Siste oppdatering

Rettleiing for kartlegging av tilgjengelegheit

Kartverket har utarbeida rettleiing for å kartlegge tilgjengelegheit i tettstader og friluftsområde.

Rettleiing Hjelp til kartlegging av tilgjengelegheit

Her finn du rettleiing utarbeida av Kartverket.

Dei kartlegde objekta blir vurdert ut frå grad av tilgjengelegheit. Les meir om klassifikasjon her:

Kartverket utviklar standardar for geografiske data om tilgjengelegheit. Når ein følger dette metodeopplegget, får ein etablert kartbasert informasjon. Det vil seie at informasjonen kan knytast til stader på kartet. Metoden kan brukast både i tettstader og friluftsområde.

Målet med å etablere nasjonale rettleiarar og ein nasjonal metode er å sikre ei einsarta registrering av tettstader og frilufts-/ friområde over heile landet. Rettleiarane blir fortløpande oppdatert på bakgrunn av erfaringar frå feltarbeidet og andre innspel. Sjekk at du har den siste versjonen før du tar rettleiarane i bruk.

Kartverket har utvikla ein applikasjon for registrering av tilgjengelegheitsdata.

Tilgjengelegheit i tettstadar

Rettleiaren beskriv kartlegging av parkeringsplassar, inngangsparti, fortau, gangfelt med meir.

Tilgjengelegheitsdata skal registrerast i svært ulike område. Det er ikkje alltid det er hensiktsmessig å kartlegge dei same objekta. Om kapasiteten er knapp, må ein prioritere det viktigaste.

Ved registrering i tettstader skil ein mellom sentrumssone og tettstadsareal. I sentrumssonene skal detaljeringsgraden være størst. Her skal både enkeltobjekt og eit samanhengande vegnett kartleggast. Det skal også kartleggast HC-parkeringsplasser som ikkje eintydig kan tilordnast ein offentleg bygning, men som er eit naturleg startpunkt for personar som skal røre seg i sentrumssona.

I tettstadsarealet utanfor sentrumssona er det nok med registrering av tilkomstvegar og inngangsparti til offentlege bygningar. I tillegg skal ein kartlegge den HC-parkeringsplassen som ligger nærmast den registrerte bygninga.

Tilgjengelegheit i friluftsområde

Rettleiaren beskriv kartlegging av rekreasjonsområde (friluftsområde, parkar og naturområde, badeplass, fiskeplass med meir).

Når ein kartlegg tilgjengelegheit i friluftsområde skil ein mellom to ulike kategoriar:

Sikra friluftsområde

Med sikra friluftsområde meiner ein dei områda der staten har skaffa seg råderett over areal ved erverv av eigedomsrett, eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale).

Les meir om statleg sikra friluftsområde hos Miljødirektoratet.

Kommunale/ andre friluftsområde

Desse vil ofte ikkje være sikra av det offentlege, men fungerer som friluftsområde for folk flest.

I tillegg kan ein kartlegge objekt uavhengig om dei ligg i eller utanfor eit friluftsområde. Det kan vere objekt som:

  • Toalett/ omkledingsrom
  • Fiskeplass/ brygge
  • Grill-/ bålplass
  • Gapahuk/ hytte
  • Baderampe
  • Sittegruppe/ kvilebenk
  • Turveg
  • Skiløype
  • Parkeringsområde
  • HC-parkeringsplass
Del
XPPT