Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

To sjøkart i Nordland i nye utgåver

Hovudseriekart nr. 69 og 72 dekker farvatn frå Tranøy – Raftsundet og Lofotodden – Stamsund. Karta har mange oppdateringar, særleg på lykter og sjømerke.

Karta blir ikkje trykte, men blir plotta på bestilling gjennom Print on Demand-tenesta. Tidlegare utgåver er no ugyldige.

Hovudseriekart i nye utgåver:

  • Sjøkart nummer 69 Tranøy – Raftsundet
  • Sjøkart nummer 72 Lofotodden – Stamsund

Karta er i målestokk 1:50 000 og inngår i Kartverkets hovudkartserie, som i første rekkje er navigasjonskart for indre kyststrøk.

Kjøpe sjøkart

Kartverket sel ikkje papirkart, men lagar kartfiler som forhandlarar trykkjer for deg, såkalla Print on Demand-kart (POD).

Sjå oversikt over Kartverkets forhandlarar som du kan bestilla papirkart hos.

Endringar i sjøkartet

Karta er også oppdatert med mange endringar og rettingar meldt i Etterretningar for sjøfarande (Efs). Fleire sektorlykter er omskjerma til IALA-systemet, som kan vere omfattande endringar i karta. Les meir om overgangen til IALA-standard på Kystverkets nettsider.

Andre rettingar kan vere sjømerke, fartsavgrensingar, røyrleidningar, grunnerapporteringar, utfyllingar og anna. I tillegg til endringar tidlegare meldt i Efs, er sjøkarta oppdatert med andre endringar, som kan vere nye kaier, moloar og nymålingar i større og mindre grad. Stadnamn er oppdatert etter opplysningar henta frå Sentralt stadnamnregister (SSR).

Alle sikkerheitskritiske oppdateringar og rettingar til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs, kartverket.no/efs.

Slik er karta merkt:

Ny utgave 11/2024. POD: 15. november 2024. Rettet t.o.m. Efs nr. 21/24.

Elektroniske sjøkart

Områda som blir dekte av sjøkarta er òg dekt av ENC-er (elektroniske kartceller).

Fakta Ny utgåve av sjøkart

Ein ny utgåve av eit eksisterande sjøkart inkluderer endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjort i Etterretningar for sjøfarande (Efs). Store deler av kartet er uendra.

Når ein «ny utgåve» er utgitt, blir tidlegare utgåver av sjøkartet forelda og dermed ugyldige.

Kartnummeret endrast ikkje, med unntak av tilføying av INT-nummer når sjøkartet blir eit internasjonalt kart (INT-kart).

Norske sjøkart blir utgitt som POD-kart, ny utgåve og nytt kart. 

Kontakt

Anita Sunde

Seksjonssjef i kart- og geodataseksjonen, Kartverkets sjødivisjon

anita.sunde@kartverket.no

Tlf. 51 85 88 69 / 959 61 301

Share
XPPT