Siste oppdatering

Grøne undersøkingar av havbotn

Kartlegging av havbotn skal gjerast med lågare klima- og miljøavtrykk. Mareano i Kartverket leiar pilotstudien «grøne havbotnundersøkingar» under det offentleg–private samarbeidet «Grønt skipsfartsprogram».

Noreg og resten av verda skal redusere klima- og miljøpåverknad. Dette får betydning for kartleggingsarbeidet i Mareano-programmet framover. Den største påverknaden frå Mareano er bruk av store fartøy og fossilt drivstoff i feltarbeidet. Feltarbeidet er også den største kostnaden for kartleggingsprogrammet. 

Fotomontasje av fartøy som djupnekartlegg havbotnen. Strålane frå multistråle-ekkloddet dannar ein vifteform frå båten ned til botnen. Ein terrengmodell er redigert inn på havbotnen.
LEIAR PILOTSTUDIE: Kartverket, som er del av utøvande gruppe i Mareano, leiar pilotstudien «Grøne havbotnundersøkingar» under det offentleg–private samarbeidet «Grønt skipsfartprogram». Illustrasjon: Bente Berggraf/Kartverket

Eit av verktøya som blir brukt for å redusere påverknaden er offentlege anskaffingar. Mareano ved Kartverket kjøper kartleggingstenester frå den kommersielle marknaden. I januar 2024 blei det innført endring i forskrift om offentlege anskaffingar (anskaffelsesforskriften), som ei drivkraft i det grøne skiftet. Klima og miljø no blir vekta høgare i offentlege anskaffingar – som hovudregel minst 30 prosent. Mareano har sidan 2022 vektlagt energiforbruk til fartøyet som blir brukt under sjømåling, når anbod blir evaluert. 

Ny pilot: Grøne havbotnundersøkingar

For å forbetre og harmonisere klima- og miljøkrav mellom dei forskjellige aktørane og lære av kvarandre sine erfaringar, har Kartverket starta pilotstudien «Grønne havbunnsundersøkelser» under «Grønt skipsfartprogram». Pilotstudien blir leia av Kartverket ved prosjektingeniør Nicolien Haasbroek.

– Det er Kartverket som har teke initiativ og arbeidd for å få etablert piloten. I april 2024 blei pilotstudien godkjent på partnarmøtet til «Grønt skipsfartsprogram», seier Haasbroek. 

Målet til pilotstudien er å utvikle einskaplege grøne kriteria for innkjøp av maritime tenester knytt til havbotnundersøkingar, og å koordinere desse mellom aktørane for auka føreseielegheit og effektivitet i bransjen.

Piloten har med seg både offentlege etatar og private aktørar som avskaffar denne type kartleggingstenester, i tillegg til leverandørbransjen og dei som bygger utstyr (f.eks. fartøy). Rapporten frå piloten skal vere ferdig i mai 2025.

– Gode djupnedata legg til rette for ei kunnskapsbasert og berekraftig forvalting av havområda. Det er viktig at vi som aktør innan kartlegging også tek inn over oss kva for eit klima- og miljøavtrykk vi sett, og gjer det vi kan for å redusere dette. Eg er glad for at vi har fått moglegheit til å gjere denne studien under «Grønt skipsfartsprogram», seier fungerande direktør Gudmund Jønsson i Kartverkets sjødivisjon.

Datadeling, planlegging og ubemanna fartøy

Ved å samarbeide om planar for kartlegging og dele data kan vi redusere behovet for tokt i felt.  

– Når data kan gjenbrukas eller bli samla inn på felles tokt, vil vi kunne redusere talet på tokt. Dette blir viktig for Mareano, både for å redusere klimaavtrykk og kostnadar. Den pågåande utviklinga av ubemanna fartøy vil kunne redusere energiforbruket i felt mye, og på sikt truleg også redusere kostnadar, seier Haasbroek.

Fakta Grønt skipsfartsprogram

«Grønt skipsfartsprogram» handlar om berekraftige logistikkløysingar, lønnsame utsleppskutt, grøne arbeidsplassar, økt konkurranseevne og eksport, og om å ta internasjonal leiarposisjon. Målet er å kutte utslep og etablere grøn konkurransekraft i maritim næring.

Dette er et offentleg – privat samarbeid som er finansiert delvis gjennom kontingent frå partnerane og delvis gjennom tildeling over statsbudsjettet ved Klima- og miljødepartementet.

Mareano-programmet Samlar kunnskap om havet

  • eit nasjonalt, tverrfagleg program for kartlegging av havbotn i norske havområde
  • kartlegger djupne, botnforhold, biologisk mangfald, naturtypar og forureining i sedimenta
  • skal auke kunnskapen om havbotn og bidra til ei kunnskapsbasert og berekraftig forvalting og næringsutvikling
  • Havforskingsinstituttet, Noregs geologiske undersøking og Kartverket utgjer utøvande gruppe, og gjennomfører den daglege faglige drifta
  • mareano.no
Del
XPPT