Siste oppdatering

Plan, og temadata i Møre og Romsdal

Tilgang til gode temadata er grunnleggjande for å kunne løyse viktige oppgåver for samfunnet knytt til planlegging og forvalting. Kartverket Møre og Romsdal arbeider for å auke kvaliteten på og bruken av temadata i forvaltinga.

Les meir DOK og temadata

Tilgang til gode temadata er grunnleggjande for å kunne løyse viktige samfunnsoppgåver knytt til planlegging og forvalting. Les meir på temasidene om DOK og temadata.

Temadata vert i hovudsak produsert av nasjonale etatar. Dei dekker fagområde som mellom anna natur, geologi, kulturminne, landbruk, friluftsliv og beredskap. Enkelte kommunar produserer også eigne datasett, som til dømes barnetråkk.

Det offentlege kartgrunnlaget (DOK) i Møre og Romsdal

Kvar kommune skal velje kva for nokre temadatasett som skal inngå i deira DOK. Desse datasetta alltid skal bli tekne omsyn til i kommunens planarbeid og saksbehandling. For å bli godkjent der må eit datasett tilfredsstille krav til datakvalitet og tilrettelegging.

Målet er at alle kommunane skal ha lister over sine valde DOK-data.

Vi trur at denne satsinga skal medverke til at ei rekke viktige miljøfaktorar blir tekne endå betre omsyn til i den kommunale forvaltinga.

Les meir om DOK, og sjå status på geonorge.no

Plan- og temadatautval 

Arbeidet med temadata vert koordinert av arbeidsutval for plan- og temadata for Møre og Romsdal som består av representantar frå kommune, fylkeskommune, Statsforvaltaren, Statens vegvesen og Kartverket.

Arbeidsområde

  • Årleg fagdag om temadata for GIS-folk og planleggarar i kommunane
  • Markering av den internasjonale GIS-dagen i samarbeid med vidaregåande skular
  • Rådgjeving ovanfor kommunane om bruk av og tilgang på geodata
Del
XPPT