatering i andre tenester samt feilretting, vil bli gjort utanom.
Alle endringane blir dokumentert i ein eigen endringslogg:
Se havnivå Vasstand og tidvatn
Finn observert og varsla vasstand, tidvatn, landheving og framtidig havnivå i vår teneste Se havnivå.
Forbetra tal der du bur
Vi delar kysten av Noreg opp i soner der vi antar at tidvatnet oppfører seg på same måte. Kvar sone er knytt til ein målestasjon og får to korreksjonsfaktorar, ein for amplituden (høgda) til tidvatnet og ein for tid. Ei sone får og eit vêrbidrag frå den mest representative permanente vasstandsmålaren. Vasstanden Kartverket presenterer på Se havnivå er summen av tidvatn og vêrbidrag for sonen, og til nærmare ein vasstandsmålar ein er, til betre vil dette bli.
Kartverket forbetrar desse sonene når datagrunnlaget endrar seg, som regel ved nye målingar av vasstand i kortare periodar. Analysar av desse gjer at fagfolka kan kontrollere, og nokre stader oppdatere, desse sonene. Ei soneoppdatering vil enten vere å endre korreksjonsfaktorane eller ved å bruke tidvatn frå dei korte måleseriane.
Regelmessige oppdateringer frå nye vasstandsmålare
For å forbetre datagrunnlaget jobbar Kartverket med å utvide det permanente målenettet for vasstand. Sidan 2021 har Kartverket installert fleire nye vasstandsmålarar.
For å berekne tidvatn – høgder og tidspunkt for flod og fjære – med høg nøyaktigheit treng vi eigentleg fleire år med observasjonar. Derfor vil Kartverket oppdatere nivå og berekna tidvatn ved dei nye vasstandsmålarane jamleg.
Dette inneber at avstanden mellom referansenivå for middelvatn og sjøkartnull, Normalnull 2000 (NN2000) og sjøkartnull – eller andre nivå for vasstandsmålaren – kan endre seg litt frå år til år.
Områda rundt nye permanente vasstandsmålarar vil derfor også oppdaterast jamleg framover.
Problemområde
Kysten frå Lista til Egersund er eit område der vasstanden raskt endrar karakter. Der er det lite tidvatn, som gjer at bidrag frå vêret kan påverke vasstanden meir enn i andre delar av landet og dette området er framleis utan informasjon om tidvatn og vasstand.
Tronge sund og straumar
Det er også eit par andre område langs norskekysten der Kartverket ikkje gjev ut tidvatn- og vasstandsinformasjon. Dette er hovudsakleg område med tronge sund og straumar, der tidvatnet har ein ganske annleis karakter på innsida samanlikna med utsida av sundet.
E-posten er sendt