EHF-faktura for føretak
Profesjonelle føretak får tilsendt EHF-faktura. Det er også mogleg å få tilsendt samlefaktura i staden for.
EHF-faktura
Kartverket leverer fakturaer i EHF-format, som er statens format for elektronisk fakturering. EHF-fakturaer blir levert gjennom meldingssentralen www.sendregning.no. Her kan mottakaren hente og lese fakturafiler i deira system. Kunder som får EHF-fakturaer må ha eit organisasjonsnummer som er registrert i ELMA-registeret.
Samlefaktura på e-post
Dersom eit føretak ikkje ynskjer å få EHF-faktura, kan føretaket få ein samlefaktura på e-post i staden for.
Ein faktura fra Kartverket vil vanlegvis innehalde alle krav som er registrert hjå Kartverket same dag. I store firma eller offentlige etatar, der mange sender inn dokument til tinglysing, kan føretaket samle fakturaene på ein annan måte. Kartverket tilbyr fyljande samlefakturaer:
- Krav samla per dag (normalen)
- Krav samla per dokumentnummer
- Krav samla per kundereferanse
- Krav samla per matrikkeleining
Dersom du ynskjer ein bestemt type samlefaktura frå Kartverket, kan du sende ein e-post til regnskap@kartverket.no. Du må skrive organisasjonsnummeret og kva fakturatype du ynskjer.
E-posten er sendt