Illustrasjon 3D-modell av Ålesund by
TVILLING: Slik ser Ålesunds digitale tvilling ut. Illustrasjon: Offshore Simulator Centre
Siste oppdatering

Digital tvilling av byen

Augment City frå Offshore Simulator Centre AS lagar 3D-tvilling, ein digital kopi, av tettstader, byar og fylke. Det sikra selskapet diplom for beste geodataløysing i kategorien kommersiell teneste eller produkt.

Diplom 2020 Beste kommersielle teneste eller produkt

Augmented City frå Offshore Simulator Centre AS har fått diplom for beste løysing i kategorien kommersiell teneste eller produkt.

Sjå løysinga på nettside

Løysinga kan nyttast til mange ulike føremål, mellom anna som beslutningsstøtte for leiarar og byplanleggarar, det vere seg ordførar, kommunaldirektør, kommunestyre eller andre.

Ho kan også nyttast til kommunikasjon med publikum og innbyggjarinvolvering.

Betre livskvalitet

- Vi ønskjer å hjelpe med å bygge meir effektiv byar og betre livskvaliteten til innbyggarane, seier prosjektleiar Bjørn Aase Dimmen.

- Vi leverer verdas mest avanserte offshore-simuleringsløysingar. Det gir oss ein unik posisjon i utviklinga av smarte berekraftige byar i nært samarbeid med FN. Vi har no laga digital tvilling av 15 forskjellige område, inkludert dei største byane i Noreg og fleire fylke.

Fakta Døme på bruk av geodata

Nasjonalt geodataråd og Kommunal- og moderniseringsdepartementet ønskjer å vise fram nytteverdien av geodata. Hausten 2020 etterlyste dei difor gode døme på bruk av geodata og delte ut diplom til det beste dømet innanfor tre kategoriar: Kommersiell teneste eller produkt, tiltak i offentleg sektor som gir betre og meir effektive prosessar, og løysingar som kombinerer data til ny kunnskap. Sjå fleire smarte løysingar på temasida vår med gode døme på bruk av geodata.

Norske geodata finn du på Geonorge.

Selskapet nyttar data frå Kartverket til å lage til den digitale tvillingen, og det meste av andre typar data og datakjelder kan koplast til.

Berekraftsmål

Med utgangspunkt i FN sine berekraftsmål og viktige nøkkeltal kan ein lage avanserte visualiseringar og simuleringar, forklarer Dimmen.

- Ein forstår store datamengder enklare når ein ser det i eit visuelt format. Dei lokale kommunepolitikarane var nokre av dei første som såg at her får dei eit beslutningsstøtte-verktøy som kan gjere kvardagen enklare. Dei får både ei felles forståing av problema dei jobbar med, og det blir enklare å sjå kva ulike alternativ ein kan velje mellom.

Resultatet er at beslutningar kan gjerast meir på bakgrunn av fakta, og mindre på magekjensle.

- Vi ser no at verktøyet også er svært aktuelt for alle som driv med komplekse beslutningar der du skal forhalde deg til store datamengder, og gjerne skal foreta tunge prioriteringar. Det kan vere Statens vegvesen, Statsbygg, konsulentselskap, bank og forsikring, seier prosjektleiaren.

Koronasituasjonen gjorde aKommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup held fram diplom framfor skjermen, prosjektleiar Bjørn Aase Dimmen på skjermen.
 

DIPLOM. Koronasituasjonen gjorde at diplomutdelinga måtte skje digitalt. Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup framfor skjermen, prosjektleiar Bjørn Aase Dimmen på skjermen, frå Ålesund. Foto: Jenny Clemet von Tetzschner

Juryens grunngjeving

Løysinga lagar ein 3D-tvilling av tettstader, byar og fylke. Denne kan nyttast som beslutningsstøtte for leiarar og planleggarar og i kommunikasjon med publikum. Verdiskapinga for brukarane ligg i moglegheita til enkelt å visualisere eigne data saman med geografiske grunndata. På den måten kan ein få ei oversikt over både utfordringar, nye løysingar og forhold knytt til saksbehandling. Løysinga kan ta inn ulike typar data og visualisere desse i tre dimensjonar.

Del
XPPT