Samanlikning av nyare ortofoto frå 2020 (venstre) og historisk ortofoto fra 1971 (høgre).
NYTT MØTER GAMMALT: Samanlikning av nyare ortofoto frå 2020 (venstre) og historisk ortofoto fra 1971 (høgre). Ill: norgeibilder.no.
Siste oppdatering

Historiske ortofoto

Alle flyoppgåvene frå prosjektet «Historiske ortofoto M&R 2021» er no ferdige, og du kan sjå ortofotoa i innsynsløysinga norgeibilder.no.

Fleire historiske ortofoto

Ønske om ny runde med historiske ortofoto kjem frå fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal. Geovekst-partane i fylket ville vere med, og i 2021 satte vi i gong. Til saman er det over 8 600 flyfoto med i dette prosjektet, fordelt på 75 flyoppgåver frå tidsperioden 1957-2004.

Kartverket skanna desse flybileta i 2021, og oppdraget med å produsere ortofoto vart sett vekk til eit kartleggingsfirma, Field Group AS. No er siste prosjekt gjennom kontrollen, og alle bileta ligg ute på norgeibilder.no

Turid Elde hos Kartverket sitter foran pc-skjermer med historiske kart på.
FULL KONTROLL: Senioringeniør Turid Elde hjå Kartverket i Møre og Romsdal err kontrollansvarleg for prosjektet. Ho syter for at bileta du finn på norgeibilder.no er av så god kvalitet som råd er. Foto: Kartverket.

Kvalitet på bileta

Det er ikkje same krav til stadfestingsnøyaktigheit og biletkvalitet for historiske ortofoto som for ortofoto produsert frå flybilder etter dagens standard. Det er derfor noko større avvik mellom FKB-data og dei historiske ortofotoa enn vi er vane med. Dette er særleg tydeleg i ytterkant av flyoppgåvene, og i område der det har vore store endringar i terrenget. Vi har valt å ikkje klippe vekk område i ytterkantane sjølv der det er store avvik, då bileta uansett kan ha verdi for brukarane.

Ferdige ortofoto

Alle ortofotoa er no klare. Sjå kva for flyoppgåver som er med i din kommune i oversikten under.

Nyttig verktøy i planlegging

Eldre historiske ortofoto gir ofte godt innsyn til bakken på grunn av beitedrift i utmark og lite vegetasjon. Bileta viser ofte mange opphavelege landsapselement før moderne naturinngrep.

Skredsoner og skredvifter i beitelandskap er gjerne godt synlege, og bekkar og vassdrag følgjer i stor grad sine naturlege løp med intakte flaumsoner. Slik kan bileta gi verdifulle innspel i arbeidet med klimatilpassing i områder der ein har hatt stor byggeaktivitet inntil skredvifter, elveløp og på elvedelta.

Bileta er nyttige for samfunnsplanlegging i høve skred, flaum og havnivåendring, planarbeid og sakshandsaming, forsking og jordskifte, og dei vil også være interessante for historieinteresserte privatpersonar.

Kontakt

Del

Flyfoto og ortofoto

I tjenesten Norge i bilder kan du se rykende ferske flyfoto, samt et utvalg av historiske ortofoto i kartet! Finner du ikke det du trenger der, kan du kjøpe flyfoto fra arkivet vårt.

Noreg digitalt i Møre og Romsdal

Kartverket ved fylkeskartkontora skal etablera ein felles arena i fylka for arbeidet med datagrunnlag som inngår i Noreg digitalt.

Norge i bilder

Norge i bilder er ypperlig for den historieinteresserte. Se hvilke endringer som har blitt gjort de siste årene ved å bruke verktøyene «sammenligne bilder» eller «gjennomsiktig bilde».