Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Status kartlegging i Møre og Romsdal

Vil du ha ferske laserdata eller dei siste ortofotoa over Møre og Romsdal? Her finn du ein oversikt over pågåande kartleggingsprosjekt i regi av Geovekst i fylket.

Sunnmøre nord LASER 2024

Geovekstprosjektet omfattar laserskanning med punkttettleik på 10 punkt/m2 for eit område på omlag 740 km2 i Ålesund, Haram, Sula, Giske, Stranda, Sykkylven og Fjord kommunar. Oppdraget er tildelt Field.

Kartutsnitt Sunnmøre nord LASER 2024.JPG
SUNNMØRE NORD LASER 2024: Området er vist i rosa skravur. Ill: Kartverket.

Sunnmøre nord 2024

Geovekstprosjektet omfattar område i kommunane Ålesund, Haram, Sula, Giske, Stranda, Sykkylven og Fjord.

I dette prosjektet skal vi flyfotografere og få produsert ortofoto for eit område på omlag 300 km2. Vi skal ajourføre FKB-data i eit område på omlag 650 km2. Oppdraget er tildelt Hexagon.

Kartutsnitt Sunnmøre nord 2024.
SUNNMØRE NORD 2024: Vi skal ajourføre FKB-data i eit område på omlag 650 km2. Område med FKB-B standard er i grønn skravur, FKB-A standard i rosa. Ill: Kartverket.

Nordmøre FKB-C

Vi skal nykonstruere FKB-data etter C-standard i eit område på omlag 3986 km2. Det er ingen ny datafangst i dette prosjektet, vi skal nytte bileta frå omløpsfotograferinga frå 2022. Oppdraget er tildelt Field.

Kartutsnitt Nordmøre FKB-C
FKB-C: Det er store område som no skal få ferske data, her vist i grøn skravur. Ill: Kartverket.

Sunnmøre sør laser 2023

Geovekstprosjektet omfattar laserskanning med punkttettleik på 10 punkt/m2 for eit område på omlag 419 km2 i Volda, Ørsta, Sande, Herøy, Hareid og Ulstein kommunar.

Datafangst er ferdig, og punktskya er tilgjengeleg i forvaltingsløysinga høydedata.no.

Sunnmøre sør 2023

Geovekstprosjektet omfattar område i kommunane Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Hareid og Ulstein.

I dette prosjektet skal vi flyfotografere og få produsert ortofoto for eit område på omlag 1427 km2, som vist på kartutsnittet under. Vi skal ajourføre FKB-data i eit område på omlag 628 km2. Oppdraget er tildelt Field.

Vêrgudane var ikkje på vår side i 2023, og kun 60% av området var fotografert. Dei 40% som står igjen vil etter planen bli fotografert i 2024. Førebels ortofoto frå 2023 ligg på norgeibilder.no.

Share
XPPT