Stadnamn og offisielle språk i Noreg
Rettskrivingsreglane for norsk, samisk og kvensk ligg til grunn når skrivemåten for stadnamn skal fastsetjast.
Denne artikkelen finnes også på nordsamisk, se Báikenamat ja riektačállin.
I norsk rettskriving har vi to målformer med to sett rettskrivingsreglar, bokmål og nynorsk. I tillegg har vi regions- eller minoritetsspråka samisk (sørsamisk, lulesamisk, nordsamisk) og kvensk.
Norsk
Tidlegare normeringsreglar for stadnamn, frå 1912 fram til Føresegner om skrivemåten av stadnamn i 1957, slo fast at nynorsk rettskriving (landsmålsrettskrivinga) skulle følgjast. Til dømes skulle ein skrive -vatn og -skjer over heile landet, jamvel om uttalen var /vann/ og /skjær/.
I dagens regelverk står begge målformer likt. Hovudregelen er at ein skal ta utgangspunkt i den lokale nedarva uttalen og at skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk (bokmål eller nynorsk).
Det er irrelevant å skilje mellom bokmål og nynorsk ved skrivemåten av stadnamn. Innsjønamna Kilevann og Mjøvann i Skien kommune skal til dømes skrivast slik både i bokmåls- og nynorsktekst, medan Botsvatn og Kaldsvatn i Bykle kommune skal skrivast med -vatn.
Fleirspråklege område
For fleirspråklege område er regelen i lov om stadnamn § 11 andre ledd at samiske og kvenske namn som blir nytta blant folk som bur fast på eller har næringsmessig tilknyting til staden, til vanleg skal brukast av det offentlege t.d. på kart, skilt, i register, saman med eventuelt norsk namn.
§ 4 i forskrift om stadnamn gir reglar for geografisk utbreiing av nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk rettskriving.
Forvaltningsområdet for samisk språk
I forvaltningsområdet for samiske språk skal rekkjefølgja av namna vere samisk, norsk, kvensk.
Forvaltningsområdet for samisk språk omfattar dei fire nordlegaste fylkeskommunane og desse kommunane (sortert på fylke):
Finnmark – Finnmárku – Finmarkku:
Guovdageaidnu – Kautokeino, Kárášjohka – Karasjok, Deatnu – Tana, Unjárga – Nesseby, Porsanger – Porsáŋgu – Porsanki
Troms – Romsa – Tromssa:
Gáivuotna – Kåfjord – Kaivuono, Loabák – Lavangen, Dielddanuorri – Tjeldsund
Nordland – Nordlánnda:
Aarborte – Hattfjelldal, Hábmer – Hamarøy
Trøndelag – Trööndelage:
Snåase – Snåsa, Raarvihke – Røyrvik, Rosse - Røros
Fleirspråklege fylkes- og kommunenamn
Troms – Romsa – Tromssa og Finnmark – Finnmárku – Finmarkku er trespråklege namn, mens Nordland – Nordlánnda og Trøndelag – Trööndelage er tospråklege namn.
Kommunar med tospråklege namn:
- Fem kommunar i Finnmark: Guovdageaidnu – Kautokeino, Kárašjohka – Karasjok, Deatnu – Tana, Unjárga – Nesseby, Hammerfest – Hámmerfeasta
- Fire kommunar i Troms: Loabák – Lavangen, Harstad – Hárstták, Dielddanuorri – Tjeldsund, Rivtták – Gratangen
- Sju kommunar i Nordland: Evenes – Evenášši, Sortland – Suortá, Hábmer – Hamarøy, Sørfold – Fuolldá, Fauske – Fuossko, Rana -Raane, Aarborte – Hattfjelldal
- Seks kommunar i Trøndelag: Snåase – Snåsa, Raarvihke – Røyrvik, Namsos – Nåavmesjenjaelmie, Rosse – Røros, Trondheim – Tråante, Levanger – Levangke
Kommunar med trespråklege namn:
- Fire kommunar i Troms og Finnmark: Porsanger – Porsáŋgu – Porsanki, Storfjord – Omasvuotna – Omasvuono, Gáivuotna – Kåfjord – Kaivuono, Nordreisa – Ráisa – Raisi
Av di samisk og kvensk er kasusspråk, skal genitivsforma av stadnamnet brukast når nemninga for fylke og kommune (funksjonstillegget) er med.
Korrekte skrivemåtar av fleirspråklege fylkes- og kommunenamn (det samiske namnet står først for kommunane som er med i forvaltingsområdet for samisk språk, unntatt for Porsanger kommune, sjå ovanfor):
E-posten er sendt