Handbok for namnebehandling
Handbok for namnebehandling samlar informasjon om korleis Kartverket praktiserer arbeidet etter lov om stadnamn med tilhøyrande regelverk. Handboka skal vere eit nyttig og nødvendig brukarverktøy for alle som er involverte i saksbehandlinga.
Handbok for namnebehandling
Handbok for namnebehandling samlar informasjon om korleis Kartverket praktiserer arbeidet etter lov om stadnamn med tilhøyrande regelverk. Handboka skal vere eit nyttig og nødvendig brukarverktøy for alle som er involverte i saksbehandlinga.
Kapittel 1 gjev ei innleiing og ein historikk til arbeidet Kartverket gjer. I tillegg beskriv det dei retningslinene Kartverket har jobba etter sidan lov om stadnamn tredde i kraft i 1991. Kapittel 2 beskriv korleis Kartverket har organisert arbeidet. Kapittel 3–6 er dei mest sentrale delane av handboka, der vi beskriv korleis arbeidet med stadnamn går føre seg i Kartverket.
Handboka er i fyrste rekkje til intern bruk i Kartverket. Men ho vil òg kunne vere nyttig for andre som på ein eller annan måte må sjå på regelverket rundt lov om stadnamn, mellom andre offentlege etatar, private brukarar og partar i namnesaker. Difor har vi valt å leggje boka ut på nettsidene våre – tilgjengeleg for alle.
Handboka blir revidert og oppdatert etter behov. Den gjeldande versjonen vil alltid liggje tilgjengeleg på desse nettsidene.
Sjå lov om stadnamn med tilhøyrande forskrift.
Sjå utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn.
Sjå Språkrådet si nettside om stadnamn.
Sjå Sametinget si nettside om samiske stadnamn.
Sjå Kartverket sine nettsider om stadnamn.
1. Innleiing
1.1 Generelle retningsliner for arbeidet med namnespørsmål
Eit stadnamn er namn på eit geografisk område, til dømes namn på gardar, fjell, innsjøar, elver, øyer, fjell, byar, bygder og gater. Dei eldste stadnamna våre er frå før tidsrekninga vår. Det finst opp mot seks millionar stadnamn I Noreg; Ein million av dei er registrerte i Sentralt stadnamnregister.
Stadnamn er viktige språkelement og kan fortelje ein god del om historia vår. Namnet i seg sjølv kan fortelje mykje, men også sjølve skrivemåten kan fortelje korleis folk prata og uttrykte seg munnleg. Difor er stadnamna immaterielle kulturminne.
1.1.1 Lov om stadnamn
Lov om stadnamn blei vedtatt av Stortinget 18.05.1990. Ho trådde i kraft 01.07.1991. Det har vore lovendringar i 2005, 2015 og 2019.
Kartverket er spesielt omtalt i to samanhengar i lova og forskrifta:
- Lov § 7 Avgjerder (namnevedtak)
- Lov § 14 Stadnamnregister (Sentralt stadnamnregister, SSR)
- Forskrift § 13 Sentralt stadnamnregister
1.1.2 Retningsliner
- Kartverket kan ta opp namnesak. Kartverket både reiser namnesak og vedtek skrivemåte i tråd med § 7 i lova.
- Eit langsiktig mål er at same stadnamn skal ha ein mest mogleg lik skrivemåte i alle funksjonar det inngår i.
- Som kart- og dataprodusent skal Kartverket publisere stadnamn for offentleg bruk, blant anna i adressering. Å dokumentere stadnamn i kart, kartdata og register, har også ein viktig kulturell funksjon som Kartverket må ivareta.
- Kartverket vedtek skrivemåten av stadnamn på grunnlag av ei grunngjeve tilråding frå Språkrådet eller Sametinget, og høyringssvar frå kommunar og andre som har uttalerett (jf. § 8). Dei lokale høyringssvara vil normalt vege tungt så lenge dei er samstemte. Tidvis går høyringssvara imot lov og forskrift når det gjeld skrivemåte, nedervd lokal uttale og tidlegare normeringspraksis. I slike tilfelle legg Kartverket vekt på tilrådinga frå Språkrådet eller Sametinget. Kartverket kan vedta ein annan skrivemåte, til dømes eit kompromiss mellom tilrådinga og dei lokale høyringssvara.
Saksbehandlaren skal involvere seksjonsleiaren for stadnamn viss det er tvil om vedtaket. Det gjeld til dømes når saksbehandlaren ønskjer å stette eit lokal høyringssvar, men er i tvil om dette er i tråd med lov og forskrift. Juridisk teneste skal alltid spørjast ved tvil om regelverket. Om nødvendig tek seksjonsleiar saka opp med overordna ansvarleg for oppgåva, som også involverer juridisk direktør.
- Førespurnadar til Kartverket om å rette, klage på eller endre stadnamn som var i bruk da lova trådde i kraft i 1991, skal stilast til den som har vedtaksrett etter § 7 i stadnamnlova for behandling:
Saka gjeld
Skal stilast til
Nyare bruksnamn
eigar eller festar
Namn på kommunale gater, vegar, parkar, torg, bydelar, bustadfelt, anlegg o.l.
vedkommande kommune
Namn på fylkeskommunale vegar, anlegg o.l.
vedkommande fylkeskommune
Andre namn
stadnamnseksjonen
Kulturdepartementet avgjer kven som skal fastsette skrivemåten viss det er tvil om dette, jf. § 7, 5. ledd.
- Kartverket har rett til å klage på namnevedtak gjort av andre organ, jf. § 12 i lova. Kartverket vurderer å klage når vedtaket
- avvik frå namneformer brukt av Kartverket
- bryt med lovverk, utfyllande reglar for skrivemåten av stadnamn og interne retningsliner
- avvik frå vedtak Kartverket sjølv har gjort
1.1.3 Versjonshistorikk
Versjon | Gjeldande frå | Endring | Bakgrunn for endringa |
1.0 | 23.04.2024 | Versjonshistorikk etablert. | Avgjerd i internt fagavklaringsmøte 23.04.2024. |
1.1 | 28.05.2024 | Tekst i kapittel 7.2 flytt til 7.3. Ny tekst i kapittel 7.1 og 7.2. | Avgjerd i internt fagavklaringsmøte 28.05.2024. |
1.2 | 26.06.2024 | Ny tittel og endra tekst i kapittel 2.1. | Avgjerd i internt fagavklaringsmøte 25.06.2024. |
1.2 Reise namnesak
Som vedtaksorgan kan Kartverket reise namnesak etter § 7.
- Kartverket må reise namnesak når "nye" namn skal takast i bruk. Unntak: Sjå 1.2.3 siste punkt.
- Kartverket bør reise namnesak når det er avvik i namnebruk mellom Kartverket og andre offentlege etatar.
- Kartverket bør reise namnesak for å rette feil, til dømes når skrivemåten bygger på ei feiltolking av stadnamnet. Ulike skrivemåtar ut frå ulik normering er ikkje "feil".
- Kartverket bør ikkje reise namnesak når det er lik praksis for skrivemåten.
- Kartverket bør ikkje reise namnesak når saka gjeld eit tidlegare vedtatt namneledd.
1.2.1 Viktige prioriteringar for å reise namnesak
- Namn som blir brukt offentleg i mange samanhengar (kart, skilt, adresser osv.)
- Viktige namn som blir brukt i ulike funksjonar, og som har ulik skrivemåte
- Førespurnader frå kommunane, Språkrådet, Vegvesenet og andre offentlege etatar
- Nye namn som er ønskte inn i kartdataene, og som ikkje er i offentleg bruk frå før, eller har ein “tvilsam” skrivemåte i offentleg bruk
- Samlevedtak (sjå 1.2.2)
1.2.2 Samlevedtak
Samlevedtak er vedtak om einsarta skrivemåte for eit namneledd i eit område. Kartverket kan gjere samlevedtak der det er fagleg forsvarleg (for naturnamn og umatrikulerte seternamn, aldri for andre namneobjekttypar). Saker om samlevedtak må alltid avklarast med kommunen det gjeld. Saka gjeld då eit tidlegare vedtatt namneledd, ho kan knytast til det tidlegare vedtaket, og vedtaksbrevet må vise til det tidlegare vedtaket. Med alle samlevedtak må det følgje lister over namna samlevedtaket gjeld, med opplysning om objekttype og stadfesting. Saksbehandlar må registrere samlevedtak og normering i SSR, som beskrive i rettleiinga. Både i namnelista og i SSR må det presiserast for kvart namn kva namneledd samlevedtaket gjeld.
1.2.3 Namn det ikkje er nødvendig å reise namnesak på
- Namn som var i offentleg bruk før 01.07.1991 (på kart, skilt osv.) og som har ein uproblematisk skrivemåte. Uproblematisk vil seie at skrivemåten er i samsvar med gjeldande regelverk for normering av stadnamn i offentlig bruk, og at det ikkje er forventa reaksjonar på skrivemåten.
- Namn på private institusjonar og anlegg. Dei er ikkje omfatta av lov om stadnamn.
- Bruksnamn etablert etter 01.01.1980 som ikkje har eit nedervd namn. Eigaren eller festaren kan sjølv velje namn og fastsette skrivemåten av namnet på nyoppretta bruk og på bruk som ikkje har eit nedervd namn, jf. § 5 fjerde ledd i lov om stadnamn.
- Kommunen må kunngjere namnevalet dersom eit gjeldande namn skal takast i bruk på nye namneobjekt, til dømes adressenamn, tettbygde strøk, bustadfelt o.a. Kommunen må alltid sende namnet til Språkrådet for vurdering. Språkrådet avgjer om det er nødvendig å reise full namnesak etter lov om stadnamn.
- Det er mogleg å føre og rette stadnamn i SSR etter ei forenkla rutine, utan å måtte reise formell namnesak med full høyring. Dette gjeld
- ved nytildeling av namn (t.d. adressenamn),
- i samband med tilordning av godkjende namn i SSR til ein tidlegare namnesak eller til ein annan godkjend skrivemåte.
Bakgrunnen for denne forenklinga finnes i brev frå Kulturdepartementet datert 13.01.12. Sjå avsnitt 6.7 "Forenkla rutine i behandlinga av stadnamn". - Det kan oppstå strid om kva som er rett stadnamn (ikkje skrivemåte) på ein stad, eller det kjem melding om at stadnamnet er feil plassert. I slike tilfelle må Kartverket undersøke kor stadnamnet tradisjonelt høyrer heime. Lokale namnesamlingar, bygdebøker, gamle kart, andre historiske kjelder, grunneigarar og lokale kjendfolk kan bidra til å klarlegge tradisjonell bruk. Involver kommunen og Språkrådet ved behov. Namnesak etter lov om stadnamn kan nyttast til å avgjere saka dersom slike undersøkingar ikkje gir eit avklarande svar.
Sjå elles avsnitt 7.2 om namnsetting av naturlokalitetar.
Sjå Kartverkets adresserettleiar kap. 6 for meir informasjon om stadnamn og namnebruk i adresser.
2. Organisering av namnearbeidet
2.1 Kartverket vedtek skrivemåten
Kartverket vedtek skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn, seternamn, naturnamn, namn på reinbeitedistrikt, namn på statlege anlegg og anna, dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift.
Ein sakshandsamar behandlar saka etter lov om stadnamn. Saka går til seksjonsleiaren for underskrift. Viss den aktuelle sakshandsamaren er inhabil i ei sak, skal saka overførast til ein sakshandsamarkollega. Viss seksjonsleiaren er inhabil i ei sak, skriv avdelingsleiaren under.
3. Reising av namnesak
3.1 Namnesak - definisjonar og saksgang
Namnesak: Prosedyre der ein fastset skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk etter dei føresegnene som står om dette i lov om stadnamn og forskrift om stadnamn. I alle namnesaker må ein følgje det som står i § 6, 8 og 9 i lov om stadnamn (førebuing) og § 9 i forskrift om stadnamn (vedtak og innmelding til SSR). Sjå nærmare om dei ulike stega i namnesaker i kapittel 4 og på Kartverket sine nettsider: Slik fastset Kartverket skrivemåten av stadnamn.
Full namnesak (primærnamnsak): Prosedyre der ein fastset skrivemåten av stadnamn etter føresegnene i lov om stadnamn og forskrift om stadnamn, og der ein tek med alle namneobjekt som er like eller avleidde av det same primærnamnet i same området, til dømes Rørheim (gard) Rørheim (bruk), Rørheimsfjellet (fjell) og Rørheimsvegen (adressenamn). Om det er usemje eller tvil om skrivemåten av primærnamnet, t.d. Rørheim/Røreim, er det vanleg å avklare spørsmålet med full namnesak.
Avgrensa namnesak: Prosedyre der ein fastset skrivemåten av eit stadnamn, utan at ein tek med ev. andre namneobjekt i nærleiken som inneheld det same primærnamnet. Døme: Kommunen vil fastsetje Åsheimsvegen, og Åsheim står frå før som ein godkjend og prioritert skrivemåte av gardsnamnet (primærnamnet) i Sentralt stadnamnregister (SSR). Dersom Åsheim er den einaste skrivemåten som vert brukt, eller det er semje om denne skrivemåten, er det ikkje naudsynt med namnesak for primærnamnet (gardsnamnet Åsheim) eller andre avleidde namn. Kommunen kan difor fastsetje Åsheimsvegen som nytt adressenamn utan at det vert full namnesak.
3.2 Kven kan ta opp namnesak?
- Stat, fylkeskommune, kommune, offentleg eigde selskap
- Eigar eller festar av gardsbruk eller eigedom
- Lokale organisasjonar med særleg tilknyting til staden
- Stadnamntenesta i Språkrådet
Den som har teke opp ei namnesak, kan be om at ho blir stansa, men vedtaksorganet tek den endelege avgjerda.
3.2.1 Når skal Kartverket reise namnesak?
Sjå kapittel 1.2.
Kartverket reiser namnesak i desse tilfella:
- Ved ekstern oppmoding om å reise namnesak (sjå avsnitt 3.1).
- Ved internt ønske om å reise namnesak, særleg dersom namnet er ”stort og viktig”, t.d. når:
- ulike skrivemåtar av det same namnet er i bruk på ulike produkt
- namnet bør ha ein annan skrivemåte i tråd med stadnamnlova
- skrivemåten byggjer på ei feiltolking av namnet - Ved behov for eit nytt stadnamn i eit produkt, og det ikkje ligg føre ei godkjend skrivemåte av namnet.
Det er ikkje nødvendig å reise namnesak på bruksnamn etablert etter 01.01.1980. Bruk etablert før 1980, kan ha eit nedervd stadnamn. Ved ønske om ein annan skrivemåte enn den som er godkjend som nedervd på eit etablert bruk, må det reisast namnesak. I det offentlege må den vedtekne skrivemåten på eit nedervd stadnamn nyttast inntil det er gjennomført ei namnesak.
Det er ikkje naudsynt å reise namnesak når vi kan vise til ein vedteken eller godkjend skrivemåte. Sjå avsnitt 6.7.
3.2.2 Korleis skal Kartverket reise namnesak?
- Registrer namnesaka i SSR før oppstartsbrevet blir sendt ut. Namnesaka får automatisk eit nummer frå SSR. Ta dette nummeret med i overskrifta i brevet. Registrer alle namna som inngår i saka, i SSR.
- Legg den/dei føreslegne skrivemåtane inn i SSR med status foreslått. Lag eit namnesaksskjema med dei registrerte namna. Dette er ikkje naudsynt viss det er få namn i saka.
- Send oppstartsbrevet og namnesaksskjemaet til kommunen for høyringsrunde. Kommunen har ein tidsfrist på minst tre månader. Også andre som har rett til å uttale seg i namnesaka (jf. lova § 8 tredje og fjerde ledd), skal ha ein tidsfrist på minst to månader frå dei får saka, jf. forskrifta § 8 andre ledd. Kommunen kan skriftleg be om lengre tidsfrist.
Oppstartsbrevet skal mellom anna innehalde informasjon om:
- kva for kjelder som er nytta
- kven kommunen må sende høyringa direkte til (eigarar og festarar om gardsnamn og bruksnamn, samt lokale organisasjonar som har tilknyting til namnet (historielag, mållag etc.)), sjå Prop. 65L 2018–2019, avsnitt 4.6 frå side 26, samt side 41
- kva for adressenamn som er innlemma i saka (dette skal takast med sjølv om det er kommunen som gjer vedtak)
- at grunneigarar har rett til å fastsetje skrivemåten av bruksnamn på eige bruk (men klageretten for namnet i andre funksjonar, t.d. gardsnamnet, fell da bort)
- normeringsprinsipp og saksgang
- at kommunen har ansvaret for å kunngjere at namnesaka er reist, t.d. ved notis i ei lokalavis og på nettsidene sine
- at kommunen òg har ansvaret for å innhente og samordne dei lokale høyringssvara
3.2.3 Gjenopning av namnesak
Vedtaksorganet avgjer om ei sak skal takast opp på nytt og eventuelt om saka skal ut på ny høyring. Normalt skal gjenopna saker ut på ny høyring, men vedtaksorganet kan vurdere om det er grunnlag for å endre vedtaket utan full saksbehandlingsrunde, ref. forvaltningslova § 33. Ei sak kan bli gjenopna dersom det kjem til nye opplysningar. Nytt lovverk er å rekne som nye opplysningar.
Nye reglar som endrar det faktiske vurderingsgrunnlaget, er grunn til gjenopning. Kartverket vurderer kvar oppmoding om gjenopning for seg, og vurderer både sjølve vedtaket om skrivemåten og grunnlaget for gjenopning av saka. Det er § 10 i lova som heimlar gjenopning.
Sjekkliste i vurderinga:
-
Er det grunnlag for gjenopning av saka?
-
Er unntaksregelen vurdert i vedtaket?
-
Regelen skal vurderast oftare, men ikkje nødvendigvis nyttast oftare.
-
Er vedtaket om skrivemåten behandla i klagenemnda for stadnamnsaker?
-
Kva seier vedtaket frå klagenemnda?
-
Korleis er stemmefordelinga i klagenemnda?
-
Korleis stiller lovverket seg opp mot internasjonale plikter?
Kartverket har tre val ved oppmoding om gjenopning av stadnamnsaker:
-
Behandle saka på nytt – vedta ny skrivemåte
-
Behandle saka på nytt – halde på det opphavlege vedtaket
-
Avvise gjenopning av saka, jf. forskrift om stadnamn § 13
3.2.4 Gjenopning av grunneigar
Ein grunneigar som ønskjer å endre ein vedteken skrivemåte på bruksnamn, må kontakte Kartverket og ta opp namnesak på nytt:
a) Grunneigaren må legge fram dokumentasjon på at skrivemåten har vore i offentleg bruk på eige bruk, ev. vise til dokumentasjon som allereie ligg i SSR om offentleg bruk på kart, i matrikkel o.l.
b) Grunneigaren kan be Språkrådet om tilråding på namneval og skrivemåte viss skrivemåten tidlegare ikkje har vore vurdert, og viss det er formålstenleg
c) Kartverket kan vedta skrivemåten som er ønskt av grunneigar utan lokal høyring.
Er eigedomen eit sameige med fleire eigarar, gjeld vanleg fleirtal eller største prosentvise eigardel.
3.3 Vedtaksorgan
Stadnamnlova § 7 heimlar kva for organ som kan velje namn på ulike objekt og vedta skrivemåten av stadnamn.
Vedtaksorgan |
Kva dei vedtek skrivemåten av |
Kommunen |
vel namn på og vedtek skrivemåten på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, kommunale anlegg o.l. og vedtek skrivemåten av offisielle adresser. |
Fylkeskommunen |
vel namn på og vedtek skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg o.l. |
Statlege organ |
vel namn på statlege anlegg |
Kartverket |
vedtek skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn*, seternamn, naturnamn, namn på reinbeitedistrikt, namn på statlege anlegg o.l. |
Reinbeitedistrikt |
vel namnet på distriktet |
Andre organ |
Sjå avsnitt 3.4 |
* Dette gjeld nedervde bruksnamn. Det er eigne reglar for nye bruksnamn og for eigarfastsette skrivemåtar.
3.4 Vedtaksorgan for namneval og skrivemåte
Namneobjekt |
Namneval |
Skrivemåte |
Merknad (ev. føring) |
Røyste-/stemmekrinsar |
Kommunen |
Kommunen |
Kartverket i Nasjonal inndelingsbase |
Grunnkrinsar |
SSB |
Kartverket |
Kartverket i Nasjonal inndelingsbase |
Kyrkjesokn og prosti |
Den norske kyrkja (bispedømerådet) |
Den norske kyrkja (bispedømerådet) |
Kommunen i matrikkelen |
Poststader |
Posten |
Kartverket |
Posten |
Adressenamn |
Kommunen |
Kommunen |
Kommunen i matrikkelen |
Adresse-tilleggsnamn |
Same som bruksnamnet (viss etter matrikkelforskrifta § 54 fyrste ledd), ev. kommunen |
Same som bruksnamnet (viss etter matrikkelforskrifta § 54 fyrste ledd), ev. kommunen |
Kommunen i matrikkelen |
Skular (grunn-) og skulekrinsar |
Kommunen |
Kommunen |
Kommunen i matrikkelen / Kartverket i SSR |
Skulenamn (vidaregåande skular) |
Fylkeskommunen |
Fylkeskommunen |
Kartverket i SSR |
Tettstader, grender og bygdelag |
Den nedervde stadnamntradisjonen |
Kommunen |
Kartverket i SSR |
Bruer og tunnelar langs vegar |
Statens vegvesen / Nye veier (E, rv.) / fylkeskommunen (fv.) / kommunen (kv.) |
Kartverket (E, rv.) / fylkeskommunen (fv.) / kommunen (kv.) |
Statens vegvesen i NVDB / Kartverket i SSR |
Bruer og tunnelar langs jernbanar, samt jernbanestasjonar |
Bane NOR |
Kartverket |
Kartverket i SSR |
Hyttefelt og bustadfelt |
Kommunen |
Kommunen |
Kartverket i SSR |
Kraftverk eigde av kommunar eller fylkeskommunar |
Kommunen/ fylkeskommunen der anlegget ligg |
Kommunen/ fylkeskommunen der anlegget ligg |
Gjeld dersom § 1 er oppfylt: "Lova gjeld også bruk av stadnamn i selskap som det offentlege eig fullt ut …" |
Fyrstasjonar, fyrlykter og lanterner |
Kystverket |
Kartverket |
Kystverket i Nautisk fagsystem (NFS) / Kartverket i SSR |
For namnevalet må ein halda seg innanfor § 3 om namnevern i lov om stadnamn.
4. Sakshandsaming og namnevedtak
4.1 Reising av namnesak
Førebels vurdering
Ved behov kan Stadnamntenesta gi ei førebels vurdering av namneval og skrivemåte. Sjå pkt. 4.3 om tilråding.
4.2 Høyringsrunde
Kartverket sender namnesaka direkte til kommunen viss det ikkje er behov for ei førebels vurdering.
4.2.1 Kommunen
Kommunen organiserer og samordnar den lokale høyringa, jf. § 8 i lova. Kommunen annonserer saka slik at folk kan kome med synspunkt. Kommunen bør og sende saka til lokale organisasjonar med særleg tilknyting til namnet, til dømes
- historielag
- mållag
- grunneigarlag
- velforeiningar
- kommunal namnekomité (viss det finst)
Grunneigarar/festarar skal få saka direkte viss ho gjeld skrivemåte av namn på eigedomen deira (bruksnamn), sjå Prop. 65L 2018–2019, avsnitt 4.6 frå side 26, samt side 41. Kommunen kan sjølv uttale seg om namn innanfor kommunen.
Kommunen sender alle høyringsfråsegnene til stadnamntenesta, med kopi til Kartverket.
Kommunen har ein tidsfrist på minst to månader. Også andre som har rett til å uttale seg i namnesaka, skal ha ein tidsfrist på minst to månader frå dei får saka. Kommunen kan skriftleg be Kartverket om lengre frist.
Skrivemåten skal fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen av namnet. Kartverket ønskjer derfor opplysningar om den lokale dialektuttalen. Dersom namnet blir uttalt på ulike måtar, vil Kartverket gjerne få opplysningar om dei forskjellige uttaleformene.
4.2.2 Samordning av namn som gjeld fleire kommunar/fylke
Tidvis blir fleire kommunar eller fylke omfatta av eit namnevedtak. Det kan skje i samband med namn på grensefjell, elver, nasjonalparkar o.a. Vedtaksorganet sender då saka til kommunane og fylkeskommunane samtidig, slik at alle kan gi høyringsfråsegner. Når meir enn éin kommune er omfatta, har fylkeskommunen rett til å uttale seg.
4.2.3 Grunneigarar
Skrivemåten av gardsnamnet er retningsgivande for bruksnamn som er identisk med gardsnamnet, eller der gardsnamnet inngår som ein del av bruksnamnet. Grunneigaren kan likevel fastsette skrivemåten av namnet på eigen eigedom (eige bruk), viss han kan dokumentere at den ønskte skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Kartverket er framleis vedtaksorgan.
Prop. 105 L (2014–2015) side 36–37 oppgjev disse kjeldene som aktuelle:
- Dokument som er utferda av offentlege myndigheiter
- Skrivemåtar av bruksnamn som har vore brukte i tenesteyting, på kart og t.d. i register
- Skrivemåtar som finst i matriklar
- Skrivemåtar som finst i skøyte, gamle skuldskiftedokument og tinglyste dokument
Ikkje tilfredsstillande dokumentasjon er private brev, gravsteinar, kjøpekontraktar, namnesamlingar, bygdebøker og avisartiklar.
Eigarfastsett skrivemåte av bruksnamnet kan bli vedtatt utan lokal høyring. Grunneigar kan be om tilråding frå Språkrådet. Avgjerda gjeld berre bruksnamn, ikkje gardsnamn, naturnamn eller andre stadnamn. Sjå lova §§ 5 og 8.
Eigaren eller festaren har rett til å uttale seg i saker som gjeld gardsnamn når skrivemåten av gardsnamnet skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet. Grunneigar har ikkje uttalerett viss han allereie har fastsett skrivemåten for eige bruk, og skrivemåten av gardsnamnet dermed ikkje lenger vil vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet.
Eigarfastsette skrivemåtar kan nyttast i adressetilleggsnamn etter § 54 fyrste ledd i matrikkelforskrifta.
Fråskilde tun på gardsbruk
Når eit gardsbruk blir delt, får den nye eigedomen eit nytt bruksnummer, men han blir ofte ståande utan namn. Folk forbind ofte det nye bruksnummeret, der tunet ligger, med det gamle namnet. Intensjonen i lov om stadnamn er at bruket med det nye bruksnummeret skal ha det nedervde bruksnamnet. Bruksnamnet på det gamle gardsbruket skal som hovudregel registrerast som bruksnamn på nye bruk som består av det som var tunet på det gamle gardsbruket. Sjølv om bruket får eit nytt bruksnummer, er det i realiteten ikkje utan eit nedervt namn, og det kjem difor ikkje inn under § 5 fjerde ledd i lov om stadnamn.
4.2.4 Privatpersonar
Privatpersonar er ikkje part i saka unntatt for saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom. Fråsegner frå privatpersonar kan likevel innehalde nyttige og interessante opplysningar for stadnamntenesta og Kartverket.
4.3 Tilråding
Stadnamntenesta v/ Språkrådet/Sametinget skal gi tilråding om skrivemåte, namneskikk og namnsetjing før vedtaksorganet gjer vedtak. Tilrådingane skal innehalde:
- informasjon om moderne og eldre skrifttradisjon
- informasjon om dagens og eldre uttale
- vurdering og grunngiving av tilrådinga med tilvising til regelverket
- en kommentar om at namnet er vurdert sjølv om dei ikkje har merknadar
Språkrådet/Sametinget utarbeider tilråding om skrivemåten av stadnamnet etter å ha motteke fråsegnene frå høyringsrunden. Tilrådinga om skrivemåte bygger på det Språkrådet/Sametinget veit om namnet:
- tydinga av namnet
- den lokale, nedervde uttalen av namnet
- skrifttradisjonen knytt til namnet
- kva stadnamnlova seier om normering av stadnamn
I tillegg blir vedtatt skrivemåte og tidligare normeringspraksis av samanliknbare namn i det aktuelle området (kommune/region) vektlagt. Opplysningar frå høringsrunden kan føre til at Språkrådet/Sametinget gir ein annan tilråding enn i ein eventuell førebels vurdering, sjå pkt. 4.1.
4.4 Vedtak
Sjå kapittel 1, avsnitt 1.1.2, punkt 4.
Tilrådinga frå Språkrådet/Sametinget er til støtte for Kartverket, og den veg tungt. Kartverket skal gjere sjølvstendige vurderingar av ulike moment i lovverket. Kartverket skal vanlegvis ikkje gjere nye språklege analyser utan å ta ny kontakt med Språkrådet, i det minste munnleg.
Høyringsfråsegner
Kartverket skal vurdere høyringsfråsegnene i saka og vurdere dei etter lov om stadnamn. Fråsegnene frå kommunen og eigar/festar veg tungt i saker om tradisjonelle gardsnamn og bruksnamn. Kartverket skal følgje dei lokale høyringsfråsegnene så lenge dei tilfredsstiller lov og forskrift. Viss ein saksbehandlar i Kartverket ønskjer å stette eit lokalt ønske, men det er tvil om dette er i tråd med lov eller forskrift, må han involvere seksjonsleiaren for stadnamn.
Lov om stadnamn
Hovudregel
- Den nedervde lokale uttalen ligg til grunn for fastsetjing av skrivemåten av stadnamn. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk, samisk og kvensk. Skogfinske stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp.
- For norske namn skal ein følgje dei formene (hovud- eller sideformer) i nynorsk eller bokmål som ligg nærast uttalen.
- Samiske stadnamn følgjer rettskrivinga i samiske språk, og kvenske stadnamn følgjer kvensk rettskriving.
- Skrivemåten som er brukt for det objektet som namnet opphavleg vart brukt om, skal som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for andre namneobjekt med same namn.
- Tidlegare normeringspraksis skal vere ein del av vurderinga.
- Lovens § 4, fjerde ledd praktiserast svært strengt.
Presiseringar/unntak
- Stadnamn som inneheld allment kjende ord eller namneledd, skal skrivast i samsvar med gjeldande rettskriving. Stadnamn som inneheld utdøydde eller uklare språkelement, skal skrivast i samsvar med gjeldande rettskrivingsprinsipp.
- Skrivemåten av norske stadnamn skal følgje den rettskrivingsforma eller regionale samleforma som passar best med den nedervde lokal uttalen. Lokale dialektformer kan veljast når særlege grunnar talar for det. Rettskrivingsformer og regionale samleformer har altså same juridiske status. Se meir om dette i "Utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn." (med lenke)
- Ein kan fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp dersom skrivemåten har vore lenge i bruk, er vel kjend og innarbeidd:
- «Lenge i bruk» og «innarbeidd»: Det skal vere ein lang og dominerande skrifttradisjon for den eldre skrivemåten som er ønskt, helst på offentlege kart og i matriklar.
- «Vel kjend»: Det skal ikkje vere stort sprik i lokale synsmåtar om at skrivemåten er innarbeidd. Ved stort sprik i lokale syn på saka, skal ein leggje vekt på den synsmåten som fremjar hovudregelen.
I saker der det blir vurdert å anvende unntaksregelen, skal følgjande moment takast med i vurderinga:
- Uttalen: Vil skrivemåten endre den lokale uttalen av namnet? Forma som namnet har i den nedervde lokale uttalen, er utgangspunktet for normeringa, og har i seg sjølv verdi som kulturminne.
- Innarbeidd skrifttradisjon: Har det vore ein lang og dominerande skrifttradisjon for ønskte skrivemåten?
- Meiningsinnhald: Vil skrivemåten skjule meiningsinnhaldet? Er det tvil om meiningsinnhaldet, kan den hevdvunne skrivemåten godtakast. Adressenamn som inneheld personnamn/familienamn, gjeld ikkje her.
- Lokale synspunkt: Er det stort sprik i lokale syn på saka?
Rettsreglane på vedtakstidspunktet ligg til grunn for vedtaket.
Ord for retning og størrelse i samband med stadnamn, kalla variasjonstillegg.
- Variasjonstillegget skal som hovudregel stå framfor hovudnamnet i samsvar med vanlege ordstillingsreglar i norsk. Skrivemåten bør spegle den lokale nedervde uttalen.
- Namn med lokal nedervd uttale i eitt ord, skal normalt stå i eitt ord, til dømes Storkalvøya. Ved lokalt ønske kan namnet likevel få skrivemåten Stor-Kalvøya.
- Namn med lokal uttale i to ord, bør få skrivemåte i to ord: Store Kalvøya.
- Variasjonstillegget skal normalt ha den rettskrivingsforma som ligg nærast uttalen på bokmål, nynorsk eller på regional målform.
- Lov om stadnamn gjeld sjølve stadnamnet, ikkje forklarande eller presiserande tillegg. Variasjonstillegget følgjer andre normeringsreglar når det ikkje er del av den lokale nedervde uttalen.
- Samansetningar som sjølv er eigennamn, blir skrivne med stor forbokstav i begge ledd og med bindestrek: Aust-Agder, Nord-Vestlandet, Stor-Oslo, Sørvest-Norge. Samansetninga viser at staden er del av ein heilskap.
- Merk skilnaden mellom Nord-Polen og Sør-Polen som er område i Polen, og Nordpolen og Sørpolen som er kontrastive område.
4.4.1 Vedtaksbrev
Kartverket vedtek skrivemåte og sender vedtaksbrevet til kommunen, Språkrådet, ev. fylkeskommunen og andre etatar avhengig av namneobjekt (t.d. Vegvesenet og SSB). Kommunen sender vedtaket direkte til grunneigarar der namnet på bruket inngår som ein del av vedtaket, sjå forskrift om stadnamn § 9, fjerde ledd.
- Saksbehandlarane skriv vedtaksbrevet.
- Den respektive fylkeskartsjefen godkjenner vedtaket. I saker som vedkjem fleire fylkeskartkontor, skal begge/alle fylkeskartsjefane skrive under på vedtaksbrevet. Viss fylkeskartsjefen er inhabil i en stadnamnsak, må han/ho overføre saken til en fylkeskartsjefkollega.
- Saksbehandlaren ekspederer vedtaksbrevet til adressatane.
- Saksbehandlar arkiverer brevet i arkivsystemet under namnesak i riktig kommune.
- Gjeld vedtaket administrative einingar, skal vedtaket i tillegg sendast til Liv Mari Nesje og Carina Tolpinrud Jøntvedt i Kartverket.
4.4.2 Namnesaksskjema
I saker som gjeld mange stadnamn, bør saksbehandlar utarbeide eit skjema over namna som inngår i saka. Namna kan takast ut frå SSR som vedlegg. Skjemaet er ein del av vedtaket og skal arkiverast saman med vedtaksbrevet.
4.4.3 Vedtak gjort av andre vedtaksorgan
Andre vedtaksorgan skal melde inn vedtak til Kartverket for innlegging i SSR. Innmeldinga skal innehalde dei opplysningane som er lista i stadnamnforskrifta § 13. Kartverket har klagerett på namnevedtak gjort av andre vedtaksorgan. Kartverket er tilbakehaldne med å klage, men vil kunne reagere på vedtak som går på tvers av tidligare fatta vedtak.
4.4.4 Vedtak av namn på verneområde
Kartverket og Miljødirektoratet har utarbeida ei rutine for avklaring av namneval og fastsetting av skrivemåten på namn på verneområde.
Når Miljødirektoratet sender tilråding om vern til Klima- og miljødepartementet, omtalar dei namnsetting på verneområdet særskilt. Her skal dei nytte den prioriterte/vedtekne skrivemåten i Sentralt stadnamnregister (SSR). Det kan vere naudsynt å reise namnesak etter lov om stadnamn. Dette vurderer Kartverket i samråd med utreiande mynde (Statsforvaltaren) og stadnamntenesta. Tilrådinga skal synleggjere om det er reist namnesak. Er det reist namnesak som ikkje er avslutta før tilrådinga om vern, må Miljødirektoratet ta atterhald om namn og skrivemåte.
Klima- og miljødepartementet sender melding om vernevedtak til Kartverket for tinglysing og registrering av namnet i SSR. Det kan skje at namn på verneområde blir endra etter vernevedtak. I slike tilfelle gjennomfører Miljødirektoratet forskriftsendringssak. Miljødirektoratet kan endre namn på verneområde, jf. delegeringsvedtak 04.10.2014 og naturmangfoldloven § 34 sjette ledd.
Kartverket gjer vedtak i den relaterte namnesaka. Kartverket orienterer Miljødirektoratet, med beskjed om at forskriftsteksten kan endrast. Legg ved vedtaksbrevet i namnesaka og rutinen for avklaring av namneval og skrivemåte.
4.5 Innlegging i Sentralt stadnamnregister (SSR) og matrikkelen
4.5.1 Registrering i SSR. Skrivemåtestatus
Etter vedtak om skrivemåte:
- Legg den vedtekne skrivemåten inn i SSR.
- Sett skrivemåtestatus: Namnevedtak som blir gjort etter normal saksgang, får skrivemåtestatus «vedtatt». Samlevedtak får skrivemåten status «vedtatt namneledd».
- Sett vedtaksdato same dag som vedtaksbrevet blir skreve. Det kan tidvis vere aktuelt å vente med å sende ut vedtaksbrev og namneliste til etter at vedtaka er lagt inn i SSR.
For innlegging og behandling av stadnamn i SSR, sjå kapittel 6.
4.5.2 Funksjonsord i kombinasjon med stadnamn
Funksjonsord er ord som fortel kva slags namneobjekt stadnamnet knyter seg til, t.d. kommune, kyrkje, skule og stasjon, og som er skilt frå resten av namnet med mellomrom. Funksjonsord skal som regel stå til slutt i namnet.
For stadnamn brukt i primærfunksjonen brukar vi ikkje funksjonsord i tillegg til namnet (slik som gard, grend, tettstad, by, område, land). Døme: Vollan, Åsgrenda, Hommelvik, Tromsø, Varanger, Noreg osv. Bruksnamn skal heller ikkje ha funksjonsord (t.d. gard/gård eller bruk) med mindre det har ein nedervd tradisjon som del av namnet.
Funksjonsordet skal takast med i SSR for stadnamn som er tekne i bruk som namn på institusjon, bygning, anlegg, konstruksjon, administrative einingar osv., til dømes Norderhov kirke, Vang skole, Færder fyr. Her er det ikkje naturleg at det eigentlege stadnamnet står aleine.
Skrivemåten av funksjonsord i namn der Kartverket er vedtaksmynde, følgjer rettskrivinga og språklova, og skal ha liten forbokstav. Funksjonsord i namn der fylkeskommunen eller kommunen er vedtaksmynde, følgjer den målforma fylkeskommunen eller kommunen nyttar, og her skal funksjonsordet òg ha liten førebokstav. Funksjonsord i namn som har skrivemåtestatus privat skal følgja den skrivemåten eigarane nyttar, og kan ha liten eller stor førebokstav.
I kart og andre samanhengar kan symbolbruk eller andre teikn erstatte funksjonsordet.
Namn på flyplassar skal følgje oversikta til Luftfartstilsynet. Kortnamnet (t.d. Flesland for Bergen lufthavn) skal liggja inne som undernamn.
Somme namneobjekttypar skal alltid ha funksjonsord med mindre namneobjekttypen går fram av hovudnamnet. For nokre andre namneobjekttypar er funksjonsord valfritt, slik at det kan variera frå namn til namn, medan andre namneobjekttypar som regel ikkje skal ha funksjonsord.
4.5.3 Tradisjonelle namn og nye funksjoner
Stader som har eit tradisjonelt namn frå før, kan bli utsette for ny verksemd. Til dømes kan ei gamal seter bli bygd om til ei turisthytte. Staden skal framleis bruke det tradisjonelle namnet med den opphavlege typenemninga, og Kartverket avgjer skrivemåten. Kartverket kan og opprette eit nytt objekt med same koordinat, men med ny typenemning, til dømes turisthytte. Viss hytta er privat, er det eigar som avgjer skrivemåten.
Turisthytter og hotell kan få nye namn ved eigarskifte. På kartet er det derfor praktisk å bruke det tradisjonelle namnet og markere serverings-/overnattingsstader med symbol. Dette gjeld til dømes Kongsvoll (Kongsvold Fjeldstue) i Oppdal kommune og Smukksjøsæter (Smuksjøseter fjellstue) i Sel kommune.
4.5.4 Fjellstyrehytter mm.
Kartverket registrerer fjellstyrehytter som turisthytte viss dei har plass og ordning for overnatting. Kartverket registrerer enklare hytter utan organisert overnattingsordning som bygg for jordbruk, fiske og fangst.
Matrikkelen viser kven som er tinglyst eigar. Kartverket skil mellom hytter som er matrikulerte som eigne matrikkeleiningar og hytter som ikkje er det, dvs. om hyttene har eige bruks- eller festenummer eller ikkje.
- Kartverket er vedtaksmynde for skrivemåten av stadnamn på hytter utan eige bruks- eller festenummer, og som ligg i ei statsallmenning der Statskog eller Finnmarkseigedomen (FeFo) er tinglyst eigar.
- Kommunen er vedtaksmynde for skrivemåten av stadnamn på hytter som ligg i
- eigedomar med eige bruksnummer, og der fjellstyret eller kommunen er tinglyst eigar.
- eigedomar med eige festenummer, og der fjellstyret eller kommunen er tinglyst festar.
- Kartverket er likevel vedtaksmynde viss festekontrakten ikkje er tinglyst, og viss grunneigaren (Statskog eller FeFo) er å rekne som tinglyst eigar av hytta.
- Eigar avgjer skrivemåten viss hyttene ligg i ei allmenning som er privat
Kartverket varslar eigaren når skrivemåten er fastsett.
4.5.5 Oppretting i matrikkelen
Matrikkelen skal innehalde den vedtekne skrivemåten av adressenamn (gate-/vegnamn, inkl. såkalla områdenamn), adressetilleggsnamn og krinsnamn (grunn-, stemme-, skulekrins og kyrkjesokn). Adressenamn i SSR vil bli oppdatert frå matrikkelen.
Kommunen er vedtaksmynde for adressenamn. Kommunen
- set i gang saka
- ber stadnamntenesta om tilråding på namneval og skrivemåte
- vedtek adressenamnet
- fører adressa inn i matrikkelen
Stadnamntenesta kan be Kartverket reise namnesak for å avklare skrivemåten dersom utgangspunktet for adressenamnet er eit primærnamn med uavklart skrivemåte. Når Kartverket har vedteke skrivemåten for primærnamnet, må kommunen følgje dette vedtaket. Kommunen kan fastsette ein skrivemåte basert på eit primærnamn som har skrivemåtestatus godkjend i SSR, men da får også det vedtekne adressenamnet statusen godkjend. Kartverket kan seinare reise namnesak for stadnamn som har statusen godkjend. Kommunen må i så fall endre skrivemåten av adressenamnet viss skrivemåten av primærnamnet blir endra i namnesaka.
Kommunen må melde vedtekne endringar i krinsnamn inn til Kartverket. Kommunen skal føre namneendringa i matrikkelen, men Kartverket må ha vedtaket for å oppdatere krinsbasen med nytt namn. Viss kommunen berre endrar namnet i matrikkelen utan å sende melding til Kartverket, vil namnet bli stilt tilbake til gammalt namn neste gang det er oppdatering av krinsar for kommunen.
Kommunane fører adressenamn i matrikkelen, både nye adresser, adresseendringar og slettingar av adresser. Registreringane blir automatisk overført til SSR, men Kartverket sjekkar registreringane innan tre veker frå registreringsdato.
Kommunen skal likevel sende vedtaket med saksprotokollen og saksutgreiinga til Kartverket, med kopi til Språkrådet og/eller Sametinget, jf. forskrift om stadnamn § 9 fjerde ledd.
Kartverket legg vedtak på bruksnamn inn i SSR. Bruksnamna blir oppdatert i matrikkelen frå SSR.
5. Klageordninga
5.1 Klagerett
Klageordninga er omtalt i lov om stadnamn § 12 og forskriften § 10.
Dei som har klagerett på namnevedtak fatta av Kartverket, er:
- eigarar/festarar av brukseigedom for bruksnamnet på deira bruk
(men ikkje for naturnamn på eigedomen) - kommunen
- fylkeskommunen og andre offentlege organ og selskap, for namn dei skal bruke i tenesta
- lokale lag og organisasjonar for namn som dei har serleg tilknyting til
Dei som ikkje har klagerett, er
- eigarar som sjølv har fastsett skrivemåten på eige bruk
- stadnamntenesta
5.2 Klagefrist
- Klagefristen er tre veker frå det tidspunktet klagaren blei gjort kjend med vedtaket.
- Det er mogleg å søke vedtaksorganet om forlenga klagefrist.
- Klagen skal gå til vedtaksorganet.
- Kommunen bør ta imot klagane og sende dei samla til vedtaksorganet.
- Kartverket har rett til å klage på namnevedtak fatta av andre vedtaksorgan.
5.3 Mottak av klage
- Klagen skal vere grunngjeven. Manglar grunngjevinga, får klagaren ein kort frist til retting eller utfylling.
- Kartverket registrerer den godkjende klagen i SSR, og endrar namnesaksstatusen til klage, iverksatt vedtak ikke trukket tilbake. Skrivemåtestatusen på namnet vert ståande uendra fram til det kjem nytt vedtak i klagesaka. Namnesaksstatusdatoen vert sett til mottaksdatoen for brevet frå klagaren.
- Klagaren kan be om at ein påklaga ny skrivemåte ikkje vert brukt før det er gjort endeleg vedtak i saka. Namnesaksstatusen blir endra til klage, iverksatt vedtak trukket tilbake, og skrivemåten blir stilt tilbake til skrivemåten som var prioritert før vedtaket vart gjort.
Dersom Kartverket held fast på vedtaket i klagesaka (sjå 5.4) skal vi ikkje leggje inn eit nytt vedtak i SSR, før saka er handsama i Klagenemnda. Dette vil endre namnesaksstatusen, og det kan vi ikkje gjere før saka er endeleg vedteken. - Kartverket sender dei innkomne klagane vidare til Språkrådet til orientering.
- Viss Kartverket avviser at klagar har klagerett, kan klagaren be Klagenemnda for stadnamnsaker vurdere klageretten.
5.4 Reising av klagesak
Kartverket sender brev om oppstart av klagesak til kommunen. Derfrå startar saka på ein ny runde med lokal høyring i kommunen og tilråding frå stadnamntenesta, før saka kjem attende til vedtaksorganet. Om saka gjeld gards- og bruksnamn, skal kommunen sende oppstartsbrevet i klagesaka til alle grunneigarar av bruk med same namn. Om høyrings- og vedtaksprosessen: sjå 4.2 Høyringsrunde og 4.4 Vedtak.
Kartverket kan velje å gjere om vedtaket utan ny runde med lokal høyring, men dette er eit unntak (sjå 5.5).
Dersom Kartverket held fast på vedtaket, vert saka send til Klagenemnda (sjå 5.7). I slike tilfelle gjeld ingen klagefrist.
5.5 Omgjering av vedtak etter klage
Kartverket kan unntaksvis gjere om vedtaket utan å sende saka på ny høyring. Til dømes kan Kartverket vedta skrivemåten som klagaren ønskte i fyrste runde. Saka bør vanlegvis sendast til tilråding før avgjerda om omgjeringsvedtak ev. blir teken.
I slike tilfelle skal Kartverket skrive eit nytt vedtaksbrev og legge den vedtekne skrivemåten inn i SSR med skrivemåtestatus vedtatt. Vedtaksbrevet blir sendt til dei same mottakarane, og klagefristen på det nye vedtaket er den same: tre veker.
5.6 Klage på omgjort vedtak
Viss Kartverket vedtek skrivemåten som klagaren i fyrste runde ville ha, etter at saka har vore på ein ny runde (sjå 5.4), og det blir klaga på dette nye vedtaket, må saka med alle dokumenta bli send til avgjerd i Klagenemnda. Saka er då så godt opplyst at det ikkje er naudsynt med ei ny lokal høyring. Jf. forskrift om stadnamn § 10, tredje ledd.
Kartverket må sende saka ut på ein ny høyringsrunde (sjå 5.4), viss skrivemåten som klagaren ønskte i fyrste runde, blir påklaga utan ny høyring og tilråding (sjå 5.5).
Kartverket kan vedta ein ny skrivemåte som ikkje er påklaga tidlegare. I så fall skal Kartverket skrive eit nytt vedtaksbrev og legge den vedtekne skrivemåten inn i SSR med skrivemåtestatus vedtatt. Vedtaksbrevet blir sendt dei same mottakarane, og klagefristen på det nye vedtaket er tre veker.
5.7 Klagenemnda for stadnamnsaker
Dersom Kartverket held fast på opphaveleg vedtak også etter andre omgang, vert saka med alle dokumenta send til Klagenemnda for stadnamnsaker til vurdering og endeleg vedtak. Klagenemnda er oppnemnd av Kulturdepartementet. Nemnda sine vedtak er endelege og kan ikkje påklagast. Stadnamnforskrifta § 12 fortel kven som sit i klagenemnda.
5.8 Gjenopning av namnesaker
Kartverket kan opne ei namnesak på nytt, for namn som har blitt behandla i ei tidlegare namnesak. Føresetnaden er at det kjem til nye opplysningar i saka. Det er opplysningar eller vilkår som kunne ha gjeve eit anna utfall enn i den førre saka. Relevante endringar i lovverket er å rekne som nye opplysningar. Høvet til gjenopning gjeld alle namnesaker, òg dei som har vore behandla i Klagenemnda for stadnamnsaker.
Dei som kan søke om gjenopning er
- offentlege organ og selskap som det offentlege eig fullt ut
- eigaren eller festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom
- ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til staden
- stadnamntenesta
Søkjaren må godtgjere at det ligg føre vesentlege nye opplysningar eller relevante lovendringar som ikkje vart vurderte i den førre namnesaka, og som kan gje eit anna utfall enn i den førre saka.
Vedtaksorganet avgjer om ei sak kan bli gjenopna. Dersom andre partar søkjer vedtaksorganet om gjenopning, er avgjerda om gjenopning eller ikkje å rekne som eit enkeltvedtak.
Eit avslag på gjenopning kan klagast inn til Klagenemnda for stadnamnsaker. Både ved avslag og avvising av søknader skal vedtaksorganet opplyse om klagerett og klagefrist på 3 veker.
Gjenopning av namnesaker følgjer til vanleg same saksgang og føring i Sentralt stadnamnregister (SSR) som nye saker, t.d. med nytt saksnummer for det året den gjenopna saka vert reist. Den tidlegare vedtaksregistreringa i SSR skal bli liggjande som dokumentasjon på det tidlegare namnevedtaket.
I saker der det er openbert at eit tidlegare vedtak om skrivemåten av eit stadnamn var feil, t.d. på grunn av skrivefeil eller manglande samsvar med primærnamnet, kan Kartverket gjere omgjeringsvedtak utan ny høyring, jf. § 13 fyrste ledd i forskrift om stadnamn. Slike saker skal likevel sendast til tilråding før Kartverket gjer vedtak. Vedtaksbrev skal sendast til dei same mottakarane som elles i namnesaker, og klagefristen på det nye vedtaket er tre veker.
Sjå meir om gjenopning i avsnitt 3.2.3 og 3.2.4
5.9 Klager på bruksnamn
Eigarar av bruk kan nytte moglegheita om eigarfastsett skrivemåte i staden for å klage. Føresetnaden er at eigaren kan dokumentere at skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn. I slike høve blir saka avslutta med eit nytt vedtak for dette bruksnamnet. Kjem det inn ei klage som gjeld eit bruksnamn, bør Kartverket kontakte grunneigaren for å avklare om moglegheita skal nyttast for dette bruksnamnet. Det skal då informerast om at klageretten ev. fell bort på dei andre tilhøyrande namna i saka. Klage på eigarfastsett skrivemåte gjeld berre dokumentasjonen som eigaren har lagt fram for Kartverket, eller ved feil saksbehandling.
Eigarar av bruk kan velje å klage på skrivemåten. I så fall vil klagen også omfatte det overordna gardsnamnet, jf. § 5 andre ledd i lova.
- Kartverket kan velje å gjere om vedtaket på gardsnamnet og bruksnamna. I så fall vil grunneigarane bli varsla.
- Kartverket kan oppretthalde vedtaket på gardsnamnet og bruksnamna. I så fall vil Kartverket sende saka på ny lokal høyringsrunde og gi grunneigarar moglegheit til å uttale seg.
Kartverket registrerer klage, iverksatt vedtak ikke trukket tilbake eller klage, iverksatt vedtak trukket tilbake på gardsnamnet og alle bruksnamn som er omfatta av vedtaket på gardsnamnet.
5.10 Når Kartverket vurderer å klage
Kartverket kan klage på eit vedtak ein annen etat har gjort. I så fall bør Kartverket kontakte etaten fyrst, i alle fall munnleg, for å avklare om det er gjort ein feil. Då kan denne feilen rettast opp utan klage.
Den som skriv klagen på vegner av Kartverket, skal alltid informere den respektive fylkeskartsjefen.
6. Sentralt stadnamnregister (SSR)
6.1 Innleiing
Sentralt stadnamnregister skal innehalde opplysningar om
- alle stadnamn med vedtatt skrivemåte etter stadnamnlova
- flest mogleg andre stadnamn som er godkjend etter tidlegare lov og forskrift
- flest mogleg stadnamn brukte i offentleg samanheng
- tilhøyrande opplysningar om namna
- føre registeret
- sørge for at opplysningane er allment tilgjengelege
- oppdatere registeret kontinuerleg med alle namnevedtak gjort i etter stadnamnlova, det vil seie vedtak gjort av både Kartverket, kommunar og andre vedtaksorgan
6.2 Innlegging i SSR
Den interne føringsinstruksen og brukarrettleiinga for SSR skildrar korleis Kartverket skal registrere stadnamna i SSR.
6.3 Nedlasting og produktinformasjon
- Opplysningane i registeret er offentlege og fritt tilgjengelege via Internett, sjå https://www.norgeskart.no/ssr/.
- Stadnamndata kan lastast ned gratis frå nettsidene til Geonorge.
- Informasjon om SOSI Stedsnavn er tilgjengeleg på nettsidene til Geonorge.
Namneobjekttypar i SSR er definerte i dette dokumentet.
6.4 Drift av Sentralt stadnamnregister (SSR)
6.4.1 Innleiing
Lova heimlar eit sentralt stadnamnregister. Alle organ som vedtek skrivemåten av eit stadnamn, skal melde vedtaket til registeret. Registeret skal innehalde alle namn som er vedtatt etter lov om stadnamn. Registeret skal være primærdatabasen for namn i Kartverket.
6.4.2 Namn i registeret
SSR skal innehalde alle stadnamn i offentleg bruk:
- Namn frå kartserien Norge 1:50 000. Dei aller fleste av desse namna lå inne i registeret da lova blei iverksett.
- Namn på sjøkart og økonomisk kartverk. Desse er i stor grad lagt inn ved massivregistreringar.
- Namn frå andre kjelder, t.d. Posten, BaneNOR, vegskilt.
6.4.3 Oppretting av feil
Publikum kan melde inn feil til Kartverket via tenesta Rett i kartet. Ofte kan Kartverket rette feila utan å reise namnesak, til dømes for
- feilplasserte namn (koordinatar)
- feil i objekttype
- trykkfeil/skrivefeil
Ved slik oppretting må Kartverket vurdere å varsle kommunen skriftleg.
Innmeldingane kan føre til at Kartverket vel å reise namnesak.
6.5 Adressenamn i SSR
Kommunane
- vedtek adressenamn
- fører dei inn i matrikkelen
- varslar Kartverket om vedtaka
Adressenamna blir automatisk oppdatert til SSR. Kartverket gjennomgår adressenamna regelmessig, minimum annakvar veke, for å avdekke namn det er aktuelt å klage på. Kartverket kan klage på vedtak gjort av andre offentlege organ, deriblant skrivemåten av adressenamn vedtatt av kommunar.
Viss adressenamnet har eit primærnamn som er vedteke, blir det lagd inn som vedteke i SSR. Viss prinærnamnet er godkjend (i offentleg bruk då lov om stadnamn trådde i kraft), blir adressenamnet lagd inn som godkjend.
6.6 Innlegging i SSR
6.6.1 Stadnamn og skrivemåte
SSR skil mellom stadnamn og skrivemåte.
Stadnamn med og utan variasjonstillegg er i realiteten to ulike stadnamn sjølv om dei viser til den same staden SSR, til dømes
- Østre Revhaug
- Revhaug
Eitt og same stadnamn kan ha ulike skrivemåtar, til dømes:
- Revhaug
- Reivhaug
6.6.2 Avslåtte skrivemåtar
Mange namn har ikkje vore med i ei namnesak. Dette gjeld til dømes mange namneformer på økonomisk kartverk. Skrivemåtar av namn som ikkje har vore vurdert i ei namnesak, får skrivemåtestatus avslått viss det er vedtatt ein annan skrivemåte.
6.6.3 Når eit bruksnummer går ut
Viss to gardsbruk blir slått saman, fell eit av bruksnumra i matrikkelen bort. I slike høve skal bruket (dvs. staden) og namnesaksstatusen settast til historisk i SSR. Bruksnamnet blir ståande i SSR på den same staden.
6.6.4 Dobbeltregistrering
Sjølv om det er gjort vedtak på eit stadnamn, kan det eksistere ein annan avvikande, godkjend skrivemåte. I slike høve bruk brukstilfellet Korriger feilføring (eksisterande stad). Namna blir kopla samen, og den godkjende skrivemåten blir sett til avslått eller historisk.
6.6.5 Feilplassering
Når vi retter feilplasserte namn, må vi legge inn interne merknadar.
Gi melding til redaksjonen viss det gjeld namn på N50 kartdata.
6.6.6 Fleirtalsformer
Ein vanleg feil i SSR er at fleirtalsformer er registrerte på same stad som eintalsformer. Fleirtalsformer for fleire fysiske objekt blir registrerte som eige fysisk objekt (stad) i SSR.
6.6.7 Funksjonstillegg (forklarande tillegg)
Funksjonstillegg (for eksempel kyrke, stasjon) er ikkje omfatta av lov om stadnamn. Skrivemåten av funksjonstillegg følgjer rettskrivinga og språklova, sjå 4.4.
6.6.8 Navn på private objekt
SSR er eit register over stadnamn i offentleg bruk, og ikkje eit firmanamnregister. Kartverket vel difor oftast å bruke gardsnamn og andre tradisjonelle stadnamn framfor «private» namn. I mindre målestokkar blir serverings- og overnattingsstader markerte med symbol. Kartverket kan likevel velje private namn
- som er viktige for tryggleik og redning, til dømes turisthytter og andre objekt i område utan vegsamband
- på viktige reiselivsbedrifter, private institusjonar og skoler.
6.6.9 Variasjonstillegg - ord for retning og størrelse
Retningsord (Øvre, Nedre osv.) er ikkje omfatta av lov om stadnamn, men av språklova. Unntaket er når dei er ein del av den nedervde lokale uttalen av namnet. Slike namn skal også inn i SSR. For bruksnamn vil heile namnet få skrivemåtestatus vedtatt, med merknad i merknadsfeltet om at vedtaket gjeld hovudnamnet.
6.6.10 Samlevedtak
Samlevedtak er effektivt for å rydde opp i namneverket. Det er mogleg å gjere samlevedtak i samsvar med tidlegare vedtak. Dette kan mellom anna gjelde fleirtalsbøying (t.d. -an eller -in) og dialektmønster for samanskriving i ord. Her må Kartverket vere varsam og heilt sikker på nedervd lokal uttale og lokale ønske.
Alle etterledd bør ha same skrivemåte av same ord i naturnamn, til dømes vatn/vann.
6.6.11 Føring av merknadar til eigarfastsette skrivemåtar
Kartverket må gjere merknadar
- om eigarfastsette skrivemåtar. Slik viser systemet at skrivemåtane er fastsette av eigar.
- om kva skrivemåte som opphavleg var gjeldande i SSR. Den gamle avslegne skrivemåten er vanlegvis retningsgivande for andre sekundærnamn i saker der det ikkje finst eit likelydande gardsnamn.
Før tilleggsopplysningane i eit felt i brukstilfellet redigér stedsnavn.
Når det ikkje har vore namnesak tidlegare:
- Bruk tilleggsopplysningstypen namnesak for merknadar av typen «Wærpen: Fastsett av eigar» / «Fastsatt av eier»
- Bruk tilleggsopplysningstypen historisk for merknadar av typen «Verpen: Tidlegare prioritert skrivemåte» / «Tidligere prioritert skrivemåte».
Når det har vore namnesak tidlegare:
- Bruk tilleggsopplysningstypen historisk for merknadar av typen «Verpen: Tidlegare vedteken skrivemåte» / «Tidligere vedtatt skrivemåte»
6.7 Forenkla rutine i behandlinga av stadnamn
Kvifor er dette aktuelt?
Det er mogleg å tilordne skrivemåten av eit primærnamn (namnet på det opphavlege namneobjektet) til sekundærnamn (andre avleidde namn) i SSR etter ein forenkla rutine, utan å måtte reise formell namnesak med full høyring osv. Dette er spesielt aktuelt for nye namneobjekt (t.d. eit nytt tunnelnamn Jobergtunnelen ved Joberget), men òg for å få konsekvens i skrivemåten mellom eksisterande namneobjekt der det er avvik mellom skrivemåten av primærnamnet og avleidde sekundærnamn (t.d. naturnamnet Grindeimsteinhaugen ved Grindheim).
Bakgrunn for forenklinga
Bakgrunnen for denne forenklinga finst i § 4 tredje ledd i lov om stadnamn og i eit brev frå Kulturdepartementet datert 13.01.2012, der det m.a. står:
«I en del tilfeller er det registrert flere godkjente skrivemåter av samme primærnavn i SSR. Dersom det ikke reises navnesak i forbindelse med adresseringsarbeidet må kommunene i slike tilfeller velge mellom de godkjente formene. Kommunene bør da, i tråd med forskriften § 15 siste ledd, så langt det er mulig velge den formen som ligger på navneenhetsplassen i SSR. Denne formen skal i prinsippet være i tråd med reglene i lov om stadnamn. Vi har fått opplyst fra Statens kartverk at det i prosedyren for behandling av nye adressenavn legges opp til at kommunens forslag til nye adressenavn skal sendes Stedsnavntjenesten for uttalelse. Kommunen vil dermed få faglig veiledning i arbeidet. Dersom noen som ville hatt rett til å bli hørt i forbindelse med en eventuell navnesak om navnet i primærfunksjonen er uenige med kommunen om valget av skrivemåte, bør det reises navnesak for primærfunksjonen av navnet.
Vedtatte primærnavn som ønskes brukt i en annen funksjon kan vedtas av rette organ uten å måtte gå veien om ny navnesak, forutsatt at valg av skrivemåte for de leddene i navnet som ikke omfattes av primærfunksjonen anses som uproblematisk.»
Forskrifta er seinare endra, og det som stod i § 15 siste ledd, står no i § 14 siste ledd. Ordlyden der er endra frå «bør» til «skal». «Namneeiningsplassen» svarar til det som i dag vert kalla godkjend og prioritert skrivemåte.
Avgrensing av rutinen
Rutinen kan berre brukast i «uproblematiske saker», dvs. ikkje i tilfelle der det er tvil om samansetningsfuge og/eller skrivemåten av den delen av namnet som ikkje er omfatta av primærnamnet.
Adressenamn vert i dag lagde inn i SSR i brukstilfellet Arbeidsliste frå matrikkelen. Dei får vedtaksdatoen som kommunen har registrert, og vi koplar dei mot ev. primærnamn etter ein eigen rutine. Tilordning av skrivemåtestatus til adressenamn vert difor ikkje nærmare omtalt her.
Ut frå dette legg vi følgjande hovudføringar til grunn:
6.7.1 Tilordning av skrivemåte til nye namneobjekt i SSR
Vi kan tilordne skrivemåten av eit primærnamn til namnet på nye namneobjekt, anten når primærnamnet frå før har skrivemåtestatus vedteke (1.1) eller godkjend (1.2). De nye namneobjekta kan ha namn valde av kommunen, fylkeskommunen eller eit statleg organ.
Døme: Nytt skulenamn, nytt tunnelnamn, o.l.
6.7.1.1 Primærnamnet har frå før skrivemåtestatus vedteke
Namnet på eit nytt namneobjekt kan med grunnlag i vedtaket òg førast som vedteke med denne skrivemåten. Dette fører vi som ei ny namnesak, med tilvising til primærnamnet. Vedtaksdatoen set vi her lik dato for tildeling av namn på det nye objektet. Dette føreset tildeling på eit seinare tidspunkt enn vedtaket for primærnamnet.
Viss objektet fekk namnet tildelt før vedtaket i primærnamnet, set vi vedtaksdato lik vedtaksdato for primærnamnet. (Dette siste er spesielt aktuelt for tildelte namn for offentlege anlegg mv.) Saksnummer skal vere fyrste ledige nummer i året det nye namnet vart tildelt (for vedtak frå 2016 eller tidlegare nyttar vi kommunenummeret på vedtakstidspunktet fyrst i saksnummeret, etterfølgt av fyrste ledige nummer (to siffer), t.d. 30101).
Som dokumentasjon i SSR vel vi «offentlig dokument» (type SSR). Vi set datoen for vedtaket i primærnamnet som dokumentasjonsdato. I feltet for beskriving fører vi:
Skrivemåtestatus vedteke og dokumentasjonsdato etter forenkla rutine, jf. oppslagsnr. NN
Brev med orientering om føring på nytt namneobjekt og skrivemåtestatus etter forenkla rutine sender vi deretter til organet saka gjeld, med kopi til Språkrådet og kommunen.
6.7.1.2 Primærnamnet har frå før status godkjend
Her må det fyrst vurderast om skrivemåten av primærnamnet er akseptabel etter gjeldande regelverk, eller om andre skrivemåtevariantar i SSR betre tilfredsstiller gjeldande regelverk. (I så fall bør den prioriterte skrivemåten i primærnamnet endrast fyrst.)
Namnet på eit nytt objekt kan då førast i SSR med ein skrivemåte i tråd med primærnamnet, og det får tilordna skrivemåtestatus godkjend frå primærnamnet. Som dokumentasjon i SSR vel vi «offentlig dokument» (type SSR). Vi set datoen på dokumentasjonen «SSR» på primærnamnet som dokumentasjonsdato (sjå under skrivemåten på objektinformasjon i SSR). I feltet for beskriving fører vi:
Skrivemåtestatus godkjend og dokumentasjonsdato etter forenkla rutine, jf. oppslagsnr. . NN
Dersom vedtaksorganet ønskjer ein skrivemåte i nytildelte namn som avvik frå den godkjende skrivemåten i primærnamnet, må det reisast namnesak.
6.7.2 Tilordning av skrivemåte til eksisterande namn i SSR som har ein godkjend skrivemåte
Vi kan tilordne skrivemåten av eit primærnamn til eksisterande sekundærnamn i SSR med ein godkjend skrivemåte som (2.1) avvik frå vedtak i primærnamnet eller (2.2) avvik frå godkjend skrivemåte i primærnamnet.
6.7.2.1 Primærnamnet har frå før skrivemåtestatus vedteke
Dette gjeld godkjende sekundærnamn i offentleg bruk som eigentleg skulle vore behandla i namnesaka. Om dei ikkje finst i SSR frå før, fører vi dei fyrst inn som godkjende med den skrivemåten dei har i offentleg bruk frå før 01.07.1991, og deretter legg vi inn den skrivemåten som er i samsvar med den vedtekne skrivemåten av primærnamnet.
Døme: Kartverket har i ei tidlegare namnesak gjort vedtak om skrivemåten Stamsøy som namn på ei øy i primærfunksjonen. Det viser seg seinare at namnet med skrivemåten Stamsøholmen på ein mindre holme er i offentleg bruk, og dette er ført i SSR som godkjend skrivemåte. Namnet kan få Stamsøyholmen som ny, vedteken skrivemåte.
Vi registrerer namnet på ei ny namnesak og med datoen i dag som vedtaksdato.
Som dokumentasjon i SSR vel vi «offentleg dokument» (type SSR). Vi set datoen for vedtaket i primærnamnet som dokumentasjonsdato. I feltet for beskriving fører vi:
Skrivemåtestatus vedteke og dokumentasjonsdato etter forenkla rutine, jf. oppslagsnr. . NN
Dersom vedtaksorganet er eit anna enn for primærnamnet, må det fyrst avklarast med vedtaksorganet for sekundærnamnet om Kartverket her kan tilordne skrivemåten frå primærnamnet, eller om vedtaksorganet vil gjere eit sjølvstendig vedtak for sekundærnamnet i ei eiga sak. Uansett handterer vi dette i SSR etter den forenkla rutinen.
6.7.2.2 Primærnamnet har frå før skrivemåtestatus godkjend
Dette gjeld godkjende namn i offentleg bruk med ein annan skrivemåte enn den som står som prioritert for primærnamnet. Om dei ikkje finst i SSR frå før, fører vi dei fyrst inn som godkjend med den skrivemåten dei har i offentleg bruk frå før 01.07.1991, og deretter legg vi til ein ny godkjend, prioritert skrivemåte i samsvar med den prioriterte skrivemåten av primærnamnet.
Døme: Grunnetjønn står i SSR som godkjend og prioritert skrivemåte av primærnamnet. Elles står sekundærnamna Grundetjernløa (bygg for jordbruk mv.) og Grunnetjernbrua (bru) som godkjende. Desse namna kan få høvesvis Grunnetjønnløa og Grunnetjønnbrua som nye, prioriterte skrivemåtar.
Som dokumentasjon i SSR vel vi «offentlig dokument» (type SSR). Vi set datoen på dokumentasjonen «SSR» på primærnamnet som dokumentasjonsdato (sjå under skrivemåten på objektinformasjon i SSR). I feltet for beskriving fører vi:
Skrivemåtestatus godkjend og dokumentasjonsdato etter forenkla rutine, jf. oppslagsnr. . NN
Dersom vedtaksorganet er eit anna enn for primærnamnet, må det fyrst avklarast med vedtaksorganet for sekundærnamnet om Kartverket her kan tilordne skrivemåten frå primærnamnet, eller om vedtaksorganet vil gjere eit sjølvstendig vedtak for sekundærnamnet i ei egen sak. Uansett handterer vi dette i SSR etter den forenkla rutinen.
6.7.3 Tilordning av skrivemåte frå sekundærnamn til eit primærnamn (berre unntaksvis)
I nokre unntakstilfelle kan det vere mogleg å tilordne skrivemåten frå tidlegare vedtak i eit sekundærnamn til eit godkjend primærnamn (3.1) i samsvar med pkt. 2.1 ovanfor. I andre tilfelle vil det vere naudsynt å gjenopne saka og ha ei ny behandling (særleg aktuelt dersom gards-/bruksnamn står som primærnamn til t.d. vedtekne naturnamn eller seternamn). I tillegg vil det i nokre sjeldne unntakstilfelle vere mogleg å tilordne ein godkjend skrivemåte i eit sekundærnamn til eit godkjend primærnamn (3.2).
6.7.3.1 Sekundærnamnet har frå før skrivemåtestatus vedteke
Regelen i lovas § 4 tredje ledd var ikkje med i fyrste utgåve av lova: «Når det same namnet er brukt om ulike namneobjekt på den same staden, skal den skrivemåten som er brukt for det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei andre namneobjekta.»
Heller ikkje var gardsnamn den gongen ein eigen namnetype. Fram til 2005 vart det difor gjort fleire vedtak som i ettertid viser seg å ikkje omfatte namn/skrivemåtar i primærfunksjonen. Desse primærnamna burde vore behandla i same saka – slik regelverket er no. Er likevel saksbehandlinga og vurderinga som var gjord for vedtaket i sekundærnamnet tilfredsstillande, er det mogleg å tilordne vedtaket til primærnamnet.
Som dokumentasjon i SSR vel vi «offentlig dokument» (type SSR). Vi set datoen for vedtaket i sekundærnamnet som dokumentasjonsdato. I feltet for beskriving fører vi:
Skrivemåtestatus vedteke og dokumentasjonsdato etter forenkla rutine, jf. oppslagsnr. . NN
Det er viktig å merkje seg at situasjonen som her er beskriven med manglande vedtak for primærnamnet, ikkje lenger skal førekome i nye tilfelle. Slike vedtak skjedde på bakgrunn av eit regelverk og ein praksis som galdt i ein viss periode.
6.7.3.2 Sekundærnamnet har frå før skrivemåtestatus godkjend
Det bør gjerast ei ekstra nøyen språkleg vurdering av nokon med namnefagleg kompetanse før vi ev. tilordnar ein skrivemåte frå eit sekundærnamn til eit primærnamn. Dersom vi er i tvil, bør vi heller late vere å tilordne skrivemåten til primærnamnet, ev. gjennomføre ei ordinær namnesak i staden for å bruke denne rutinen.
Om primærnamnet ikkje finst i SSR frå før, fører vi det fyrst inn som godkjend slik det finst i offentleg bruk frå før 01.07.1991. Deretter legg vi til ein ny godkjend, prioritert skrivemåte i samsvar med den prioriterte skrivemåten av sekundærnamnet.
Som dokumentasjon i SSR vel vi «offentlig dokument» (type SSR). Vi set datoen på dokumentasjonen «SSR» på sekundærnamnet som dokumentasjonsdato (sjå under skrivemåten på objektinformasjon i SSR). I feltet for beskriving fører vi:
Skrivemåtestatus godkjend og dokumentasjonsdato etter forenkla rutine, jf. oppslagsnr. . NN
7. Namnsetjing
7.1 Innleiing
På stader med nedervde namn er det namnetradisjonen som avgjer namnevalet. Kommunar, fylkeskommunar og statlege organ vel namn på stader utan eit nedervt namn, jf. § 7 i stadnamnlova. Stadnamnet som organa vel, må likevel vere i tråd med namnevernet i § 3 i lova.
Kommunen fastset offisiell adresse. Namnevalet fylgjer av § 21 i matrikkellova og § 51 i matrikkelforskrifta, medan skrivemåten fylgjer av § 7 i stadnamnlova.
Oppgåva til Kartverket er å registrere allereie eksisterande informasjon om stadnamn i SSR, og for somme namneobjekt vedtek vi òg skrivemåten.
7.2 Namnestatus i Sentralt stadnamnregister (SSR)
I SSR har alle namn ein namnestatus, sjå dei seks alternativa i lista nedanfor. Namnestatus har mest relevans for namneobjekt som har to eller fleire stadnamn på same språk. Kva namnestatus eit namn har, får fylgjer for korleis dette namnet blir presentert i SSR-klienten, i Norgeskart, i bruksnamnfeltet i matrikkelen og potensielt i andre (interne og eksterne) tenester.
Namnestatusane på eit namneobjekt på eitt språk fungerer uavhengig av namnestatusar på ev. namn på andre språk på det same namneobjektet.
7.2.1 Namnestatusar
Namnestatusane hovudnamn, undernamn og sidenamn er autoriserte for offentleg bruk dersom dei har ein autorisert skrivemåte. Desse namnestatusane gjev føringar for presentasjonen av namna, men namna er elles å rekne som jamstilte for offentleg bruk. Offentlege organ kan såleis velje å bruke berre eit hovudnamn, berre eit undernamn eller berre eit sidenamn i tekstproduksjon og i skilting. I praksis vil det nok vere mest praktisk for publikum at ein ved skilting nyttar hovudnamnet framfor eit undernamn, slik at det blir samsvar mellom kart og skilt, men regelverket seier ikkje noko om dette.
Namnestatusane historisk, feilført og avslege namneval er ikkje autoriserte for offentleg bruk, og skrivemåtestatusen på slike namn skal vere høvesvis historisk, feilført og avslege.
Det kan berre gjerast vedtak om fastsetjing av dei ikkje-autoriserte namnestatusane, dvs. kva namn som ikkje skal brukast av det offentlege. Avslege namneval kan berre setjast som resultat av vedtak i ei namnesak. Det er derimot ei reint redaksjonell avgjerd frå Kartverket si side om eit autorisert namn i SSR til kvar tid skal ha status som hovudnamn, sidenamn eller undernamn, og dette kan ikkje vedtakast.
Liste over dei ulike namnestatusane:
- Autorisert for offentleg bruk:
- Hovudnamn: Blir synleg i Kartverket sine kart. Når eit namneobjekt berre har eitt autorisert namn, skal namnet stå som hovudnamn. Hovudnamn kan brukast i kombinasjon med undernamn, men ikkje i kombinasjon med sidenamn.
- Sidenamn: Begge/alle sidenamna blir synlege i kartet. Når eit namneobjekt har to eller fleire namn, og det er interesse for to eller fleire av desse, kan ein setje dei som sidenamn.
- Undernamn: Blir ikkje synleg i kartet, men kan søkjast opp. Må brukast i kombinasjon med anten hovudnamn eller sidenamn.
- Ikkje autorisert for offentleg bruk:
- Historisk: Blir brukt om namn som er utdøydde både munnleg og skriftleg. Kan òg brukast når kommunen, fylkeskommunen eller eit statleg organ erstattar eit ikkje-nedervt namn med eit nytt namn, til dømes eit adressenamn eller eit tunnelnamn. Namnet blir ikkje synleg i kartet, men det kan søkjast opp.
- Feilført: Blir brukt der namnet er ført ved ein feil i SSR, til dømes ved dublettar. Kan ikkje søkjast opp.
- Avslege namneval: Blir brukt når namnet er avslege etter § 3 i stadnamnlova, til dømes når det finst eit anna namn med nedervd tradisjon på staden, medan det aktuelle namnet ikkje har nedervd tradisjon. Kan søkjast opp.
Visse namneobjekttypar kan koplast mot matrikkelen, og då er det hovudnamnet som står som matrikkelform. Dersom namneobjektet har sidenamn, blir begge/alle presenterte, og dei blir då skilde frå kvarandre av ein tankestrek med eitt mellomrom på kvar side, til dømes Bøneset – Hamn.
Presentasjonen blir på same måte for begge/alle hovudnamna dersom eit namneobjekt har hovudnamn på to eller fleire ulike språk. Rekkjefølgja mellom dei ulike hovudnamna følgjer då språkprioriteringa som er registrert på namneobjektet. Undernamn blir ikkje presenterte som matrikkelform.
7.2.2 Retningsliner for val av namnestatus
Det krev ei skjønsvurdering i kvart tilfelle å avgjere kva namnestatusar som bør brukast på stader der to eller fleire stadnamn på same språk er registrerte på same namneobjekt. Omsyn som spelar inn på kva namnestatusar Kartverket bør setje, er namnevern (munnleg tradisjon og skrifttradisjon), eintydigheit og lokale ynske. Kartverket sine kart blir nytta av folk frå heile landet. Ulike brukargrupper av stadnamn (ulike namnekrinsar) nyttar stundom ulike namn om same stad, og i slike tilfelle må vi ta stilling til kva for ein namnekrins sine namn som er mest føremålstenlege å nytte i kart.
Hovud- og undernamn
Namnekrins – nærnamn og fjernnamn
Nærnamn: Namn som i hovudsak er kjende og blir nytta i det nærmaste nærområdet, t.d. innanfor ein gard eller ei grend.
Fjernnamn: Namn som blir brukte innanfor ein større namnekrins, t.d. i bygda, eller av folk lenger unna den namngjevne staden.
Kartverket brukar som hovudregel fjernnamnet som hovudnamn i SSR, medan nærnamnet blir sett som undernamn. Dette gjeld typisk der nærnamnet er ei lite særmerkt kortform, t.d. Haugen, medan fjernnamnet er meir eintydig, t.d. Edlandshaugen. Unnatak kan gjerast når det er grunn til det, t.d. når det er sterk interesse lokalt for nærnamnet, eller når nærnamnet er eit særmerkt namn, medan fjernnamnet er meir sjablongprega.
Tradisjonelle og nyare namn
Kartverket set som regel det mest tradisjonelle namnet som hovudnamn, medan nyare namn blir sette som undernamn. Døme: Stølen Marsete/Holestølen i Sogndal har to namn. Marsete er det eldste namnet, medan Holestølen er ei samansetning av gardsnamnet Holene + -stølen. Av omsyn til namnevernet set vi det eldste og mest særprega namnet som hovudnamn, og det nyare, litt sjablongprega namnet som undernamn. Unnatak kan gjerast.
Somme namn har ein eldre variant utan etterhengt etterledd, og ein annan, nyare variant med eit forklarande etterledd som fortel noko om namneobjekttypen, t.d. vatnet Glitre, som stundom blir omtalt som Glitrevatnet. I slike tilfelle set vi vanlegvis den eldste namneforma utan etterledd som hovudnamn, og den nyare namneforma med forklarande etterledd som undernamn.
Matrikkelnamn og daglegnamn
Mange bruk har både eit matrikkelnamn og eit daglegnamn i offentleg bruk. Dersom begge namna er å rekne som nedervde, skal det eine som regel stå som hovudnamn og det andre namnet som undernamn. Kartverket nyttar i slike tilfelle det namnet som gjev den mest differensierte namnebruken som hovudnamn, med mindre eigaren melder inn ønske om noko anna. Vanlegvis er det daglegnamnet på bruket som gjev den mest differensierte namnebruken.
Sidenamn
I grenseområde mellom to namnebrukarkrinsar hender det at eit namneobjekt har eitt namn som blir brukt i den eine krinsen, og eit anna namn i den andre krinsen. Eit døme på dette er ein topp nær grensa mellom Oppdal kommune og Sunndal kommune som heiter Sandåhøa i Oppdal, men Kråkvasstinden i Sunndal. For at begge namna skal bli synleggjorde i Kartverket sine kart, bør dei stå som sidenamn.
Historisk
Namnestatusen historisk blir brukt om namn som er utdøydde både munnleg og skriftleg.
På private anlegg og på bruk der eigaren eller festaren kan velje namn og fastsetje skrivemåten sjølv, skal det gamle namnet setjast som historisk dersom brukaren eller festaren vil ha eit nytt namn i staden for det gamle.
Feilført
Namnestatusen feilført blir brukt ved dobbelføringar og i andre tilfelle der vi har ført noko inn i SSR ved ein feil.
Avslege namneval
I namnesaker kan ein bruke avslege namneval til å avslå namn som har blitt registrert på namneobjektet. Det kan t.d. gjerast med ikkje-nedervde stadnamn som er lagde inn på ein stad som har eit nedervt stadnamn, jf. kap. 7.3.
7.3 Namnsetjing av naturlokalitetar
7.3.1 Bakgrunn
Å fastsetje namn på naturlokalitetar er ikkje regulert i regelverket. Kartverket vedtek skrivemåten av naturnamn etter stadnamnlova § 7, men det går ikkje klart fram der kven som avgjer kva ein naturlokalitet heiter eller skal heite. Slike namn veks fram gjennom bruk. Namnet kan takast i offentleg bruk dersom tradisjonen for namnet blir dokumentert.
7.3.2 Kommunane og Kartverket sin praksis
Kommunen kan i samråd med Kartverket setje namn på namnlause naturlokalitetar, men det føreset at lokaliteten ikkje har eit namn frå før. Det kan vekse fram lokale behov og ønske om namn på lokalitetar t.d. på grunn av endringar i infrastruktur, ferdselsmønster og busetnad, og då trengst ein prosedyre for å formalisere slike namn.
Stadnamnlova med forskrift gir reglar for skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk. Lokale, nedervde stadnamn og tradisjonelt ordtilfang på staden veg tungt når eit objekt som ikkje har hatt namn, skal namnsetjast, jf. § 1 tredje ledd i forskrifta. Dette gir grunn til ei avmålt haldning til å nytte memorialnamn (oppkalling etter personar), kategorinamn eller firmanamn.
Namnevalet skal vareta kravet om namnevern i § 3 i lova.
- Kommunen føreslår eit nytt namn på ein naturlokalitet.
- Kommunen og Kartverket sjekkar at lokaliteten frå før ikkje har eit nedervt namn.
- Kartverket fastset skrivemåte for offentleg bruk gjennom ordinær namnesak. I den lokale høyringa kan lokalkjende partar melde inn om naturlokaliteten faktisk har eit tradisjonelt namn. I tilfelle der det blir dokumentert at staden likevel har eit nedervt namn, skal Kartverket formalisere det nedervde namnet og avslå det nye, føreslegne namnet.
Det er ofte vanskeleg å verifisere at ein lokalitet er utan eit tradisjonelt namn. Kartverket er derfor generelt tilbakehaldne med å ta inn nylaga namn på naturlokalitetar i SSR. Kartverket vurderer i kvart tilfelle namnetettleiken og kva detaljnivå som er tenleg på staden.