Siste oppdatering

Kartlegging i Vestland 2021

Det vert starta opp fem vanlege Geovekst-prosjekt i 2021, med flyfotografering, laserskanning og produksjon av nye kartdata som inngår i det offentlege kartgrunnlaget.

Ein er også i godt i gang med å starte opp eit nytt prosjekt med historiske ortofoto, og eit prosjekt som vil gi betre kart i fjellområder fylket.

Sunnhordland 2021 LACHVL11

Flyfotografering i kommunane Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar og Tysnes (i områder med blå og grøn farge). Flybileta vert brukt til etablering av ortofoto og som grunnlag for FKB-B konstruksjon.


Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Prosjetområde for Sunnhordland 2021
SUNNHORDLAND: Grøn farge viser områder med nykonstruksjon av FKB-B. Blå farge viser områder med ajourføring av FKB-B. Illustrasjon: Kartverket Vestland.

 

Kinn og Midtre Sogn 2021 LACHVL12

Flyfotografering i Kinn (Vågsøy), Høyanger, Vik og Sogndal kommune (i områder med blå og grøn farge). Flybileta vert brukt til etablering av ortofoto og som grunnlag for FKB-B konstruksjon, det er også bedt om opsjon på matching av overflatemodell.


Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Prosjektområde Kinn 2021
KINN (VÅGSØY): Grøn farge viser områder med nykonstruksjon av FKB-B. Blå farge viser områder med ajourføring av FKB-B. Illustrasjon: Kartverket Vestland.


Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Prosjektområde Midtre Sogn 2021
MIDTRE SOGN: Blå farge viser områder med ajourføring av FKB-B. Illustrasjon: Kartverket Vestland.

 

Vaksdal Modalen 2021 LACHVL13

Flyfotografering i Vaksdal og Modalen kommune (i områder med blå og grøn farge). Flybileta vert brukt til etablering av ortofoto og som grunnlag for FKB-B konstruksjon.


Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Prosjektområde Vaksdal Modalen 2021
VAKSDAL MODALEN: Blå farge viser områder med ajourføring av FKB-B. Grøn farge viser områder med nykonstruksjon av FKB-B. Illustrasjon: Kartverket Vestland.


Laser Sunnhordland Vaksdal Modalen 2021 LACHVL11-13

Laserskanning med 10 punkt pr m2 i kommunane Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Tysnes, Vaksdal og Modalen. Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag i Geovekst-prosjekta Vaksdal Modalen 2021 og Sunnhordland 2021, til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver. Det er bedt om opsjon på RGB til punktsky, klassifisering av vann, leidning beskyttelse, leidning og mast, og vektorisering høgspentanlegg.


Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Laser Sunnhordland 2021
LASER: Prosjektområde Sunnhordland er vist med raud farge. Illustrasjon: Kartverket Vestland.


Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Laser Vaksdal Modalen 2021
LASER: Prosjektområdet i Vaksdal og Modalen er vist med raud farge. Illustrasjon: Kartverket Vestland.


Øygarden Askøy ortofoto 2021 LACHVL14

Flyfotografering i Øygarden og Askøy kommune. Flybileta vert brukt til etablering av ortofoto, og det er bedt om opsjon matching av overflatemodell.

Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Prosjektområde Øygarden
FOTOGRAFERING: Prosjektområdet er vist med gul farge. Illustrasjon: Kartverket Vestland.



Historiske ortofoto Vestland fylke LACHVL06

Dette er andre runde med historiske ortofoto i fylket. Prosjektet er i oppstart, og vil omfatta:
• 52 flyoppgåver/ 11 000 flybilete frå 1980 – talet
• 20 flyoppgåver/2000 flybilete eldre «nitratfoto»

Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Historiske ortofoto 2021
RUNDE TO: Historiske ortofoto i Vestland fylke. Illustrasjon: Kartverket Vestland.

 

FKB C fjell og kystområder Vestland fylke LACHVL05

Omløpsfoto frå 2019 og 2020 vert brukt som grunnlag for etablering av betre kartdata i fjell og kystområder. Prosjektet er i oppstartsfasen, og omfattar fjellområder i kommunane Etne, Kvinnherad, Ullesvang, Kvam, Vaksdal, Modalen, Alver, Masfjorden, Solund, Gulen, Askvoll, Hyllestad, Fjaler, Høyanger, Vik, Lærdal, og Sunnfjord.


Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Prosjektområde FKB-C
FJELL OG KYST: Nykonstruksjon FKB-C er vist med oransje farge. Illustrasjon: Kartverket Vestland.

 

Om Geovekst-samarbeidet

Det er dei lokale partane i Geovekst-samarbeidet som står bak prosjekta. Nyproduserte data inngår i det offentlege kartgrunnlaget og vert tilgjengeleg mellom anna via:

I tillegg til lokale Geovekst-prosjekt vert det også gjennomført datafangst i Vestland fylke i regi av Kartverket:

 

Del