Siste oppdatering

Kvar er midtpunktet i Noreg?

Noregs arealtyngdepunkt ligg i Steinkjer kommune i Trøndelag. Her finn du også lista over kva som er midtpunkt i alle fylke og kommunar.

I fleire år har stader på Helgeland i Nordland kjempa om tittelen "Noregs midtpunkt". Men dette er sjølvsagt avhengig av korleis ein reknar. Kartverket har tatt omsyn til arealet for heile Noreg og rekna ut eit arealtyngdepunkt. Dermed blir det ein stad i Trøndelag som kan få tittelen midtpunktet i Noreg.

Kartverkets utrekning

Punktet er i Steinkjer kommune, Trøndelag, om lag midt mellom Vakkerlifjellet og Skjækervatnet, på kartblad 1822 IV Vera i Noreg 1:50 000, med desse koordinatane:

63° 59' 26'' nord, 12° 18' 28'' aust, eller 7 098 745 N, 368 304 E (UTM sone 33)

Midtpunktet er rekna ut ved at eitt representasjonspunkt for kvar kommune er multiplisert med tilhøyrande areal og deretter midla.

Sentrum av Oslo

Kartverket har òg rekna ut arealtyngdepunktet for hovudstaden og kome fram til at Oslos midtpunkt ligg rett aust for Nedre Blanksjø, med følgjande koordinatar:

59° 58' 51.57'' nord, 10° 44' 22.05'' aust, eller 6 650 570 N, 597 071 E (UTM sone 32)

Sjå Oslos midtpunkt i kartet

I tabellane under kan du sjå kva som er midtpunkt i alle fylke og kommunar her i landet. Merk at i Vaksdal og Stad havnar midtpunktet faktisk i nabokommunane på grunn av kommunanes utforming.

Eit par brukartips:

  • Fylkestabellen er breiare enn vanleg nettlesar på mobil. Snu mobilen til liggande format for å sjå lenkene til Norgeskart.no, Hvor-appen og GPX-nedlasting.
  • «Vis i appen Hvor» fungerer berre på mobil viss Hvor-appen er installert. Midtpunktet blir lagra som eit bokmerke under «Mine steder».

Det ligg meir informasjon i PDF-listene under (mellom anna lat-/long-koordinatar).

Midtpunkt for norske fylke 

Midtpunkt for norske kommunar

Fylke Øst utm33 Nord utm33 Vis i… Sjå i app* Last
Oslo 262 335 6 656 953 Kart Hvor GPX
Østfold 288 921 6 585 235 Kart Hvor GPX
Akershus 282 505 6 659 060 Kart Hvor GPX
Innlandet 257 045 6 820 209 Kart Hvor GPX
Buskerud 173 403 6 699 653 Kart Hvor GPX
Vestfold 222 882 6 585 155 Kart Hvor GPX
Telemark 134 027 6 615 346 Kart Hvor GPX
Agder 73 113 6 529 637 Kart Hvor GPX
Rogaland -2 524 6 585 346 Kart Hvor GPX
Vestland 35 650 6 783 564 Kart Hvor GPX
Møre & R 118 049 6 958 930 Kart Hvor GPX
Trøndelag 318 356 7 073 238 Kart Hvor GPX
Nordland 483 697 7 415 974 Kart Hvor GPX
Troms 677 165 7 691 430 Kart Hvor GPX
Finnmark 911 316 7 797 080 Kart Hvor GPX

* Krevjer Kartverket sin gratis-app Hvor frå App Store (Iphone) eller Google Play (andre mobilar)

Midtpunkt for norske kommunar

Del
XPPT