Handbok for namnebehandling
Handbok for namnebehandling samlar informasjon om korleis Kartverket praktiserer arbeidet etter lov om stadnamn med tilhøyrande regelverk. Handboka skal vere eit nyttig og nødvendig brukarverktøy for alle som er involverte i saksbehandlinga.
listInnhold
Handbok for namnebehandling
Handbok for namnebehandling samlar informasjon om korleis Kartverket praktiserer arbeidet etter lov om stadnamn med tilhøyrande regelverk. Handboka skal vere eit nyttig og nødvendig brukarverktøy for alle som er involverte i saksbehandlinga.
Kapittel 1 gjev ei innleiing og ein historikk til arbeidet Kartverket gjer. I tillegg beskriv det dei retningslinene Kartverket har jobba etter sidan lov om stadnamn tredde i kraft i 1991. Kapittel 2 beskriv korleis Kartverket har organisert arbeidet. Kapittel 3–6 er dei mest sentrale delane av handboka, der vi beskriv korleis arbeidet med stadnamn går føre seg i Kartverket.
Handboka er i fyrste rekkje til intern bruk i Kartverket. Men ho vil òg kunne vere nyttig for andre som på ein eller annan måte må sjå på regelverket rundt lov om stadnamn, mellom andre offentlege etatar, private brukarar og partar i namnesaker. Difor har vi valt å leggje boka ut på nettsidene våre – tilgjengeleg for alle.
Handboka blir revidert og oppdatert etter behov. Den gjeldande versjonen vil alltid liggje tilgjengeleg på desse nettsidene.
Sjå lov om stadnamn med tilhøyrande forskrift.
Sjå utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn.
Sjå Språkrådet si nettside om stadnamn.
Sjå Sametinget si nettside om samiske stadnamn.
Sjå Kartverket sine nettsider om stadnamn.