Siste oppdatering

Fylkesgeodataplan for Møre og Romsdal fylke

Fylkesgeodataplan for Møre og Romsdal fylke for perioden 2021-2024 vart vedtatt i geodatautvalet 27. oktober 2020.

Kartverket Møre og Romsdal er sekretariat for fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal, og utarbeider utkast til nye geodataplanar. Utkastet er basert på mottekne innspel om kartleggingsbehov, ønska prioriteringar frå partane i fylket og føringar gitt frå myndigheitene.

Det er fylkesgeodatautvalet for Møre og Romsdal som vedtar geodataplanen og hovudsatsingsområda i planperioden.

Fokusområde og satsingar i planperioden 2021 - 2024

Fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal vil ha følgande satsingsområde i planperioden:

  • Kvalitetsheving av FKB-data (ref. kap 4.1.1/4.1.4)
  • Kvalitetsheving av Matrikkelen (ref. kap. 4.1.4)
  • Kvalitetsheving og geosynkronisering av kommuneplan (ref kap 4.2)
  • Prosjektet marine grunnkart (ref. Kap 4.3)

Geodataplanens oppbygging

Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Arbeid som dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje er omfatta av samarbeidet, er ikkje ein del av denne geodataplanen.

Planen består av to delar:

  • Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dette dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Her er det ei kort innføring i korleis Noreg digitalt-samarbeidet er organisert og kva som er dei viktigaste rammevilkåra for samarbeidet lokalt. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
  • Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.

I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt.

Del