Temadata i areal- og beredskapsplanlegging og barnetråkk
Korleis temadata blir brukt får du meir kunnskap om på webinaret som Kartverket Nordland og Kartverket Troms og Finnmark held denne dagen. Det er inga deltakaravgrensing! Påmeldingsfrist 2. juni.
Har du spørsmål om webinaret?
Kontaktpersoner:
Arrangør
Formålet med Webinaret er å informera om bruk av temadata i areal- og beredskapsplanlegging. Gjennomføring av barnetråkkregistrering og behandling av personopplysningar.
Program
09:00 Informasjon frå Kartverket
09:05 Barnetråkk v/ Ole Edvard Grov, Skolelaboratoriet i realfag, Universitetet i Bergen og Anita Helstrup, Stavanger kommune
09:30 Temadata i areal- og beredskapsplanlegging v/ Ida Granmo, Studiesenteret RKK Vefsn og Geir Martin Johansen Kartverket.
10:00 - 10:30 Diskusjon\ oppsummering
Målgruppe
Me oppmodar til ei tverrfagleg deltaking frå kommunane og andre som arbeider med temadata.
Det er inga deltakaravgrensing, så fortel gjerne andre aktuelle om webinaret.
Kva er Barnetråkk?
Barnetråkk er ein metode og eit medverknadsverktøy for barn utvikla av Design og arkitektur Noreg (DOGA) i samarbeid med Universitetet i Bergen (UiB).
Verktøyet bidreg til å oppfylla rettar til medverknad i planprosessar, og undervisning for skuleelevar om demokrati- og medborgarskap.
Data frå Barnetråkk skil seg frå andre temadata i Geonorge.no, fordi dei er registrerte av skuleelvar. Det gir ein del utfordringar, både med omsyn til datakvalitet og i forhold til anonymisering av data.
Det vart i 2024 lansert eit ope aggregert datasett, som ikkje inneheld sensitive data. Foredraget vil derfor også fokusera på ulike tiltak for å forbetra personvern for geografiske data av denne typen.
Les meir om Barnetråkk på barnetrakk.no
Temadata i areal- og beredskapsplanlegging
Innlegget er ein introduksjon til korleis temadata kan brukast i arealplanlegging og i beredskapsplanlegging.
Innlegget tek også opp korleis temadata går på tvers av fagområde. Det blir lagt vekt på kvifor samarbeid på tvers av planlegging i samsvar med plan- og bygningslova og beredskapsplanlegging i samsvar med Sivilbeskyttelsesloven er viktig.
Temaet er spesielt relevant for kommunale planleggjarar, beredskapsansvarlege og andre som jobbar med arealforvaltning og samfunnstryggleik.
Informasjon om Studiesenteret RKK Vefsn (studiesenteretvefsn.no)
The mail has been sent!