Gravemaskin i arbeid
SATELLITTBASERT. Gravemaskinar nyttar satellittdata frå Kartverket for å grave grøfter og tomter med centimeter-presisjon. Foto: Per Anders Bjørklund
Siste oppdatering

Satellitt- og posisjonsdata

Kartverket har satellittdata i sanntid som kan nyttast til å lage posisjonstenester. Vi tilbyr også analyseklare datasett og bakgrunnskart over Noreg basert på data frå satellitten Sentinel-2.

Finn data Slik får du tilgang til satellittdata

For meir informasjon og for å bestille grunndata til posisjonstenester, ta kontakt med Kartverkets kundesenter på telefon 32 11 80 00 eller e-post post@kartverket.no.

Satellittdata basert på satellittdata frå Sentinel-2 - RBG bakgrunnskart, analyseklare datasett og WMS-tjenester - finn du på Geonorge.no.

Meir om satellittdata finn du på satellittdata.no

Kartverket har over 250 geodetiske stasjonar spreidd over heile landet som tar imot og vidaresender satellittobservasjonar. Ved hjelp av desse kan vi korrigere og bestemme ein posisjon heilt ned på centimeternivå. Vi nyttar grunndata frå stasjonane i våre eigne posisjonstenester CPOS og DPOS, samstundes som vi tilbyr dei til andre som vil bruke dei i sine eigne posisjonstenester. Merk at dette er data som ein må betale for.

Bruksområde

Grunndata frå Kartverkets geodetiske stasjonar kan nyttast til å lage posisjonstenester. Ei posisjonsteneste kan til dømes nyttast til innmåling av eigedomsgrenser, registrering og gjenfinning, i anleggsmaskiner, i bergindustrien, i landbruks- og skogsmaskiner til gjødsling/såing, i e-verk og til sjøkartlegging.

Produkteigenskapar

Satellittobservasjonar fra alle dei geodetiske stasjonane blir samla inn i sanntid, behandla på Kartverkets kontrollsenter og vidaredistribuert til eksterne brukarar som kan nytte dei til å lage eigne posisjonstenester. Desse grunndataa inneheld mellom anna avstandsmålingar til satellittane, informasjon om signalkvaliteten og så vidare. Ein får også tilgang til informasjon om sjølve basestasjonane, som ofte trengst for å laga eigne tenester.

Format

Grunndata frå dei geodetiske stasjonane blir levert på standardisert, mottakaruavhengig RTCM 3.2 MSM5-format i datum EUREF89/ellipsoidiske høgder.

Nødvendig tilleggsinformasjon om stasjonane (for eksempel omtrentleg posisjon, nøyaktige koordinatar og type utstyr) går fram av både NTRIP kjeldeliste og nedlastbar informasjon som blir gjort tilgjengeleg etter avtale med dei som kjøper data.

Kart og data frå Sentinel-2

Kartverket tilbyr også - gratis - seks bakgrunnskart av skyfrie mosaikkar samansett av satellittdata frå satellitten Sentinel-2, samt analyseklare datasett frå fem av mosaikkane.

Vi bruker i dag ein av mosaikkane som bakgrunnskart i Norge i bilder for å vise Noreg som eit homogent og sømlaust kartlag. Bakgrunnskarta blir oppdaterte jamnleg og eignar seg godt til å overvake endringar i terrenget. Dei passar i ein større målestokk som grunnlag for kartvedlikehald, analyser og som referanseinformasjon i geografiske informasjonssystem (GIS). 

Karta er på førehand strukke for å gi ein jamn overgang mellom rutene. Dei blir levert som GeoTIFF og Shape. Det er også ei WMS-teneste for dei ulike bakgrunnskarta.

Dei analyseklare datasetta består av atmosfærekorrigerte data, og det følgjer med vektordata som inneheld fotodato. Dataa eignar seg til mange ulike føremål der ein ønskjer å bruke berekningar på rasterdata av dei ulike spektralbanda Sentinel-2 tilbyr.

Brukarhistorier Eigedomsoppmåling og sjølvkøyrande køyretøy

Blinken, Trimble, Sapcorda og Leica Geosystems kjøper grunndata frå Kartverkets geodetiske stasjonar og nyttar dei i eigne posisjonstenester skreddarsydde for mellom anna eigedomsoppmåling og entreprenørar. Fleire av selskapa rettar seg også mot den aukande marknaden for sjølvkøyrande køyretøy. Sapcorda utviklar verdas første "GNSS Multi-Augmentation Service", eit system for sikkerheitskritiske navigasjonseigenskapar i autonome kjøretøy og maskiner.

Del

Finn meir data frå Kartverket

Kartverket lagar og forvaltar ei lang rekkje datasett som er sentrale i den geografiske infrastrukturen i Noreg. Finn fleire datasett på temasida vår for data og API.