Kvar er midtpunktet i Noreg?
Noregs arealtyngdepunkt ligg i Steinkjer kommune i Trøndelag. Her finn du også lista over kva som er midtpunkt i alle fylke og kommunar.
I fleire år har stader på Helgeland i Nordland kjempa om tittelen "Noregs midtpunkt". Men dette er sjølvsagt avhengig av korleis ein reknar.
Kartverket har tatt omsyn til arealet for heile Noreg og rekna ut eit arealtyngdepunkt. Dermed blir det ein stad i Trøndelag som kan få tittelen midtpunktet i Noreg.
Kartverkets utrekning
Punktet er i Steinkjer kommune, Trøndelag, om lag midt mellom Vakkerlifjellet og Skjækervatnet, på kartblad 1822 IV Vera i Noreg 1:50 000, med desse koordinatane:
63° 59' 26'' nord, 12° 18' 28'' aust, eller 7 098 745 N, 368 304 E (UTM sone 33)
Midtpunktet er rekna ut ved at eitt representasjonspunkt for kvar kommune er multiplisert med tilhøyrande areal og deretter midla.
Sentrum av Oslo
Kartverket har òg rekna ut arealtyngdepunktet for hovudstaden og kome fram til at Oslos midtpunkt ligg rett aust for Nedre Blanksjø, med følgjande koordinatar:
59° 58' 51.57'' nord, 10° 44' 22.05'' aust, eller 6 650 570 N, 597 071 E (UTM sone 32)
I tabellane under kan du sjå kva som er midtpunkt i alle fylke og kommunar her i landet. Merk at i Vaksdal og Stad havnar midtpunktet faktisk i nabokommunane på grunn av kommunanes utforming.
Eit par brukartips:
- Tabellane er breiare enn vanleg nettlesar på mobil. Snu mobilen til liggande format for å sjå flere data.
- «Vis i Hvor-appen» fungerer berre på mobil viss Hvor-appen er installert. Midtpunktet blir lagra som eit bokmerke under «Mine steder».
- Last ned Kartverket sin gratis-app Hvor frå App Store (Iphone) eller Google Play (andre mobilar).
The mail has been sent!