Siste oppdatering

Referanserammer for Noreg

Geodetiske referanserammer ligg til grunn for all geografisk informasjon; for kart, posisjonsbestemming, jordobservasjon og måling av klimaendringar. På denne sida finn du dei aktuelle referanserammene for Noreg. 

EUREF89

EUREF89 er ei regional referanseramme for Eurasia (tektonisk jordplate). Den blei tilgjengeleg i Noreg i 1997 gjennom det vi kallar Stamnettet, som består av ca. 1000 fastmerke i Noregs hovudland. Stamnettet blei seinare fortetta med Landsnettet. Landsnettet består av ca. 11 000 punkt, og blei fullført i 2008.

EUREF89 er etablert for å erstatte dei tidlegare referanserammene NGO1948 og ED50. Koordinatane blir uttrykte som kartplankoordinatar, N (nord) og E (aust), i ein spesiell Mercatorprojeksjon som blir kalla UTM (Universal Transverse Mercator).

Norske landkart N50 ogM711 Nasjonal beredskapskart brukar EUREF89 som referanseramme.

EUREF89 er frå 2009 tatt i bruk i alle kommunane i landet til kartlegging og anna stadfesting av data.

ITRF - International Terrestrial Reference Frame

ITRF er ei global referanseramme som blir gjeven ut av International Earth Rotation and Reference Systems Service (IERS).

ITRF blir realisert ved at målingar frå permanente GNSS-stasjonar over heile jorda blir brukt til å rekne ut koordinatar i stasjonane. I tillegg må ein nytte VLBI (Very Long Baseline Interferometry) og SLR (Satellite Laser Ranging).

IERS har realisert referanserammer sidan 1988. Den siste realiseringa av ITRF heiter ITRF2020. Forskjellen mellom dei ulike ITRF-realiseringane ligg i centimeterområdet. Kartverket bidreg i arbeidet med sin VLBI-stasjon i Ny-Ålesund, og fleire permanente GNSS-stasjonar. 

På grunn av forskjellige geofysiske prosessar er alle punkt på jorda i rørsle sett i forhold til ei global referanseramme. Det betyr at koordinatane til eit punkt i ei global referanseramme må knytast til eit bestemt tidspunkt. Posisjonen blir uttrykt med tredimensjonale koordinatar (X, Y, Z) ved dette tidspunktet, medan hastigheitene (Vx, Vy, Vz) beskriv korleis posisjonen endrar seg over tid. Ein koordinat i ei global referanseramme er difor ikkje fullstendig definert utan at det tilhøyrande tidspunktet er oppgjeve. 

WGS84 - World Geodetic System 1984

WGS 84 er eit globalt referansesystem som blir forvalta av National Geospatial-Intelligence Agency (NGA). WGS 84 er referansesystemet som blir brukt av satellittnavigasjonssystemet GPS.

WGS 84 blir oppdatert med jamne mellomrom og tilpassa den globale referanseramma ITRF. Dei ulike realiseringane beheld namnet WGS 84, men blir identifiserte med ei eiga nemning, til dømes WGS 84(G2296). WGS 84(G2296) er tilpassa ITRF2020 på centimeternivå.

WGS 84 er, til liks med ITRF, ei global referanseramme der koordinatane til punkt på jordoverflata endrar seg over tid som følgje av kontinentaldrift og andre geofysiske prosessar. Ved presis posisjonsbestemming er det difor nødvendig å kjenne til både kva realisering av WGS 84 som er nytta, og kva tidspunkt koordinatane gjeld for.

Dette skil WGS 84 frå EUREF89. EUREF89 er den offisielle nasjonale referanseramma i Noreg og er knytt til den stabile delen av den eurasiske kontinentalplata, ved referansetidspunktet 1989.0. Koordinatane i EUREF89 blir difor i praksis haldne faste over tid, medan koordinatar i ei global referanseramme som WGS 84 endrar seg i takt med kontinentaldrifta. Forskjellen mellom WGS 84 og EUREF89 aukar difor med om lag 2 cm per år og er i dag (2026) i storleik 0,8–1 meter i Noreg.

Det finst inga eiga norsk realisering av WGS 84, og Kartverket tilbyr difor heller ingen offisiell, direkte transformasjon mellom WGS 84 og EUREF89. For bruksområde med krav til nøyaktigheit på meternivå vil forskjellen ofte vere mindre enn uvissa i sjølve GPS-posisjonen, og WGS 84 og EUREF89 kan i slike tilfelle i praksis oppfattast som tilnærma samanfallande. Dette gjeld likevel ikkje ved presis geodetisk måling.

Når koordinatar med høg nøyaktigheit skal transformerast frå WGS 84 til EUREF89, kan ITRF nyttast som referanseramme. Ei aktuell WGS 84-realisering er nært knytt til ei tilsvarande ITRF-realisering, og koordinatane kan derfrå transformerast til EUREF89 ved hjelp av Kartverket sine offisielle transformasjonar.

NN2000 - vertikal referanseramme

Kartverket har i åra 2011 til 2018 innført den vertikale referanseramma NN2000 som har erstatta NN1954. Alle målingar som blir brukte til å realisere systemet, er korrigert til år 2000 ved hjelp av en landhevingsmodell.

14. oktober 2026 starta Kartverket innføringa av den oppdaterte referanseramma NN2000:2025, noko som medfører endringar i høgd på opptil 10 cm i avgrensa område mellom Agder og Møre og Romsdal. Etter dette vert den gamle referanseramma kalla NN2000:2018.

Mer informasjon om NN2000 

Tidlegare referanserammer

NGO1948: NGO1948 er ei lokal referanseramme for Noreg som ikkje lenger er i bruk. Ho er no erstatta av EUREF89. Økonomiske kartseriar (målestokk 1 : 5000 og 1 : 10000) brukte denne referanseramma.

ED50: ED50 er ei regional referanseramme som dekker Europa. ED50 har vore tilgjengeleg sidan 1950, og Noregs hovudkartserie i målestokk 1:50 000 (M711) brukte tidlegare denne referanseramma. No blir serien gjeven ut under namnet N50 og M711 Nasjonalt beredskapskart med referanseramme EUREF89.

For meir informasjon om Noregs referanserammer - Rapport om referanserammer og transformasjoner (PDF)

Del
XPPT