Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.
Last updated
Fritak for dokumentavgift
I enkelte situasjonar slepp du å betale dokumentavgift. Til dømes dersom du skal overføre eigedom til ektefelle. Krav om fritak må du skrive i skøytet.
Kven slepp å betale dokumentavgift?
I lov om dokumentavgift og i Stortingets vedtak om dokumentavgift er det gitt fritak frå plikta til å betale dokumentavgift i enkelte situasjonar. Ei fullstendig oversikt over alle fritaksgrunnane finn du i rundskrivet om dokumentavgift frå Skattedirektoratet. Her gir vi deg ei oversikt over dei vanlegaste situasjonane der dokumentavgifta blir heilt eller delvis redusert.
Hovudregel for dokumentavgift
Det skal som hovudregel alltid betalast dokumentavgift ved tinglysing av dokument som overfører grunnboksheimel til fast eigedom. Avgifta er 2,5 prosent av eigedomen sin marknadsverdi på tinglysingstidspunktet. Enkelte overføringar er likevel fritekne for avgiftsplikta. Nedanfor finn du ei oversikt over dei mest aktuelle fritaka.
Tinglysing av skøyte som overfører eigedom mellom ektefellar under ekteskapet, er friteken for dokumentavgift. Dette gjeld alle eigedomar, både eigedomar i felleseige og i særeige.
Tinglysing av skøyte som overfører eigedom til den attlevande ektefellen ved den andre ektefellens død, er friteken for dokumentavgift. Det betyr at ein attlevande ektefelle som blir einig med dei andre arvingane om å overta eigedomen den avdøde har grunnboksheimel til, ikkje treng å betale dokumentavgift ved tinglysing av skøyte. Fritaket gjeld alle faste eigedomar, både felleseige og særeige.
Separasjon eller skilsmisse, jf. dokumentavgiftslova § 8
Ved separasjon eller skilsmisse er det fritak for overføring av eigedom i samband med skifte av felleseige, men ikkje for overføring av eigedom i særeige.
Ved samlivsbrot er det fritak for dokumentavgift ved overføring av felles bustad dersom visse vilkår er oppfylt. Fritidseigedomar blir ikkje omfatta av fritaket.
Vilkåra er at sambuarane har hatt felles folkeregistrert adresse i minst to år, eller ventar, har eller har hatt felles barn.
Dersom grunnen til samlivsbrotet er at den eine sambuaren døyr, er det tilstrekkeleg med felles folkeregistrert adresse på dødsfallstidspunktet. Les meir om dokumentavgift ved samlivsbrot.
Ved overføring av fast eigedom i samband med eit dødsfall, blir det ikkje dokumentavgift når eigedomen blir overførd til lovbestemte arvingar. Dette gjeld også ved utdeling frå uskifta bu.
Forskot på arv blir ikkje rekna som arv etter lova, og gir ikkje fritak. Arv som følgjer av avkall eller avslag på arv blir ikkje rekna som arv etter lova og gir ikkje fritak.
Testamentsarv som overstig arveparten etter lova gir heller ikkje fritak, med mindre testamentsarvingen overfører eigedomen vidare same dag. Les meir dokumentavgift for testamentsarvingar.
Arv frå uskifta bu, jf. stortingsvedtaket § 2 f
Ein attlevande ektefelle eller sambuar som sit i uskifte kan overføre ein eigedom til ein av førstavdøde sine arvingar. Mottakaren kan krevje dokumentavgiftsfritak for den arveparten som han har krav på etter førstavdøde. I slike tilfelle er det viktig å halde den attlevande ektefellen sin part av felleseiget utanfor. Ektefellen også er arving til ein part av eigedomen.
Testamentsarv som blir overskøytt vidare, jf. stortingsvedtaket § 2 j
Dei som er tilgodesette med ein fast eigedom i eit testament, må i utgangspunktet betale full dokumentavgift.
Ein testamentsarving kan selje eigedomen eller gi den vidare til nokon andre. Heimelserklæring og skøyte må sendast inn saman. Dei blir tinglyste same dag, då blir det berre utrekna dokumentavgift ein gong. Les meir om dokumentavgift ved arv.
Ved innløysing av festetomter, kan partane enten avtale ein innløysingspris, eller innløyse tomta til den prisen som følgjer av tomtefestelova. Hvis prisen er fastsett etter tomtefestelova § 37, kan denne summen skrivast som avgiftsgrunnlag for dokumentavgift i skøytet.
Partane kan avtale ein annan innløysingssum, eller festaren kan overta tomta vederlagsfritt. Du må då følgje hovudregelen og betale full dokumentavgift av tomtas salsverdi. Les meir om innløysing og sletting av festerett.
Festerett på ubygd tomt og andre rettar
Overføring av reine bruksrettar, til dømes leigerett eller festerett til ubygd eigedom, utløyser ikkje dokumentavgift. Du betaler berre dokumentavgift ved overskøyting av bygningar eller grunn når du blir eigar av desse.
Burettslagsandelar kan fritt omsetjast utan dokumentavgift. Dette gjeld alle overføringar og endringar i eigarforhold til burettslagsandelar. Grunnen til dette er at burettslagsandelar ikkje vert rekna for å vere fast eigedom. Overføringane fell dermed utanfor hovudregelen i Stortinget sitt vedtak om dokumentavgift § 1. Les meir om overføring av burettslagsandelar.
Den endelege omorganiseringa og tinglysinga av grunnboksheimelen til den faste eigedomen, må ha funne stad etter 1. januar 2016. Kva krav Kartverket stiller til dokumentasjon, er nærare regulert i forskrift om dokumentavgift § 2-4. Ta kontakt med skatteetaten for spørsmål om skattereglane. Les meir om fusjon, fisjon og annan omorganisering.
Første overføring av ein sjølvstendig og heilt ny bygning som ikkje er tatt i bruk, jf. stortingsvedtaket § 3
Ved første overføring av ein nyoppførd bygning som ikkje er tatt i bruk, blir det berre betalt dokumentavgift av tomteverdien, ikkje bygningen. Bygningen må vere nyoppførd. Ombygging og påbygg blir ikkje godtatt.
Dersom ein bygning er oppførd på festa tomt, skal det ved første overføring ikkje betalast dokumentavgift. Grunnen til det er at i eit festeforhold vil du eige bygget og leiger tomta.
Les meir om vilkår og spesielle reglar for bruk i inntil tre år i kapittel 4.13 i avgiftsrundskrivet frå Skattedirektoratet.
Ved overføring av ein bygning som er under oppføring, skal du berre betale dokumentavgift av tomteverdien. Dette gjeld utan avgrensingar om kor mange overføringar som vert gjort i perioden bygningen er under arbeid.
Det skal ikkje betalast dokumentavgift for gåve til det offentlege, stiftelsar og legat med allmennyttige formål, eller til foreiningar med allmennyttige formål som har styre her i landet. Dette gjeld både gåver som blir overførde med skøyte og gåver som er bestemt i testament.
Kartverket gjer ei konkret vurdering i kvar enkelt sak om det er fritak for dokumentavgift etter denne føresegna. Dei som meiner at dei fell inn under dette dokumentavgiftsfritaket, bør i eit følgjebrev gi ei kort framstilling for kvifor dei meiner fritaket skal gjelde i saka. Les meir om kva kriterium som blir lagt til grunn i kapittel 4.1 i avgiftsrundskrivet frå Skattedirektoratet.
Dersom du meiner å ha rett på eit av fritaka, må du skrive lovparagrafen som gir fritaket i punkt 3 i skøytet. Du må også skrive nokre ord om kva fritaket som gjeld, særleg når fritaksheimelen har fleire alternativ.
Eksempel: "Fritak for dokumentavgift pga. samlivsbrot mellom sambuarar, jf. dokumentavgiftslova § 8 andre ledd. Overføring av felles bustad".
I nokre situasjonar må du legge ved nødvendig dokumentasjon. I oversikten over dei vanlegaste fritaksgrunnane står det nærmare forklart om du må leggje ved dokumentasjon i di sak. Du kan også gje nærmare forklaring i eit følgjebrev.
Viss du ikkje finn ein fritaksgrunn som passar til din situasjon, må du betale dokumentavgift.
Avgiftsberekninga og spørsmål om eventuelle fritak blir avgjorde av Kartverket når dokumenta er sende inn til tinglysing i vanleg post. Vi kan ikkje svare på konkrete avgiftsspørsmål på førehand.
Ofte stilte spørsmål
Nei. Dersom dokumentet er tinglyst og ikke inneholdt feil kan vi ikke omgjøre tinglysingen. Dette gjelder alle dokumenter som har blitt tinglyst, uansett om det er kort tid siden det ble tinglyst. Dersom du vil klage på en tinglysing kan du lese mer om det i artikkelen vår om klage.
Nei. Betalingsfristen på fakturaer som gjelder tinglysing er 14 dager. Vi kan ikke dele opp fakturaen eller gi betalingsutsettelse. Dersom fakturaen ikke blir betalt går saken videre til Statens innkrevningssentral (SI). Du kan undersøke med SI om de har mulighet til å gi utsettelse, eller delbetaling.
Dersom du har feilaktig påført verdien til eiendommen når du har fritak på dokumentavgift vil du få en faktura på dokumentavgift. Fakturaen må du betale, men du kan sende en klage der du forklarer situasjonen og ber om å få dokumentavgiften refundert. En saksbehandler vil da vurdere klagen og enten refundere det du har betalt i dokumentavgift, eller avslå klagen. Du vil enten motta en kreditnota eller et skriftlig svar om hvorfor du ikke får refundert kravet.
The mail has been sent!