Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Viktig informasjon om komande endringar i matrikkelen og grunnboka

Frå 1. januar 2024 blir det endringar i fylkes- og kommunestrukturen. Dette vil påverke matrikkelføring, matrikulering og innsending av saker for tinglysing. Les vidare for å få oversikt over konsekvensane og kva du bør gjere.

Stortinget vedtok 14. juni 2022 at tre fylke skal bli til sju, og ein kommune skal delast. Når 114 kommunar får nye kommunenummer vil det få følgjer for over 2 millionar innbyggjarar. Kartverket estimerer rundt 50 millioner endringar i matrikkelen og grunnboka som følgje av dette. For å sikre kvaliteten på oppdateringane, vil matrikkelen og grunnboka bli stengt for oppdatering i løpet av desember 2023.

Viktige tidsfristar

  • Matrikkelen stenger: Fredag 15. desember kl. 18.00
  • Grunnboka stenger: Fredag 29. desember kl. 20.00

For å redusere risikoen, rår vi til at kommunar i størst mogeleg grad ferdigbehandlar alle saker som skal sendast til tinglysing innan 1. desember.

Kommunane må vere særskilt merksame på at følgjande sakstypar blir behandla innan fristane.

Sakstypar

Særskilt om føring av konsesjonsopplysningar

Stenginga av matrikkelen fører også med seg at konsesjonsmodulen er stengt for registrering av konsesjonsvedtak og eigenerklæringar om konsesjonsfridom.

Det får følgjande konsekvensar:

  1. Alle eigenerklæringsskjema som kommunen har fått inn og bekrefta tidligare, og alle konsesjonsvedtak som er treft må vere registrert i konsesjonsmodulen innan fredag 15. desember kl. 18.00.
     
  2. Kommunen må organisere arbeidet med eigenerklæringar som kommunen får inn og konsesjonsvedtak som blir treft i tidsrommet 15.12.2023 – 01.01.2024. Vår tilråding er at det blir avklara med ervervaren om heimelsdokument skal sendast inn for tinglysing i samme tidsrom, og at kommunene innrettar behandlinga etter det.
     
    a) Viss heimelsdokumentet skal tinglysast i det nemnde tidsrommet, må eigenerklæringa sendast til erververen med kommunen sin originale signatur og stempel.
     
    b) Når kommunen sender tilbake ei slik stadfesta eigenerklæring, eller viss kommunen treff og sender ut eit konsesjonsvedtak innanfor same tidsrom, må søkjaren få informasjon om at eigenerklæringa/vedtaket må sendast inn til tinglysinga i same konvolutt som heimelsdokumentet. Kjem konsesjonsinformasjonen inn til oss i ei anna forsending enn heimelsdokumentet, vil heimelsdokumentet som hovudregel bli returnert utan tinglysing.
     
    c) Viss heimelsdokumentet ikkje skal sendast inn til tinglysing før etter 1. januar 2024, kan kommunen behalde dei innkomne eigenerklæringane, og registrere både dei og eventuelle konsesjonsvedtak som er treft tysdag 2. januar 2024.

Eigedomsnemning Gamle eigedomsnemningar blir godtatt i 90 dagar

I samband med kommune- og fylkesendringane som skal gjennomførast 1. januar 2024 vil vi på same måte som ved tidlegare endringar i kommunenummer godta gamle eigedomsnemningar (kommunenummer, gardsnummer, bruksnummer) i dokument til tinglysing i ein periode på 90 dagar etter nyttår. Dette gjeld både den digitale valideringstenesta og for innsending til tinglysing digitalt og på papir.

Dette gjeld for alle dokument til tinglysing. Av omsyn til mest mogeleg klare dokument oppmodar vi likevel om at dei nye kommunenummera blir nytta så snart dei er gjeldande.

Sjå oversikt over kommunar som får nytt kommunenummer (regjeringen.no)

Digital innsending av skøyter og skøytepakker til tinglysing

Skøyte og skøytepakker kan sendast inn digitalt til tinglysing i tidsrommet mellom 15.12.23 kl. 18.00 og fram til 29.12.2023 kl. 20.00  dersom:

  • konsesjonsvedtak eller eigenerklæring om konsesjonsfridom er registrert i konsesjonsmodulen før matrikkelen stengjer, eller
  • det ikkje krevs registrering av konsesjonsvedtak eller eigenerklæring om konsesjonsfridom

Viss desse vilkåra ikkje er oppfylte må skøyter/skøytepakker sendast inn på papir til tinglysinga saman med eigenerklæringa/vedtaket i original form, som skildra i avsnittet ovanfor.

Altinn

Altinn er også stengd for digital innsending til tinglysing frå 29.12.23 kl.20.00. 

Kontakt

Share
XPPT