Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Vel gjennomført årsmøteturné

Møtene i forvaltning, drift og vedlikehald (FDV) er en viktig del av Norge digitalt-samarbeidet. De ble derfor avholdt flere steder rundt om i Troms og Finnmark slik at flest mulig fikk anledning til å delta.

Møta vart haldne i perioden 5. - 15. mars og starta med at Kartverket fortalde om status for økonomien innan forvaltning, drift og vedlikehald (FDV), og om kva som rører seg på geodatafronten regionalt og nasjonalt.

Vidare informerte me om:

  • Pågåande Geovekst-prosjekt
  • Diskusjonstema: interkommunalt samarbeid om geodataoppgåver
  • Skjerpa krav for registrering av luftfartshinder
  • Endringar i Kartverket sitt arbeid med plandata
  • Fritidsbustad-prosjektet

To «etappar»

Årets møteturné bestod av to etappar, først tre dagar i Finnmark, følgd av tre dagar i Troms veka etter. Om lag 60 deltakarar deltok på møtane.

På alle stadane me besøkte var det vertskommunen som stilte møterom i rådhuset til disposisjon. Ein stor takk til desse for gjestfriheita!

Finnmark fylke 5., 6. og 7. mars

Me starta i aust på rådhuset til Unjárga gielda, Nesseby kommune, i Varangerbotn. Her møtte me mange av kommunane og andre partar i Aust-Finnmark.

Deretter rulla turnéen vidare via fly til Hammerfest kommune. Her var det ikkje så mange påmeldte, men det vart eit uformelt og triveleg møte med godt engasjement frå partane som var til stades.

Deretter gjekk turen vidare med hurtigbåt til siste stopp denne veka, Alta kommune. Her møtte me nokre av kommunane i Vest-Finnmark.

Troms fylke 13., 14. og 15. mars

Onsdagen etter sparka me i gong Troms-etappen i Olderdalen i Kåfjord kommune. Her dukka fleire av kommunane i Nord-Troms opp.

I Harstad kommune dagen etter kom det mange offentleg tilsette frå både den midtre og den sørlege delen av fylket.

På turnéens siste dag møtte me ein del partar frå Midt-Troms på Finnsnes i Senja kommune.

Regmoter-TRF-2024-Varangerbotn-Astrid-Vetrhus-16-9.jpg
FKB GRØNNSTRUKTUR: Deltakerne på møtet i Varangerbotn fulgte godt med da Astrid Vetrhus informerte om det nye datasettet. Foto: Steinar Vaadal, Kartverket Troms og Finnmark.

Kommunesamarbeid

Troms og Finnmark inneheld mange små kommunar, og eitt av temaa me tok opp i år er kommunesamarbeid. Geodataarbeidet som skal gjerast i kommunane krev ein type spisskompetanse som det både er utfordrande å rekruttera, og å halda på. Få tilsette og manglande fagmiljø kan og spele inn.

Det er mange fordelar med kommunesamarbeid, og ein del av kommunane i regionen samarbeider allereie om planarbeid.

Er det òg mogleg å samarbeida om matrikkel og/ eller byggesak? Dersom til dømes to småkommunar som kvar for seg ikkje har nok geodataarbeid til ei 100 % stilling deler på ein geodataingeniør, vil dette kanskje gi geodataingeniøren stor nok fagleg relevant arbeidsmengd til å fylla opp ei heil stilling.

Mer robust fagmiljø

Eit større samarbeid mellom kommunar med totalt sett fleire tilsette på geodata kan gi eit meir robust fagmiljø. Med meir fagleg relevant arbeid, og eit større fagmiljø, kan det bli lettare både å rekruttera og å halda på fagkompetanse. Formelt samarbeid er det opp til kommunane å starta, men fylkeskartkontoret kan bidra med å vera drivkraft for meir uformelle samarbeid i regionen.

Om dette er av interesse, ta kontakt.

Forvaltning, drift og vedlikehald (FDV)

For FDV-økonomien er det to store endringar i år. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) er nå fast part i samarbeidet, og det er oppretta eit nytt datasett innanfor detaljerte kartdata, Felles kartdatabase (FKB) Grønnstruktur.

Les om innføring av Grønnstruktur (nibio.no)

NVE er ein stor brukar av Geovekst-data, og er særleg interessert i gode vass- og høgdedata.

Sjå Melding nr. 4 frå Geovekst-forum (geonorge.no)

Nasjonalt register over luftfartshindre (NRL)

1. januar 2023 kom det ei forskriftsendring for Nasjonalt register over luftfartshinder (NRL).

Det er no fleire typar hinder som skal registrerast i NRL. Til dømes alt av straum- eller signalførande luftspenn, uansett høgd.

I tillegg er krava til nøyaktigheit skjerpa inn.

Hugs! Innan 1. juli i år må alle hinder registrert før 1. januar 2023 følga dei nye krava. Det er eigar av hinderet som er ansvarleg for å rapportera endringar til NRL.

Du finn meir informasjon om NRL og om forskriftsendringane her (kartverket .no)

Fritidsbolig-prosjektet

Skatteetaten har i samarbeid med Kartverket og Statistisk Sentralbyrå starta eit nytt prosjekt kalla fritidsbustad-prosjektet.

Målet med prosjektet er å sørga for rettferdig skattlegging av fritidsbustader frå og med 2026.

I dag er det opphavleg omsetjingsverdi som blir brukt som skattegrunnlag, men på grunn av aukande standard på fritidsbustader gjennom fleire tiår medfører dette at skattegrunnlaget for mange fritidsbustader er for lågt. Skatteetaten ønsker i større grad å bruka matrikkelen til å berekna skattegrunnlag. Men i matrikkelen er det til dels store manglar når det gjeld informasjon om fritidsbustader. Prosjektet skal difor ta i bruk sjølvrapportering frå eigarar for å fylla hòla i matrikkelen.

Les meir om fritidsbolig-prosjektet (kartverket.no)

Arbeid framover

Kartverket kjem framover til å jobba mindre med arealplanar, særleg kontroll av planar. Dette arbeidet skal KS overta. Nøyaktig korleis planarbeidet skal ivaretakast framover er førebels under utgreiing, og det vil komma meir informasjon etter kvart.

Program på alle møta

Alle presenterande var frå Kartverket Troms og Finnmark

10:00 Velkommen og Nytt fra Kartverket og Norge digitalt samarbeidet v/ Steinar Vaadal

10:30 Regnskap FDV 2023 v/ Astrid Vetrhus

10:45 Budsjett 2024, Hovedtall v/ Astrid Vetrhus

11:00 Lunsj

11:45 Geovekst-prosjekt v/ Lena B. Johansen

12:15 Hva skjer i 2024

  • Fritidsbolig-prosjektet
  • NRL (Nasjonalt Rgeister over Luftfartshindre
  • Svar på innsendte spørsmål

13:00 Pause

13:15 Tema; Samarbeid om geodataarbeid, med litt gruppearbeid

  • Innledning v/ Steinar Vaadal

14:15 Avslutning

14:30 Vel hjem

XPPT