Klassifikasjon av tilgjengelegheits-data
Klassifikasjonane er utvikla for å sikre ei einskapleg kartlegging, som gjev eit solid og samanliknbart datagrunnlag på tvers av kommunane.
Kartverket har saman med fleire organisasjonar komme fram til ein skala som skal nyttast til å vurdere eit område, til dømes eit inngangsparti eller ein veg. Kriteria for vurderinga er avhengig av objekttypen, og kan variera etter plasseringa til objektet og korleis objektet er knytt til andre objekt. Slik kan det bli mange faktorar som bestemmer om eit objekt oppfyller definerte minstekrav eller ikkje.
Kvart objekt som blir registrert skal graderast etter kategoriane i tabellen nedanfor:
Gradering | Beskriving |
---|---|
Tilgjengeleg | Oppfyller minstekrav* til tilgjengelegheit |
Delvis tilgjengeleg | Oppfyller delvis minstekrav |
Ikkje tilgjengeleg | Oppfyller ikkje minstekrav |
Ikkje vurdert | Bygg, vegar og andre objekt som ikkje er vurdert. Dette kan vere tilfelle til dømes når bygging er i gang og det ikkje er mogleg å registrere alle eigenskapar som trengs for å gjere ei vurdering |
* Basert på:
- Byggteknisk forskrift (TEK17)
- Prosjekteringsverktøy for publikumsbygg etter TEK17
- Norsk Standard NS 11005-2011
- Bygg for alle - Temarettleiing om universell utforming av byggverk og uteområde
Oversikt over klassifisering
- Klassifisering av tilgjengelegheit i tettstadar for manuelle rullestolar.pdf
- Klassifisering av tilgjengelegheit i tettstadar for elektriske rullestolar.pdf
- Klassifisering av tilgjengelegheit i friluftsområde for manuelle rullestolar.pdf
- Klassifisering av tilgjengelegheit i friluftsområde for elektriske rullestolar.pdf
Klassifikasjonane er under kontinuerleg utvikling. Sjekk at du har den siste versjonen før du tek klassifikasjonslistene i bruk.
E-posten er sendt